Hei hallan, då var tida gått fort og lite skrive her. For å kome fram til dagen i dag må ei lita oppsummering til. Det vil skje kort og konsist, utan for mange friske detaljar.
Etter Voi tok Aleksander og eg turen til Mombasa, hang der i to dagar, åt enorme mengder indisk mat, for så å ta oss til Zanzibar. Der skjedde det ingenting uventa. Vi bada, lo, vart solbrende, åt dyr mat og hadde det fint. Slaraffen er ok i nokre dagar.
Reiseruta heimover var enorm. Ikkje til å tru at vi hadde valt reiseruta sjølv. Avreise frå hotellet på Zanzibar klokka 1500. Flyet framme i Dar 1730. Avreise Dar 05.30 dagen etter. Ei natt på flyplassen i Dar er ikkje mykje å samle på. Etter mykje venting i flyet i Dar landa vi i Nairobi, bare for å gå rett på neste fly til Amsterdam. Der landa vi rundt 16.00. DÅ hadde eg vore på tur i 24 timar. Og her skulle eg av. Resten av gjengen var ikkje heime før seint, seint på kvelden.
I Amsterdam møtte eg mine foreldre, åt pizza og sov. Deretter gjekk turen til Bayeux, ein by i Normandie, men mykje minnesmerker i frå krigen. Krig byr meg i mot. Det er ikkje til å forstå at våpen er laga eine og åleine for å ta livet av andre menneske. Frå Bayeux retta vi nase sørover, kjøyrde innom La Rochelle, for så å kome til Bordeaux utpå kvelden.
Her budde vi på ein finsleg seng og frukost plass, og nytta dette som utgangspunkt for utforskinga av byen. Det er ein flott by, med stor varisajon, flott arkitektur og spennande folk. Eg kan traske rundt i gatene her i vekevis.
Slik, då er vi omlag kome til i dag. Eg bur kliss i sentrum av Bordeaux. I skrivande stund spelar gatemusikanten i gata mi på trekk spelet sitt. Han er litt flinkare enn dei i Bergen, men i lengda er trekkspellyd berre trekkspellyd. Staden eg bur er ein del av avtalen eg har med Alliance Francais som eg tek språkkurs hjå. Eg bur hjå ein vertsfamilie beståande av mor, far og to døttre på to og fire. Det er ein fin gjeng som berre talar fransk. Det er glimrande og slitande. Men det er vel einsate vegen å gå for å få dette språket inn. Kurset deltek i er krevjande. Alt er litt over mitt nivå, og når eg då ikkje ein gong kan dei norske gramatikalske omgrepa, blir det vrient i det læraren anvendar dei på fransk. Så no lærar eg meg gramatikkens terminologi. Men eg har trua, i alle fall sidan eg merka framgang i frå dag ein til dag to.
Alt i alt er det fint å være her, men eg har ikkje blitt heilt van med tanke på at det er her eg skal være dei neste 5 månadane. Men flott, det blir det!