Kvardagen har endeleg senka seg over livet til Johannessen. Etter to månadar med feire og ein månad der ting nesten er kome i gang er det godt å endeleg verkelge være i gong. Eg har slått rot nokså nøyaktig 30 min i frå universitetet og trivst med det. Etter å ha leita lenge og vel, budd på sofaen og litt rundt om kring var det glimrande å finne stad å bu. Eg hadde hatt det som premiss at eg ville bu med franskmenn, og det gjorde at det heile trakk litt ut. Eit innblikk i korleis det er her får det dersom eg beskriv ein kvardag og ei helg. Og det er nett eit innblikk eg vil gjer, og derfor følgjer ei beskriving av det som kan gje dette innblikket; kvardagen i Bordeaux. (Det er kanskje mykje aa lese, men for ei elsning det er!)
Eg står opp som kl sju. Etter å ha surra litt rundt finn eg fram skoa og ruslar til bakaren. Ho kjenner meg igjen no. Ho veit kva eg skal. Eit grovbrød. Det er jo kvardag. Det er kjekt når dei som sel veit kva eg skal ha. Skulle det falle seg slik at brødet mitt ikkje er ferdig når eg kjem, beklagar ho seg. ”Eg har to bakrara, og eg har gløymt å seie i frå om kva tid du kjem”. Det er ikkje mykje ein preikar, men trivleg er det. Har eg ikkje kontantar kan eg betale dagen etter på. Skulle eg fryse på hendene er det berre å varme dei på brødet som eg nett har kjøp. 5 min etter at eg er gått ut er eg attende på kjøkenet. Eg kokar opp vatnet, kaffien eg fekk malt opp hjå kaffisjappa har eg alt lagt ein passe dose av i botn av presskanna. Eg tømar varmt vatn i koppen, resten i kanna. Eg vil jo at koppen skal være varm når eg hellar kaffi i den. Medan kaffien trekk smørar eg nista. Bayonneksinke og ost har lenge vore ei vinnaroppskrift, men camembert er og godt.
Når nista er smørt, og frukosten fortært tek eg med meg studentkoppen min, med den nytrakta kaffien på, og traskar mot trammen (bybanen). Eg set meg inn, les i boka, drikk kaffi og tenkjer ikkje sjelden at livet er fint. Men dersom det er for mange vanskelege ord i boka eg les tek det fort merksemda.
Om lag ni ankjem eg universitetet. Eg går inn på det flotte biblioteket, tek fram ordbøkene og ei bok som fortel meg korleis eg skal bøye verba mine. Lenge har eg lese på entusiast blader på fransk, dei er no bytta ut med det å skrive førelesningsoppsummeringar på fransk. Det tek tid å slå opp orda. Kikkar eg opp i frå bøkene ser eg rett på Kristin. Min trufaste makker på salen. Alltid like blid og hejlpsom. Vi er i ferd med å danne ein tredje symbiose på kull 78. Samstundes er vi samde om at dette ikkje kan vare, vi må få franske studievener. Klokka 12 er det lunch som alltid. Korleis kunne du tru at eg ville krølle til rutinene? På ettermiddagen er det førelesning. Folk snakkar mykje på forelesningssalen, den som er så stor og så gamal og som på toppen av alt ligg på toppen av eit parkeringshus. Eg går i oppoverbakke der bilane har kjøyrt i oppoverbakke før meg for å kome til forelesningssalen. Det går finfint å følgje med på førelesningane. Kanskje av di at eg til no ikkje har byrja med fag som er anna enn repetisjon i frå ting eg har gjort før. Feiande flott er faget ”engelsk; munnleg og skriftleg forståing”.
Er dette ein av dei lange dagan er det rett på trening. Det får eg heller skrive meir om i eit annan innlegg.
Helga er finsleg. Den er på langt nær så rutineprega som kvardagen, men noko prøver eg å få til. Når eg vakanar går eg til bakaren. Til å byrje med vart ho overraska då eg ikkje skulle ha grovbrødet mitt, men heller eit brød med valnøter i. Høfleg påpeika eg at det var helg, og at eg likte å understreke det. Det er også derfor eg kjøper to croissants og to pain au chocolat. Eg ruslar heim, til no har det alltid vore i strålande sol. Heime møtar eg på Elina, sambuaren. Ho har nett stått opp, og saman nyt vi frukosten. Vi preikar fransk og hi rettar på meg. Det er fint det. Etter frukost varierar aktivitetane i frå vaksing av klede eller rom, til å ta ein kaffi i byen med bok på kafe, eller berre å surre. Klokka 16 er eg på plass på Connemara, ein av fleire irske pubar i byen. Eg støttar United her og. Kjekt det. Samstundes treff eg folk i frå fotballen her. Så fort kampen er over hasatar eg vidare til eit eller anna avtala treffpunkt. Eg er med ei ei karismatisk biblegruppe som har samlingar kvar laurdag kveld. Det er nytt, spanande, opplysande, men ikkje alltid like lett å identifisere seg med. Men viktig har det vist seg å være. Det er med å å halde fokus der eg vil det skal være. Dette trekk ofte litt ut, så nå eg er heime er senga kjærkomen.
På søndagane er det ofte at eg tek meg ein tur på loppemarknaden. Eg har eigentleg allitd likt det, men her på kontinentet har eg verkeleg fått augene opp for å handle ting ein treng brukt. Eg kjøpte ein gitar for 15 €. Det er tøff, men ikkje så lett å få til å lyde reint. I to tida møtar eg jesus gjengen igjen. Dei fleste har då vore p ågudsteneste i sine respektive kyrkjer og samlast etterpå for å ete og finne på sprell. Fleire gonger har vi reist på stranda. Fint er det, men no er det for kaldt for min del.
Det er vel stort sett det som skjer. Kanskje har du som har lese alt dette fått ei kjensle med korleis kvardagen er her i Bordeaux, og kvar det er det går i å være på utveksling Johannessen-style.
4 Comments -
Add Public Comment or
Send Private Message
God lesing det der! Kjekt å følge med :)
Godt å hørra at du har funne deg vel te rette, og at du forblir ein overraskande fleksibel og alligavel konstant organisme. Eg e merr konstant enn de fleste ting har eg funne ud (kun slått av livlause ting som tre og stein og sånn), så dagane her nere e nesten heilt like som i Norge. Glede meg dog te å komma tebage te kaffipausene i Bergen :)
Hei
Gildt å lesa på desse sidene dine.. Hørres ut som han kose seg!
Kor tid kjem du heim att?
Eg savne deg:=)
Ragnhild og Jon Erling: Kjekt aa sjaa at de folegjer med!
Martin: over jul skal vi ha det kjekt saman!
Add Comment
All Comments