Kvardagsliv kan eg like

Africa » South Africa » Western Cape » Cape Town » Sea Point

South Africas flagPublished: September 25th 2011Africa » South Africa » Western Cape » Cape Town » Sea Point
September 25th 2011

Det er no ein og ein halv månad sidan eg kom til Cape Town. Tida har verkeleg flaksa av gårde. Kvardagen er komen for lenge sidan, noko eg set stor pris på. Det har teke meg nokon år å erkjenne det, men det er kvardagen I utlandet eg set pris på.

Den første veka her var ikkje særleg bra. Vi hadde ikkje noko vi skulle gjere, anna enn å bli kjendt med jobbens rutinar og bla litt I nokre papirer. Med Kongo frisk I minne opplevde eg det heile som lite meiningsfullt. Samstundes måtte eg jobbe med å tilpasse meg Cape Town sine brutale kontrastar.

Cape Town er ein fantastisk fin by, og den har alt ein normann kan førestille seg at han kan ha behov for, sett bort frå snø (kven vil vel ha det?!), ostehøvel og pålegg til skjeva. Maten er billig og god, sola er skin I regelen heile dagen, ein kan gå tur I fjellet, springe på prommendaen lags havet, ete god is og handle det ein måtte ha lyst på. I områda eg befinn meg I og som vert rekna som trygge for folk flest er alt ryddig, reint og ordentleg. På veg til frukost ein av dei første dagane såg eg ei dame som gjekk tur med hunden. Ho hadde med seg ein pose til å plukke opp eventuell avføring. Det sjokkerte meg.

Under denne fine overflata kjenner eg at det ligg eit eller anna. Eg får ikkje heilt fred. Glatt, reint, fint ordentleg og fint. Det liknar så lite på resten av det eg har sett på dette kontinentet. Likevel er ikkje opplevingar som liknar dei eg har hatt I austafrika langt borte. Fattigdommen. Elendigheita. Det er der, men eg opplever det som om ein har gøymt det bort.

Etterkvart som eg er komen meir inn I jobben har eg fått omstillt meg og justert forventingar eg ikkje visste eg hadde. Kvardagen, som eg no set så stor pris på, består I å kome seg opp litt før sju, kjør til jobb og byrje dagen omlag halv ni. Jobben består I å prøve å hjelpe born som har opplevd forferdelege ting til å forhalde seg til det som har skjedd med dei på ein måte som gjer at det ikkje pregar kvardagen I altfor stor grad. Det er utruleg engasjerande, intenst, givande, utfordrande og lærerikt. Når dagen er omme, har eg I regelen berre nok ork til å ta på ein liten springetur, før eg ser litt fotball på fjernsyn saman med sambuarane og så er det kveld I omlag kl kl ti.

Helgene er det I regelen lite som skjer. I alle fall for min del. Mykje Premier League frå England står på tapeten. Eg har sett alle United sine kampar så langt. Det er fint. Ellers trenar eg kanskje ein gong og surrar litt I sentrum. Les litt bok. Drikk ein kaffi. Snakkar litt med dei andre nordmenna her. Og gjer ingenting. På søndagen gler eg meg til å kome I gang med ei ny veke.

Og vips forsvann motivasjonen for å skrive meir. Det gjekk altså 6-7 veker før eg skreiv I frå Cape Town første gong. Kanskje går det 6-7 veker til neste gong. Tida vil vise. Eg er ferdig I praksis 4. november og har billett til Mada 16. november. Det vert flott.


Steinar Joh
Avez-vous besoin d'information sur les endroits que j'ai visité? Envoyez-moi un message! Need information on the places I've been in english? Send me a message! Vil du han info om plassane eg har vore? Send meg ei melding då vel! Eg reiser i verda i frå tid til anna. Og hatar aa lese korrektur. Tastatura er annleis her. Ha taal med trykkleifar, send mail om du ikkje forstaar. Hugs aa leggje godviljen til foer du ber om forklaring. ... full info
JoinedJuly 12th 2007 Trips0
Last LoginApril 28th 2012 Followers0
StatusBLOGGER Follows0
Blogs39 Guestbook27
Photos0 Forum Posts1
Blog Options
South Africa
South Africa mapSouth Africa flag
After the British seized the Cape of Good Hope area in 1806, many of the Dutch settlers (the Boers) trekked north to found their own republics. The discovery of diamonds (1867) and gold (1886) spurred wealth and immigration and intensified the subjug...more info

Blogged From
Visited Countries
TravelBlog Awards











Tot: 0.047s; Tpl: 0.003s; cc: 13; qc: 41; dbt: 0.0284s; 1; s:notus w:www (50.28.60.10); sld: 1; ; mem: 1.4mb