Veracruz: Karneval!


Advertisement
Mexico's flag
North America » Mexico » Veracruz » Xalapa
February 22nd 2007
Published: February 22nd 2007
Edit Blog Post

Hus frontHus frontHus front

Huset eg bur i. Kallar det ikkje heime akkurat, men vakkert er det i alle fall.
No i helga var me i Veracruz (byen altså), for denne byen som ligg ca. 2 timar frå Xalapa, kan verkeleg å feire karneval - faktisk ein av dei byane i Mexico som har størst feiring av karneval. Det var mykje folk, mange fargar, mange lettkledde kvinner (og menn, forsåvidt), mykje dansing etc.
Skal legge ut bileter seinare, men eg tok ikkje med kamera til sjølve parada fordi eg er ein paranoid nordmann. Me fekk "låne" eit tomt hus med ein kompis av ein kompis, og sto på taket for å fylge med på parada. Veldig veldig kult!

Veracruz er ein relativt skiten by, men eg likte meg der likevel. Den eine dagen reiste me til stranda, og eg kan ikkje få sagt kor godt det var for sjela mi å høyre, lukte og sjå havet. Fjell og skog er vel og bra, men det er noko med havet/fjorden som eg rett og slett er avhengig av. Våt på beina vart eg óg - slikt som skjer når ein prøvar å leike med bølgene (springe om kapp). Nuvel.

Etter nokre dagar fri, mandag og tysdag, som stort sett gjekk med til hardt tiltrengt svevn, har eg no hatt nokre
Hus baksideHus baksideHus bakside

Anna vinkel.
fine dagar på skulen. No i dag var me faktisk på museum, eit av dei største og mest kjente antropologiske museuma i Mexico. Veldig stort og litt for langdrygt, men utruleg mykje fint. Mayane og andre sine kulturar er verkeleg imponerande!

Har elles tatt litt bilete av huset mitt (ikkje av familia mi, sidan dei aldri er heime) og mine elskede hundar.
Ikkje så mykje anna som har skjedd, som er verdt å fortelje, anna enn at eg framleis har det kjempebra og storkosar meg (for tida i 25 varmegrader, MOUAHHAHAHAHAHAHA). 😉

Må ta resten seinare, no er det middag! DIOS MIO - TENGO HAMBRE!


Additional photos below
Photos: 13, Displayed: 13


Advertisement

Utsikt frå taketUtsikt frå taket
Utsikt frå taket

Ah, eg elskar taket mitt.
Utsikt frå taketUtsikt frå taket
Utsikt frå taket

Denne vegen går eg til skulen.
Utsikt mot rommetUtsikt mot rommet
Utsikt mot rommet

Rommet mitt, frå taket. Det einaste rommet i huset som er i "2. etg."
Rommet mittRommet mitt
Rommet mitt

Jepp. Der bur eg.
Fine vinduetFine vinduet
Fine vinduet

Vinduet, frå innsida.
Mi amorMi amor
Mi amor

Min beste venn i huset, ei nydeleg boxertispe. Ho bur på taket, saman med meg.
JogiJogi
Jogi

Jogi forgudar meg, og fylger etter meg overalt. Tullehund. Ein dag kjem eg til å trakke på han.
Utsikt frå taket mot hagenUtsikt frå taket mot hagen
Utsikt frå taket mot hagen

Typisk for mexicanske hus her: hemmeleg hage i midten av huset.
Huset mittHuset mitt
Huset mitt

Patioen, eller kva eg skal kalle det.
HagenHagen
Hagen

Hagen min:)


22nd February 2007

Aaah México!
Blir heilt heimlengselssjuk av å sjå så typiske meksikanske hus *sigh* *Spark frå babyen i magen* Chiquitin saknar tía Siriana!!! :S

Tot: 0.076s; Tpl: 0.014s; cc: 8; qc: 50; dbt: 0.0399s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb