Kanotur i eventyrland

Europe » France » Aquitaine » Dordogne

Frances flagPublished: August 23rd 2009Europe » France » Aquitaine » Dordogne
August 23rd 2009

Kanotur, det var eg jo på i helga som var. Eg vart plukka opp etter skulen, og vi sette nasen mot ein campingpalsse ved Liemeuil, som ligg ved elva Dordogne (som for øvrig renn ut i elva som munnar ut ved
Bordeaux; Garonne.). Landskapet var nydeleg, været betre, og folka kanon. Faktisk framstid det meste eg såg som eit psot kort, nærmare ein karikatur av den berømte sørfranske landsbygda. Smale gater, små mursteinhus, mange upraktiske løysingar og ikkje minst eit lass med koselege spisestader!

Eg fekk verkeleg nytta høve til å praktisere fransken. Eg registrerar at dersom det er ein temabasert samtale kan eg være med, er det berre preik om alt og ingenting har eg lite å fare med. Eg sov ute, det var kjempe, og fekk straks hardhaus stempelet. Dei skulle berre visst kva ein hardhaus i naturen er. Likevel; Utruleg kjekt å ha med sovepose og ligge underlag! Laurdagen gjekk med til å padle på elva og bade. Mykje bading, luch med batar, skinke og ost. Stor stas! På kvelden spelte vi bordtennis, og eg klimpra litt på ukulele’en eg har anskaffa meg. Kjempe koseleg.

Gjengen eg reiste med er for øvrig ei cellegruppe sett saman av ungdommar i frå ulike menigheitar, alle med eit meir eller mindre karismatisk tilsnitt. Kjempekjekt å merke at eg har god kjemi med fleire, trass i at språket ikkje er knirkefritt. Har ein halvvegs avtale med å prøve å finne ein stad å bu saman ein som heiter Pierre Emmanuel. Eller rettare sagt; PE og broren skal finne seg ein stad og bu, og dei skal la meg få bu med dei dei månadane eg her! PE verkar som ein finfin kar, uhøgtidleg og fotballinteressert, samstundes som at han har tilsvarande verdiar som meg. Det trur eg blir bra. Satsar på at broren og er ein fining. Den einaste ulempa med dette prosjektet er at dei ikkje har funne nokon stad å bu, og at eg ikkje har stad å bu etter august. Eg veit med andre ord ikkje kvar eg skal sove den kvelden eg kjem heim i frå Roma. Eg legg det i hendene til Han der oppe, og lar det stå til. Sofaar er det over alt, ein eller annan må vel kunne synast at det er OK å ha meg sovande der ei natt. (Det blir nok skipp og hoy det, for å sitere BK).


Steinar Joh
Avez-vous besoin d'information sur les endroits que j'ai visité? Envoyez-moi un message! Need information on the places I've been in english? Send me a message! Vil du han info om plassane eg har vore? Send meg ei melding då vel! Eg reiser i verda i frå tid til anna. Og hatar aa lese korrektur. Tastatura er annleis her. Ha taal med trykkleifar, send mail om du ikkje forstaar. Hugs aa leggje godviljen til foer du ber om forklaring. ... full info
JoinedJuly 12th 2007 Trips0
Last LoginApril 28th 2012 Followers0
StatusBLOGGER Follows0
Blogs39 Guestbook27
Photos0 Forum Posts1
Blog Options
France
France mapFrance flag
Although ultimately a victor in World Wars I and II, France suffered extensive losses in its empire, wealth, manpower, and rank as a dominant nation-state. Nevertheless, France today is one of the most modern countries in the world and is a leader am...more info

Blogged From
Visited Countries
TravelBlog Awards











Tot: 0.022s; Tpl: 0.003s; cc: 10; qc: 21; dbt: 0.0114s; 1; s:notus w:www (50.28.61.183); sld: 1; ; mem: 1.1mb