12. februar: Sjuk igjen


Advertisement
Mexico's flag
North America » Mexico » Veracruz » Xalapa
February 12th 2007
Published: February 13th 2007
Edit Blog Post

Eg skjønar ikkje korleis det skal vere mogleg å verte sjuk heile tida. Magen min er no relativt beinhard (bank i bordet) og eg har fått smaken på jalapeños (dei er sterkare enn dei heime, for dei er ferske), men trur de ikkje at eg har gått hen og blitt forkjøla?! Snufs snufs, og snyt snyt - eg nys ca. 80 gongar i timen og produserar "snår" (snørr) som berre juling. Skulen går ganske bra, har berre hatt skuledag nr. 2 i dag sidan me har fri på fredagar (lang helg, oh joy). Har stort sett spelt biljard med gutane (hysterisk morosamt å spele mexicansk biljard sidan me er opptil 10 pers om gongen), vore på "La Chiva" (stamplassen vår - litt som "Cafe Sør" i Oslo) og drukke te og reist rundt.

Mine mexicanske vennar har BILAR og køyrer oss gjerne rundt omkring til dei nydelege små landsbyane rundt Xalapa. På fredag var me (Sarah, Ellie (Sarah sin "tutor") og eg) i Coatepec, også kalla "Kaffibyen" pga. sitt rykte for den gode kaffien. Nydeleg dag og fantastisk by - fekk til og med med oss eit lite mexicansk bryllaup! Var der berre ein liten tur, og rakk ikkje ein gong å smake på kaffien - men gjett om eg skal tilbake dit.
På laurdag var Sarah og eg til manikyr og fekk fiksa neglene våre til den nette sum av 80 pesos (46 kroner) sidan det var Sarah sin bursdag. Etterpå var det fest hjå Sarah og hennar mexicanske familie - eg trossa sjukdom og tok på meg min vakre grøne kjole - og me åt kake og mexicansk "snack" som liknar svært på norsk "snack". Skulle slå ihel ein piñata (sånn der dokkegreier med masse godteri inni), men det regna så fælt at me skal ta det att. Laurdagen regna fullstendig vekk - vegane vart til fossar - og eg vart sjølvsagt fanga i ei elv på veg heim frå manikyren.

På søndag var me (Eduardo, eg, Sarah, Ramondo, Sean og J.C.) i Xico for å sjå på "Las cascadas de Texolo" - desse fossefalla er ganske kjende, og vart blant anna brukt til filminga av Hollywoodfilmen "Romancing the Stone" ("Jakten på den grønne diamant" frå 80-talet(?) for dei som har sett den. Nydeleg område, veldig Indiana Jones-aktig. Eg følte meg som ein eventyrar, til tross for ei svært lite eventyrlysten, rennande nase. På vegen dit passerte me store banan- og kaffiplantasjar - naturen rundt omkring her er svært kupert terreng og mykje MYKJE skog, men trea og fuglane er så utruleg annleis i forhold til Noreg! ..Som de vil få sjå på bileta.

"Daten" min her om dagen gjekk svært bra. Eg likar ikkje ein gong konseptet med dating, det passar liksom ikkje inn i den norske kulturen, men eg tvang meg sjøl til å seie ja, for - dersom eg kan klare å halde ein samtale på spansk med ein gut åleine i ein bil langt oppe på eit fjell med ein kaffi i handa - så kan eg klare ALT. Og ja, det gjekk ganske bra (mest å takke Hector for å vere ein pratmakar og veeeeeldig forståelsesfull for min elendige spansk). Hector er snart utdanna doktor, og vil heile tida prakke på meg skumle medisinar no når eg er sjuk. Eg seier nei takk og held meg til mine ibux..
Me har det svært artig ilag alle saman, blir berre meir og meir glad i "gutane mine" og Sarah er absolutt mi beste venninne her. I tillegg er Shamira og Laura bra jenter til tross for store skilnadar i interesser.
Haldninga er svært "we're in this together", og dersom nokon kjenner seg trist eller har heimlengt, er dei andre aldri langt unna med masse klemmar og trøstande ord.

Familia mi: Eg er rett ut dritlei. Eg betalar nesten 6500 pesos i mnd (noko som er ca. hysteriske 3400 kroner!) for rommet mitt som er svært fint - men eg ser om lag aldri familia (Maria Clara og dustedottera hennar Clarita). Dei verkar ikkje interessert i å bli nærare kjent med meg og eg har ete middag åleine med hushjelpa Lucia litt for mange gongar no. Dei er hyggelege, men ikkje noko meir enn det. Not good enough.
Maten er kjempegod, men trur eg kan bu billigare og ete ute kvar dag for same prisen..Held meg stort sett saman med vennar og drit ærleg talt i familia mi. Det vil seie at dei får ikkje særleg positive vibbar frå meg heller, men eg er den som er framand i familia og eg synes dei kunne gjort ein innsats for å bli kjent med meg. Dei andre eg har prata med som bur i familie har det kjempeartig, med store familiemiddagar etc.
Har ein plan om å stikke av frå desse folka, men veit ikkje heilt korleis eg skal ordne det dog.
(IKKJE bli bekymra, kjære tanter og foreldre, eg har det kjempefint, er berre litt sur på vertsfamilia mi!)

Nuvel. I morgon er det nok ein skuledag, har klasse 5 dagar i veka kl. 8.30 - alt for tidleg når det er so mykje sosialt samvær på kveldstid.. I morgon etter skule skal Hector, eg og dei andre kjøpe inn masse god mat til ein hivens BBQ som Hector skal halde på onsdag. Då skal vi feire at dei fleste av oss er single, i protest mot "Valentines Day".

Forresten: Har fått alle kommentarar, meldingar og epostar de har sendt - varmar veldig, så berre hald fram med det! 😊


Advertisement



21st February 2007

Update søkes..
Vil snart ha meir oppdatering søta!! Reknar med at alt er vel, men vil jo gjerne lese litt :) Har ikkje msn for tida pga idiotmsn som fuckar opp alt mogleg. Jaja. Glad i deg vennen! Hels México frå oss!

Tot: 0.07s; Tpl: 0.01s; cc: 9; qc: 47; dbt: 0.0362s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb