No i helga var me i Veracruz (byen altså), for denne byen som ligg ca. 2 timar frå Xalapa, kan verkeleg å feire karneval - faktisk ein av dei byane i Mexico som har størst feiring av karneval. Det var mykje folk, mange fargar, mange lettkledde kvinner (og menn, forsåvidt), mykje dansing etc. Skal legge ut bileter seinare, men eg tok ikkje med kamera til sjølve parada fordi eg er ein paranoid nordmann. Me fekk "låne" eit tomt hus med ein kompis av ein kompis, og sto på taket for å fylge med på parada. Veldig veldig kult! Veracruz er ein relativt skiten by, men eg likte meg der likevel. Den eine dagen reiste me til stranda, og eg kan ikkje få sagt kor godt det var for sjela mi å høyre, lukte og sjå havet.
... read more