Ei lita artig historie


Advertisement
France's flag
Europe » France » Aquitaine » Bordeaux
September 5th 2009
Published: October 2nd 2009
Edit Blog Post

I vekene eg gjekk på språkskule budde eg hjå ein vertsfamilie. Det var finfint det og alt det der; alt i alt ikkje så grenselaust interessant. Likevel vil eg berette ei lita hending, som fekk meg til å trekkje på smilebanda.

Eg hadde eige rom, og fine greier. På rommet var det eg trengde; seng, pult, stol og skap. Då familien hadde ein katt som tok (og framleis tar) seg til rette, hadde far i huset festa ein liten lås type krok på utsida av døra mi slik at eg kunne låse dersom eg gjekk ut. Denne nytta eg ofte, og det med stort hell. Eg såg aldri katten på rommet mitt.

Familien eg budde hjå har to døttre, ei på to og ei på fire. Begge er tillitsfulle og likte å leike med meg medan eg budde der. Intet unntak var det heller då eg nett hadde kjøpt gitar og jobbar med å få den i svev. Eldstedattera ville speler/herje med gitaren, noko som var greit nok til å byrje med. Etter kvart vart det litt mykje, og eg sa som sant var at no var det på tide at ho tok turen. Etter litt om og men (og ei bestemt hand i ryggen) gjekk ho ut or rommet mitt. Skusess tenkte eg, og jobba vidare. Dette var påden tida av sumaren då gradestokken hadde ein tendens til å jobbe seg godt over 30 grader, altså var det varmt på rommet. Som eit svar på kroppens bønn etter vatn reiste eg meg for å hente litt vatn, noko som innebær å gå ut or rommet. DÅ eg kom til døra fann eg at det ikkje nytta. Den ville ikkje. Det tok ikkje lange tida før eg innsåg kva som hadde skjedd.

Eg banka forsiktig på døra og spurte etter far i huset. Ingen respons. Eg banka haradare, ropa høgare. Intet svar. Hardare, høgare. Lite liv. Rasjonaliteten tok overhand og eg sette meg og spelte gitar, lite å gjere med denne situasjonen anna enn å vente tenkte eg. Etter vel 15 min utan at eg hadde høyrt noko byrja skallen å kverne. I verste tilfelle kunne eg sprenge døra, men då måtte eg kunne rettferdiggjere det ovanfor meg sjølv. Det let seg vanskeleg gjere, og ergo byrja eg å tenkje kreativt. Eg fann fort ut at eg ikkje hadde tau, men at eg hadde mobilladar med rimeleg lengde på ledninga. I jobben med å få gang på gitaren hadde eg anskaffa meg ein større binders. Samstundes hadde eg observert ei større glipe over døra. Desse tre faktorane sett saman gjorde planen klar; MacGyver! Eg bøygde bindersen til ein eller annan form for krok, festa den på ledningen og fira den over døra og ned mot låsemekanismen. Eg visste at dersom eg fekk napp var det berre å dra forsiktig så ville eg få låsen ut og ”auge” den sat i. Eg fira, trakk, fiska og prøvde. Lednigen måtte virast i ulike retningar for å prøve å endre vinkelen kroken hadde. Slikk stod eg i 15 min. Svetten rann, og det som var ein liten irritasjon hadde no endra seg til ein eller annan form for konkurranseinnstinkt. Tanken gjekk til ”Man v.s. nature” på Discovery og alle andre manneprogram eg har sett på tv. Etter 15 min med lirking endra lyden i klirringa seg på andre sida. Det var lite motstand i ledniga eg drog i. Då eg vrei om dørklenka gjekk døra opp; eg var fri! Godt smakte vatnet.

Advertisement



2nd October 2009

Skikkelig Mc.Gyver style! Fantastisk!

Tot: 0.1s; Tpl: 0.01s; cc: 11; qc: 49; dbt: 0.0568s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb