Hei hallan, då var tida gått fort og lite skrive her. For å kome fram til dagen i dag må ei lita oppsummering til. Det vil skje kort og konsist, utan for mange friske detaljar. Etter Voi tok Aleksander og eg turen til Mombasa, hang der i to dagar, åt enorme mengder indisk mat, for så å ta oss til Zanzibar. Der skjedde det ingenting uventa. Vi bada, lo, vart solbrende, åt dyr mat og hadde det fint. Slaraffen er ok i nokre dagar. Reiseruta heimover var enorm. Ikkje til å tru at vi hadde valt reiseruta sjølv. Avreise frå hotellet på Zanzibar klokka 1500. Flyet framme i Dar 1730. Avreise Dar 05.30 dagen etter. Ei natt på flyplassen i Dar er ikkje mykje å samle på. Etter mykje venting i flyet i Dar landa vi
... read more