Letapaka

Steinar Joh
Joined: July 12th 2007
Logged in: October 25th 2011
Avez-vous besoin d'information sur les endroits que j'ai visité? Envoyez-moi un message!

Need information on the places I've been in english? Send me a message!

Vil du han info om plassane eg har vore? Send meg ei melding då vel!

Eg reiser i verda i frå tid til anna. Og hatar aa lese korrektur. Tastatura er annleis her. Ha taal med trykkleifar, send mail om du ikkje forstaar. Hugs aa leggje godviljen til foer du ber om forklaring.





Travel Blog Posts



Det er no ein og ein halv månad sidan eg kom til Cape Town. Tida har verkeleg flaksa av gårde. Kvardagen er komen for lenge sidan, noko eg set stor pris på. Det har teke meg nokon år å erkjenne det, men det er kvardagen I utlandet eg set pris på. Den første veka her var ikkje særleg bra. Vi hadde ikkje noko vi skulle gjere, anna enn å bli kjendt med jobbens rutinar og bla litt I nokre papirer. Med Kongo frisk I minne opplevde eg det heile som lite meiningsfullt. Samstundes måtte eg jobbe med å tilpasse meg Cape Town sine brutale kontrastar. Cape Town er ein fantastisk fin by, og den har alt ein normann kan førestille seg at han kan ha behov for, sett bort frå snø (kven vil vel ha det?!), ... read more

55TBviews


Eg spasserte over den trafikkerte vegen, myste litt mot sola og rusla vidare på fortauet. Ein mann kom op til meg haldt meg roleg rundt handleddet, og peikte på skoen. Eg kjende så ei hand på brystlomma mi, og instinktivt slo eg den hardt vekk. Eg sett auga i dei begge, dei så olmt på meg og trakk seg unna. Ikkje brått, ikkje som om dei flykta, men sakte medand dei såg på meg. Eg kokte. Eg raste. Eg freste. Eg prøvde å ta dei av dage med blikket mitt. Rundt gjekk folk forbi som vanleg. Dei to mennen forsvann utanfor synsrekkjevidda mi. Eg såg føre meg fleire scenarier, ein der eg kaldkvelde mannen, ein annan der eg spende han ned og ein tredje der eg vrei armen hans og haldt han i ro. Men eg ... read more

57TBviews


...og vips så var to veker gått. Det gjekk kjapt, og no sit eg plutseleg på Bryne. Fysisk er eg tilstades, mentalt heng eg litt etter. Kongo gjorde inntrykk. Somme av desse inntrykka blir presentert her i hulter til bulter. 26. juni var Madagaskar sin nasjonaldag. Kva er då meir naturleg enn å feire dagen med gassarar i Kongo? Å feire den saman med FN soldatar i frå Uruguay. Det var litt av ei forsamling, men trivleg nok søndagsunderhaldning. Vi spela Pro Evolution Soccer, Noreg mot Uruguay. Sjelden har det vore så irriterande å vere i frå Noreg, for landslaget vårt i fotball er ubrukeleg, og i alle fall på PlayStation. Gleda var difor stor, og dansen underleg, då eg skåra kampens første mål. Rolegare vart eg då Diego Forlan putta to. Bittert. FN si stjerne ... read more

53TBviews


Mørkre har lagt seg, ute regnar det. Gårdsplassen vert glimtvis opplyst av lyn, og i det fjerne høyrer eg tordenskrall. Eg befinn meg i Bukavu, i den austre delen av Den demokratiske republikken Kongo. Her er eg for å gjere intervjuer i samband med hovuoppgåva eg skal skrive neste vår. Omalg nokså nøyaktig midt i Afrika har eg vore i snart to veker. Reisa ned hit gjekk finfint, utan store utfordingar. Eg landa i Kigali, Rwanda tidleg på morgonen, og i møtet med stive prisar på taxi inn til sentrum, gjekk eg ut på motorvegen i søkjen etter ein buss. Etter mindre enn ti minutt stoppa ein sivil pickup og spurte om nokon ville vere med inn til byen. Klart det. Og vips så hadde eg fått ein stråklande start påopphaldet mitt på dette fascinerande kontinentet. ... read more

75TBviews


icon Letapaka
October 2nd 2009
Kvardagen har endeleg senka seg over livet til Johannessen. Etter to månadar med feire og ein månad der ting nesten er kome i gang er det godt å endeleg verkelge være i gong. Eg har slått rot nokså nøyaktig 30 min i frå universitetet og trivst med det. Etter å ha leita lenge og vel, budd på sofaen og litt rundt om kring var det glimrande å finne stad å bu. Eg hadde hatt det som premiss at eg ville bu med franskmenn, og det gjorde at det heile trakk litt ut. Eit innblikk i korleis det er her får det dersom eg beskriv ein kvardag og ei helg. Og det er nett eit innblikk eg vil gjer, og derfor følgjer ei beskriving av det som kan gje dette innblikket; kvardagen i Bordeaux. (Det er kanskje ... read more

77TBviews


I vekene eg gjekk på språkskule budde eg hjå ein vertsfamilie. Det var finfint det og alt det der; alt i alt ikkje så grenselaust interessant. Likevel vil eg berette ei lita hending, som fekk meg til å trekkje på smilebanda. Eg hadde eige rom, og fine greier. På rommet var det eg trengde; seng, pult, stol og skap. Då familien hadde ein katt som tok (og framleis tar) seg til rette, hadde far i huset festa ein liten lås type krok på utsida av døra mi slik at eg kunne låse dersom eg gjekk ut. Denne nytta eg ofte, og det med stort hell. Eg såg aldri katten på rommet mitt. Familien eg budde hjå har to døttre, ei på to og ei på fire. Begge er tillitsfulle og likte å leike med meg medan ... read more

57TBviews


icon Letapaka
August 23rd 2009
Dagane går vekeleg i eitt og det blir lite tid til blogging. Likevel; her kjem ein liten smakebit av kva som skjer. Det blir ein del henging med andre folk som tar franskkurs; mange trivlege italienarar. På fredagen vart eg invitert med av Kristin (frå psyk fak, som er på utveksling samstundes med meg) og nokre italienarar til Biarritz. Det skal visst være sædeles fint der. Togturen var litt kostbar, og med tanke på at eg skal til Roma neste helg takka eg først nei. Dette var heilt til eg fann ut at eg kunne haike. Eg fekk med meg ei italiensk venninde som i utgangspunktet var skeptisk, men som ettter litt vart gira. Som sagt så gjort. Alt vi hadde som utgangspunkt var ei beskriving av korleis ein skulle kome seg til motorvegen som gjekk ... read more

38TBviews


Kanotur, det var eg jo på i helga som var. Eg vart plukka opp etter skulen, og vi sette nasen mot ein campingpalsse ved Liemeuil, som ligg ved elva Dordogne (som for øvrig renn ut i elva som munnar ut ved Bordeaux; Garonne.). Landskapet var nydeleg, været betre, og folka kanon. Faktisk framstid det meste eg såg som eit psot kort, nærmare ein karikatur av den berømte sørfranske landsbygda. Smale gater, små mursteinhus, mange upraktiske løysingar og ikkje minst eit lass med koselege spisestader! Eg fekk verkeleg nytta høve til å praktisere fransken. Eg registrerar at dersom det er ein temabasert samtale kan eg være med, er det berre preik om alt og ingenting har eg lite å fare med. Eg sov ute, det var kjempe, og fekk straks hardhaus stempelet. Dei skulle berre visst kva ... read more

31TBviews


No er eg godt i gang. Dagane rasar av garde! Franskkurset er intensivt, det er så vidt eg heng med. Har hastra gramatikkbøker for å gjere opp for det eg aldri gjorde på vidaregåande. Synd men sant. Dagane er intense, med kurs i frå ni til eitt, lunch i ein eller annan park, og så lesing på biblioteket til fem. Etter lesinga har dagane stort sett gått med til vandring, noko eg likar svært godt. Utan noko særleg mål anna enn å vandre. Bordeaux er ein liten by i verdssamanheng, men den storleiken er perfekt for meg. Her finn ein det meste ein kan kome på å trenge, og byen er stor nok til sjeldne folk er å finne på gatene. Eg likar meg godt når det er varmt. Og varmt er det her. Fantastisk! Ein ... read more

35TBviews


Hei hallan, då var tida gått fort og lite skrive her. For å kome fram til dagen i dag må ei lita oppsummering til. Det vil skje kort og konsist, utan for mange friske detaljar. Etter Voi tok Aleksander og eg turen til Mombasa, hang der i to dagar, åt enorme mengder indisk mat, for så å ta oss til Zanzibar. Der skjedde det ingenting uventa. Vi bada, lo, vart solbrende, åt dyr mat og hadde det fint. Slaraffen er ok i nokre dagar. Reiseruta heimover var enorm. Ikkje til å tru at vi hadde valt reiseruta sjølv. Avreise frå hotellet på Zanzibar klokka 1500. Flyet framme i Dar 1730. Avreise Dar 05.30 dagen etter. Ei natt på flyplassen i Dar er ikkje mykje å samle på. Etter mykje venting i flyet i Dar landa vi ... read more

41TBviews







Tot: 0.145s; Tpl: 0.015s; cc: 15; qc: 88; dbt: 0.0756s; 1; m:eros w:www (173.193.202.105); sld: 18; ; mem: 1.2mb