28. februar: Observasjonar


Advertisement
Mexico's flag
North America » Mexico » Veracruz » Xalapa
February 28th 2007
Published: February 28th 2007
Edit Blog Post

* Når innbyggarane i Xalapa skal samle inn søppel, spring det fyrst ein gut rundt omkring i gatene med ei kubjelle. Det ein må lytte etter altså, er kubjella, som betyr at "bosguten" (og dermed også bosbilen) er i nærleiken. Det er nærmast som ein leik - ein må vere på vakt for å rekke bosguten, og seie frå at du har bos. Eg har sett vaksne mennesker springe etter bosguten for å nå han att fordi dei var seint ute - og bosguten (bosgutane, det er sjølvsagt fleire av dei) spring fort. Det er verkeleg eit syn.

* Kakkerlakkane her er SCHVÆRE. Ein kveld eg satt foran laptopen min på rommet mitt, oppdaga eg noko i augekroken ved sidan av laptopen. Kika litt nærmare etter, og verdas største kakkerlakk satt og kika på den eine USB-inngangen på laptopen min. Den kakkerlakken lev ikkje lenger. Men det var kanskje dei 10 verste minutta eg har hatt her, før og medan eg drap den. Heldigvis er huset mitt så reint at det er sjeldan dei dukkar opp.

Ah, var så sikker på at eg hadde fleire observasjonar, men dei forsvann visst. Slike merkelege ting hender heile tida her, verkar det som. Ting som hadde vore heilt utenkjelege heime, men som er heilt vanleg her.
Akkurat no sitt eg på rommet mitt, det er umogleg å vere ute i sola, det er rett og slett for varmt. Det er ikkje noko artig ein gong. Solsteik i asfaltbyar er ikkje noke særleg, men eg klagar absolutt ikkje - den siste veka har veret vore heilt guddommeleg. Forrige helg var me på stranda (ja ekte sandstrand med varmt vatn å bade i og allting) og åt nyskrella melon og drakk kokosmelk. Eg har store problem med å eigentleg skjøne korleis det er mogleg at eg er her, på ei sandstrand i bikini under ei steikande sol I FEBRUAR. Trudde ikkje at det ville vere så fint ver her på denne tida av året, men det er altså norsk sommar for full guffe her. Akkurat no er det berre fint, men må innrømme at eg gruar meg til mai-juni-juli...

Romansane poppar opp her og der no, trur det må vere noko med sola.. Alle er så glade og alle har det så bra - og dersom nokon har ein dårleg dag er det minst 5 stykker som gjer sitt beste for at du skal få det betre. På grunn av dette samhaldet har eg eigentleg ikkje hatt heimlengt i det heile tatt. Det einaste minuset er familia mi, som eg framleis ikkje kjem overeins med, men det har sine lyspunkt også (som å sleppe å vaske og lage mat).
Skule går bra, prøvar å jobbe ein del med det, men har funne ut at eg eigentleg lærer raskare ved å omgås folk. Me prøvar å vere flinke og snakke spansk med kvarandre men det går ofte i engelsk også. Norsk har eg boikotta, og snakkar spansk el. engelsk med dei andre nordmennene her (som eg forøvrig ikkje er så mykje saman med).
No er det straks middag, men skal oppdatere litt med bileter seinare dersom eg rekk det.
I kveld er det fotballkamp mellom Mexico - Venezuela, og me har reservert bord på ein skikkelig brun pub med storskjerm. VIVA MEXICO!

Advertisement



1st March 2007

Åhhhh heldiggrisen
Steik kor deilig det hørtes ut - ikkje særlig misunnelig nei. Her snøva det fortsatt og me gler oss til våren kjem. TIPS - IKKJE lengt heimatt - berre kos deg alt du kan, MEDAN du kan! Du er heime igjen før du ana det...og då kjem du til å lengte tilbake - du får aldri denne tida igjen! Hmm, no hørtes eg litt gammal ut, "but take it from an experienced globetrotter"...stay and enjoy it while u can...(og ikkje snakk norsk nei, veldig veldig DUMT!) Ej vil sjå BILDER!! BILDER! BILDER! Stor klem....! (Lill)

Tot: 0.07s; Tpl: 0.009s; cc: 8; qc: 49; dbt: 0.0398s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb