Helga 15. til 17. mars reiste me til El Tajin, nokre gamle indianarruinar som er av dei finaste og best bevarte i Mexico. Foreldra til Sarah, Paul og Elizabeth, leigde bil, og tok med Sarah, Eli, Laura, Shamira, Sean og meg. Det var ganske fantastisk, desse to Texanarane, som ikkje kjente oss ein gong, tok oss med og betalte for heile kalaset. Turen tok rundt 5-6 timar med køyring heile vegen, og turen frå Xalapa til Poza Rica (der me budde på hotell, ca. 30 minutt frå El Tajin) var noko av det mest spesielle eg nokon gong har vore med på. Eg, Laura og Sean satt nemleg bak på planet (det var ein 5-seters "truck"), altså satt me tre under open himmel bak på "planet" (orsak, ikkje har eg greie på bilar og ikkje
... read more