relasjonelle vendingar i Bordeaux


Advertisement
France's flag
Europe » France » Aquitaine » Bordeaux
August 5th 2009
Published: August 5th 2009
Edit Blog Post

No er eg godt i gang. Dagane rasar av garde! Franskkurset er intensivt, det er så vidt eg heng med. Har hastra gramatikkbøker for å gjere opp for det eg aldri gjorde på vidaregåande. Synd men sant.

Dagane er intense, med kurs i frå ni til eitt, lunch i ein eller annan park, og så lesing på biblioteket til fem. Etter lesinga har dagane stort sett gått med til vandring, noko eg likar svært godt. Utan noko særleg mål anna enn å vandre. Bordeaux er ein liten by i verdssamanheng, men den storleiken er perfekt for meg. Her finn ein det meste ein kan kome på å trenge, og byen er stor nok til sjeldne folk er å finne på gatene.

Eg likar meg godt når det er varmt. Og varmt er det her. Fantastisk! Ein må sitje ganske så i ro på biblioteket for ikkje å svette. Det vil seie; for ikkje å svette der kroppen ikkje er i kontakt med noko anna. For svette gjer ein uansett. Eg likar å studere, men det kjennes litt paradoksalt å studere medan det er bånngass sumar utanfor.

Gjennom ei venninde på skulen har eg kome i kontakt med ein flott ungdomsgjeng som dreg meg med på mykje artig. Torsdag var det fotball, laurdag piknikk (som vart innandørs då det faktisk regna litt) og søndag var det lunch på byen. Eg er van med å prate med folk, og det kjennes derfor underleg å sitje med gjeipen gjenlaten når ein er med folk. Men; det er vel slik det blir når ein møtar den meir eller mindre kjende språkbarriera. Likevel, litt får eg sagt, og eg lærar for kvar dag som går. Kjekke folk treff ein og gjennom språkkurset. Har kome blitt kjend med to tre italienarar, trivelege folk. I og med at vi talar fransk blir også samtalane her litt halvvegs, men kjekt er det. Dersom det blir for slitsomt med frammande tungemål har eg alltid Kristin frå klassen. Ho kom i helga og skal være her i Bordeuax saman med meg fram til desember. Kjekt det!

Når det er eg som talar om folk i utlandet er det ikkje til å kome utanom gassarane. Eg har funne ein gassisk resturant, og prøvd å gå innom fleire gonger. I går lukkas eg å treffe då den var open. Målet var å få formidla at eg såg etter ein plass å bu (som før nyttar eg den relasjonelle framgangsmåten), men for å få kommunisert det måtte eg ha ei unnskulding. Gassarar er glade i risen sin, så eg satsa på at dei ville forstå at eg leita etter gassisk ris. Som sagt så gjort; eg spurde etter gassisk ris. Han lo! Og byrja å forklare korleis eg kunne få fatt i det, men at det var vanskeleg. Litt etter litt fekk eg ytra behovet mitt for ein plass å bu og, så klart, han skulle seie frå om han fant noko. På skulen i dag var det lagt igjen beskjed på telefonsvararen min. Det var gassaren; han hadde skaffa meg ris! DÅ eg ringde opp igjen ville kona tale med meg, og det viste seg då at ho hadde litt liggjande og at eg berre kunne få den! Kjempe! I kveld var eg innom å henta ein dose, så no vert det fest!

Advertisement



19th August 2009

dra maks
morro å lese Steinar. Det ser ut som at du er deg selv og har det bra :) Fin presisering med svetten på biblioteket hehe

Tot: 0.072s; Tpl: 0.009s; cc: 6; qc: 44; dbt: 0.04s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb