Smugling og robbing


Advertisement
Chile's flag
South America » Chile » Santiago Region » Santiago
March 29th 2009
Published: March 29th 2009
Edit Blog Post

Santiago FlyplassSantiago FlyplassSantiago Flyplass

Store oppslag om at eple er forbudt.
Eg faar berre gjere som dei nysgjerrige sjelene befalar: nytt reisebrev!!

Dokke veit det ikkje enda, men idag har vi TO historiar aa komme med. I tillegg til aa bli tatt for smugling, saa har vi blitt robba. Og dokke er altsaa saa heldige, denne soendagen, at dokke faar begge historiane i samme reisebrevet. KOS DYKK GODT FOLK!!!


Smugling

Vi kom fykande til Santiago fraa Caracas via Lima. Fine fly, god flymat og berre velstand. Paa det siste flyet fekk vi som vanleg eit slikt skjema der ein kryssar for om ein har med seg noko ulovleg i bagasjen. Etter X antall skjema av den typen gaar kryssinga eter kvart paa autopilot.

Har du med deg ditt? NO
Har du med deg datt? NO
Har du med deg dill? NO
Har du med deg dall? NO
blabla

Men det skal vere sagt, at eg trudde faktisk ikkje eg hadde med meg noko ulovleg. Eg handla altsaa i god tru.

Vi faar henta bagasjen vaar og sender den gjennom sikkerhetskontrollen. Men noko i bagasjen min gjer visst utslag paa skjermen deira. Dei strenge vaktene kjem og spoer kven det er sin sekk. Eg seier
Santiago FlyplassSantiago FlyplassSantiago Flyplass

Ser dokke pakken med rosine nede i hjoernet... Ein saann var det Jorunn absolutt maatte ha med seg som lommemat paa flyet..
det er min og gjer dei skjemaet som dei spoer etter. I dèt dei begynner aa opne sekken min, seier eg til Arild: "Pokker!! Eg har heilt gloemt at eg har et eple i sekken!! Men det kan vel ikkje vere noka krise?!?".
Aajoda. Det er smugling nemleg.
Og ikkje nok med det, eg hadde TO epler i sekken. Og ein pakke rosiner!! :-O
Eg faar nokre spoersmaal fraa dei sure vaktene om kvifor eg har kryssa for "NO" paa rubrikken der dei spoer om mat o.l. "Do you not understand english?" Eg seier som sant er at eg forstaar engelsk, men at eg hadde heilt gloemt at det laag i sekken min. Og der og daa har eg vel framleis god trua paa at eg kjem til aa sleppe unna med aa smile fint og kaste tinga i bosset. Kor gale kan det vere at eg har gloemt to eple og ein liiiiiten pakke rosiner i sekken? Det faar eg straks svaret paa. "You have broken a chilean law and are not permitted to leave the airport or the country until you have signed a statement and payed a fine". OK.
Eg maatte tusle meg bort til ein pult der ein mann vog tinga eg hadde smugla med meg til Chile. Epla vog 0,43 kg og pakken med rosiner vog 0,042 kg. Saa maatte vi sette oss og vente utafor eit kontor. Naar eg til slutt fikk komme inn vart Arild beorda aa vente utanfor. Det her var tydeligvis ei sak mellom meg og Chile.

Inne paa kontoret var det fleire skjema som skulle fyllast ut. Eg maatte oppgje forklaring og signere paa alle skjema for at alt som stod der stemte. Eg signerte sjoelvsagt, men eg anar ikkje kva eg skreiv under paa. Alt stod jo paa spansk og eg er ikkje akkurat saaaaa god i spraaket. Eg foelte meg ganske lita der eg satt heilt aleine omringa av ein gjeng skumle chilenarar i uniformer. Dei var veldig strenge og ikkje akkurat spandable med smila.
Dei spurte fleire gongar om eg innsaag alvoret i kva eg hadde gjort og om eg skjoente at eg no har eit kriminelt rulleblad i Chile. Eg nikka alvorlig og sa at det skjoente eg. Og eg sa sjoelvsagt at eg var veldig lei meg for det og at det aldri skal skje igjen. Eg var nesten paa graaten der ei stund. Men daa suredama sa "Kan du bekrefte at det er dette du har proevd aa smugle inn i landet vaart utan aa fortolle det?", og dingla med ein pose med to epler og ein stakkars pakke rosiner foran ansiktet mitt, holdt eg paa aa bryte ut i latterkrampe. Eg trur ikkje det hadde vore veldig lurt aa le i den situasjonen saa eg klarte heldigvis aa holde meg.
Men daa eg fekk bota paa nesten 2000 NOK syns eg ikkje det var mykje aa le av lenger. Det var jammen dyre epler og rosiner. Og eg fikk ikkje ete dei engong. Ikkje at eg spurte om eg fikk det altsaa. Men eg fikk i alle fall ikkje tilbodet.
Men skal eg fortelle dokke kva det aller verste er? Eg likar ikkje ein gong rosiner!! Har dokke nokon gong sett meg maule rosiner? Neppe. Eg et rosiner paa julegrauten, thats it. Aldri ellers.

Nei fy soeren altsaa. Det der maa vere dei suraste pengane eg nokon gong har bladd opp. I tillegg ville ikkje minibanken gje meg anna enn smaasedlar, saa eg maatte gje dei ein 5cm tjukk bunke med pengar. Daa eg hadde betalt og skrive under paa siste skjema, saa smilte endelig han eine skumlemannen til meg. Han smilte og oenskte meg eit riktig saa hyggeleg opphald i Chile. Smilte eg tilbake? Ja, det gjorde eg, men falskt. "Falskesmilet", som Ingrid kallar det. Eg er god paa det. Og han mannen skjoente kva type smil det var, utan tvil.

Dei fekk i tillegg forklart meg at det kan foere til problem at eg har kriminelt rulleblad medan eg er her. Viss eg blir stoppa i politikontrollar e.l der dei sjekkar opp passnummeret mitt kan dei bruke det mot meg. (Ikkje at eg heilt skjoenar korleis, for eg har jo betalt bota mi?!). Men mest sannsynleg skal det ikkje vere noko problem om eg vil besoeke Chile igjen. Flaks.

Jaja, nok om smuglinga. Eg syns eigentleg det er ganske komisk. Kan nokon av dokke skryte av at dokke har kriminelt rulleblad i Chile kanskje?
(Men 2000 kr mindre paa kontoen er fortsatt ikkje komisk, syns eg. Spoer meg igjen i juni etter at skattepengane har kome. Kanskje eg kan le av det daa. Falskesmilet skal dokke uansett faa.)



Robbing

Som dokke veit saa har vi allereide sprengt budsjettet vaart med dykking, spanskkurs, segltur,
SantiagoSantiagoSantiago

Oppbraaten laas
det generelle gode liv og anna snask. Saa var det Venezuela som kosta oss dyrt, skatt paa flyplassen i Caracas og ei herleg, lita bot i Chile. Men det var ikkje nok, skjoennar dokke! No har vi i tillegg blitt robba.

Heldigvis skjedde det paa den minst skumle maaten. Ingen vaapen, finlandshetter eller moerke bakgater. Vi kom glade og lystige tilbake til rommet vaart i gaar kveld kl.20. Daa hadde vi vore ute sidan kl.12 og skulle berre innom for aa kle paa oss litt meir. Det som moette oss var synet av ei oppbrota doer. Hengelaasen var vekk og det var tydeleg at nokon hadde vore der. Vi syns det var ganske ubehageleg, men sa til oss sjoelve: "Det kan jo vere vi som har gloemt aa laase?" Men naar vi kjem oss inn paa rommet er det ikkje nokon tvil. Vi har blitt robba. Heile rommet er endevendt. Alt innholdet i sekken til Arild ligg og flyt utover golvet. Daa alt innholdet i min sekk allereide flaut godt fraa foer var det ikkje like enkelt aa sjaa om nokon hadde vore der. Men etter naerare undersoekingar saag vi at sko, handkle og anna dill, som ikkje hadde vore ute av sekken sidan Venezuela, var roeska ut. I tillegg var lisjesekken min omlag vrengt ut inn og alt av innhold laag slengt rundt om i senga. Ein ganske ekkel foelelse faktisk. Det meste av elektroniske dippeduttar var borte vekk. Heldigvis hadde vi digitalkameraet med oss, saa dokke skal ikkje bekymre dokke: Dokke skal ikkje lide under denne hendinga. 😉
Og heldigvis er vi smarte backpackera som tar vaare forhaandsreglar til tross for at naiviteten oftast faar raade. Simkorta laag ikkje ilag med mobilane, saa dei har vi fortsatt. Og CD´ar og minnekort med bilde pluss ekstra visakort laag godt goeymt ilag med panneband og strandteppe, saa dei har dei ikkje funne. Mest sannsynleg har nok tjuveraddane hatt veldig daarleg tid. For sjoelv om iPoden er borte vekk, saa er begge headsetta vaare (som laag paa golvet attmed senga) ikkje blitt tatt. Ogsaa alt av ladarar og kablar har vi faatt behalde. Men kva honden skal vi med ladarar naar vi ikkje lenger har noko aa lade?

Arild henta resepsjonsmannen, som kom opp og saag paa saken. Det var vanskeleg aa forklare han kva som hadde skjedd, sidan vi ikkje pratar samme spraaket. Men han forstod til slutt
SantiagoSantiagoSantiago

Paa desperat leiting etter iPoden
og ringte til ho dama som eig plassen. Vi prata med ho i telefonen, og ho var veldig lei seg. Det hoeyrtes ut som ho var paa graaten. Ho ville ikkje at vi skulle gaa til politiet med saka, daa det kan gje daarleg rykte for dei. Men vi fekk forklart at vi nesten maatte gjere det, for utan politirapport faar vi ikkje igjen noko med forsikringsselskapet vaart. Ho forstod det og beklaga enda meir. Og vi skulle sjoelvsagt faa eit nytt rom med ein gong.

Vi traska oss mot politikontoret. Klokka var 22 daa vi kom dit og vi var ikkje ferdige der foer kl.23.30. Ting tar tid. Atter ein gong var det ingen som prata engelsk, saa det vart mykje spanglish og kroppsspraak. I tillegg viste vi dei bilde av doera, saa dei forstod til slutt kva som hadde skjedd. Saa vi fekk politirapporten vaar og meir er det vel ikkje aa gjere med den saka. Det maa forresten nemnast at politiet var kjempesnilde. Dei var smilande og hyggelege alle mann, og veldig hjelpsomme.

Han resepsjonsmannen sa at dei hadde hatt nokre gjestar som hadde tatt inn paa rommet ved siden av oss tidligare paa dagen.
SantiagoSantiagoSantiago

Fortvila.
Dei hadde reist etter ein time og latt noekkelen henge i doera. Saa han mistenkte dei. Men han har jo navna og passnummera deira, saa vi syns det er litt rart at han ikkje proevde aa kontakte dei. Pluss at han virka veldig stressa, saa vi har vore inne paa tanken at det kan vere han som har gjort det... Det er nemleg ein veldig roleg og sikker plass vi bur paa. Veldig heimekosleg og doera ute er alltid laast. Ingen har noekkel til den, saa vi maa ringe paa og vente til dei latar opp kvar gong vi har vore ute. Med andre ord: enten maa det vere gjestar eller nokon som jobbar der som har gjort det, for ingen andre slepp inn. Men det er ikkje vits i aa spekkulere meir i det. Vi maa nok berre innsjaa at alle tinga (oooog pengar....) er vekk for alltid, og satse paa at Gjensidige behandlar oss bra. 😊


Saann. Det var vaare siste opplevingar. Kva har dokke styrt med sidan sist? 😉

Dokke trur kanskje at smuglingsbot og robbing foerer til at vi ikkje likar hovudstaden i Chile? Vel, der tar dokke skammeleg feil. Det skal nok
SantiagoSantiagoSantiago

Her satt politimannen vaar (men han turde vi ikkje ta bilde av)
meir til foer denne byen ikkje fell i smak. Vi likar Santiago nesten like godt som New York!! (Men berre nesten...!)



Over og ut fraa ho med kriminelt rulleblad i Chiiiiiile!



(Arild helsar òg, sjoelv om han er i djup sorg over tapet av iPoden min. 😞 )


PS. Dokke maa ikkje bli forundra om to blakke og troette backpackerar kjem heim til Eidabyen eit par veker tidlegare enn planlagt. Vi reknar med mamma F og mamma N tar oss imot med opne armar og grovskjeve i saa fall 😉

Advertisement



29th March 2009

Stakkars dåkke. Det var mykje på ein gong. Men eg lure veldig; eple og rosiner??? korleis i all verden kan det vere ein trussel mot Chile eller flyet eller noke anna??? Er det rart dei må ha mykje politi i eit sånnt land? Ja,ja. Eg håpar de får erstatning frå forsikringsselskapet i alle fall. Uansett står eg klar med grovbrød og mors kjøttkaker ka tid som helst. Godt mot!!
29th March 2009

Heeei:) uff.. ditta hørtes skikkelig leit ut altså.. og masse vekk kasta tid på sånn dilleri.. men det virka uansett som om dokke e ved godt mot. det e bra:) og uansett,så e dokke velkommen til å ete grovskjeve her om det skulle knipe. eg skulle til og med ha baka et brød;) Lots of love :*
29th March 2009

En får som en fortener
Eg har eit par ting å poengtere her: 1. Det gikk heilt greit å ete salat, attåt ditta reisebrevet. Eg må berre ha tak i en pinsett for å dra utigjen litt isbergsalat som har kilt seg mellom tastane 8, 9 og i..... 2. Det er no pengane for spanskkurset som burde være dei suraste, ikkje bota, siden du tydligvis ikkje lærte den mest vanlige spansken; korleis bortforklare rosiner og epler i tollen. 3.eg la merke te at du hadde kryssa NO på dill på flyet, men seinere skrive du at "anna dill" var røska utav sekken din.... budre du våre tatt for meir smugling kanskje?? 4.å siden det er eg som har fått odelen på navelsaker, så er det vel MEG som skal spørrast om en tidligare heimkomst.. ikkje kårfolket. Kos dåkke, bli gjerne rana litt oftere, det er særs intresant...
30th March 2009

Uffa.... :) Kjipe penga, men når bitterheten har lagt seg litt så kan du iallfall trøste deg med at du har en veldig god rosin-historie på lager! (Super julegrøt-konversasjons-tema) (Eg leve meg forøvrig sånn inn i reisebreva dåkka at eg igår drømte at eg skulle ta taxibil med narkosjåfør over grensa til ettelleranna søramerikansk land.....)
30th March 2009

Hei. Det var litt av en lesnad, trur eg heldt pusten medan eg las heile brevet...Men saker og ting kan erstattast, berre de er i god behold, det er viktigaste av alt.!!! Og her er både seng og mat,- velkommen heim begge to. Klem..
30th March 2009

Eg e nesten mållaus. For det første so trudde eg no du hadde blitt tatt me ett eller anna våpen, at nåken hadde putta rare ting i sekken din eller nåke i den dur. Litt skuffa over at det kun va frukt. Men samtidi, som den minst bereiste sjela i heile nordfjord, so veit eg innmari godt at ditta e ulovlig forde mat kan dra me seg masse rare dyr og parasittar som kan ødelegge avlinga og anna matproduksjon for fleire milliona. So de so!!!! Anyhow, gratulere me tittelen som det svartaste fåret i familien!!!:)
30th March 2009

Hjeeeelp!!
Herre min skeiper!!! ej hadde fått noia viss ditta va mej altso!!Fy isøren kor ekkelt!!! Men kjekt å høre at dokke likevel he d bra!! :)) Her e d liiite nytt altso... he sovidt byndt på semesteroppgåva i dag... meeen, egentli so e d berre big bang konsert på torsdag og påskeferie på fredag so stend i haude på mej...! hehe... ;) Kos dokke videre!! Veldi kjekt å lese om ka dokke styra me!!
31st March 2009

usikker framtid?
Eg må sei eg e lettare sjokkert over ka du finne på navelsaker...du kan vere gla du allereie ha fått kalvø-prisen, for denne blir nemlig ikkje delt ut til svarte får! men det her e uansett ikkje det viktigaste. har du tenkt på at du mest sannsynlig må levere politiattest når du ska begynne å jobbe? korleis ska du få deg jobb når du ha en smuglardom frå søramerika på rullebladet?? åsso å pushe rosine då! som ALLE onga berre elska! du kjeme te å å bli kalla rosindama!! d her e jo nesten like gale som pedofili! nei eg e redd for din framtidige jobbsituasjon, navelsaker! det her bli nok berrføtt att me kjøkenbenken mens han arild e ute og forsørga familien...
6th April 2009

Mamma N: Jau, det er nok ein trussel, og eg burde jo visst bedre, men... Gledar meg til kjoettkaker!! :) Lisbet: Du ska sjaa du blir noedt til aa bake et broed! No har du sagt det ;) Kristine: SHATT APP!! Tonje: Haha, lo godt av den droemmen din!! ;) Jada, ei god julegraut-historie er det i alle fall. Eg har ingen slike fraa foer, so det var egentlig bra eg endelig fikk ei!! Mamma F: Jepp, ting som forsvinn er ikkje det verste som kan skje, heldigvis. Vi gledar oss til gode senger med DYNER!! Jeanette: Jada jada, eg veeeeit at det er ulovlig. Blabla. Takk takk! Eg er fornoegd med den tittelen, sjoelv om det ikkje skal so mykje til aa faa den i familien vaar (heligvis). ;) Heidi: Aajada, her gaar det foere seg veit du! ;) Har vel tatt paaskeferie du no! Va Big Bang bra? Faar ta og sose meg opp viss der e en bra konsert foer dokke forlete Volda for sommaren (eller evt for godt!). Janne: SHATT APP!
28th April 2009

E det soendag?
E det soendag i Chile og? Eventuelt når i veka e den? Ellers lure eg på om der e nåken fine kjette i Sør-Amerika

Tot: 0.082s; Tpl: 0.019s; cc: 11; qc: 27; dbt: 0.0338s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb