Vi gusta Colombia sehr much!!


Advertisement
Colombia's flag
South America » Colombia » Santa Marta » Taganga
March 26th 2009
Published: March 27th 2009
Edit Blog Post

CartagenaCartagenaCartagena

Utsikt fra hotellet
(Ser dokke at eg klarte aa faa alle mine fire spraak inn i overskrifta?)

Hei paa dokke!!!



No er vi i Santiago, Chile. Vi fekk ein turbulent start paa oppholdet her, daa eg vart tatt for smugling i sikkerthetskontrollen paa flyplassen. Eg tullar ikkje. Det er faktisk heilt sant. 😞
Men eg skal fortelle om det i neste reisebrev. No maa eg foerst konsentrere meg om Colombia og Venezuela.

Eg trur eg trygt kan seie at Colombia og Venezuela representerar ytterpunkta i "favorittland"-lista vaar. Colombia er paa topp, medan Venezuela diverre har havna paa sisteplass. Kanskje noko urettferdig, daa vi kun fikk sett Caracas (hovudstaden) pluss reisa dit fraa grensa til Colombia. Landet har nok myyyykje meir aa by paa, men vi kan tross alt berre uttale oss utifraa det vi faar med oss.


Cartagena

Som vi skreiv i forrige reisebrev, saa kosa vi oss veldig i Cartagena. Eg maa nok innroemme at eg sikkert kunne ha lagt min elsk paa sjoelv den styggaste og mest utrygge byen i verden etter den seglturen. Naar vi i tillegg tok inn paa eit flott hotell, saa var det ikkje vanskeleg aa virkelig nyte opphaldet i Cartagena.
CartagenaCartagenaCartagena

Utsikt fra hotellet
Men rett skal vere rett: det er ein heilt nydeleg by!! Vi budde midt i smoerauget i gamlebyen, som utan tvil er vakker. I tillegg hadde vi kjempeflott vaer, fikk rusla mykje rundt, hadde flaks med restaurantvalg osv osv. Vi kunne ikkje hatt det bedre. Og reisebatteria fikk lada seg skikkelig. Vi var litt troette og lei av aa pakke sekken, bu paa hostell, bli kjent med nye folk heile tida, sitte paa buss og alt anna reising inneber. Men etter Cartagena starta vi igjen med humoeret og reiselysta paa topp! 😊


Taganga og Santa Marta

Fraa Cartagena reiste vi vidare til Santa Marta og Taganga. Vi innlosjerte oss i Taganga, som er ein nydelig og rolig fiskelandsby ved den karibiske kysten. Santa Marta er naermaste by, der ein maa for aa ta buss, handle matvarer og ta ut pengar. Det er nokre smaa butikkar i Taganga, der ein faar tak i det viktigaste. For stoerre innkjoep maa ein til SM.
I Taganga budde vi paa "Bayview hostel" og der likte vi oss kjempegodt. Herlig badebasseng, passe mange folk og berre velstand. Planen var aa vere i Taganga eit par-tre dagar, men vi endte opp med
CartagenaCartagenaCartagena

Utsikt fra hotellet
aa vere der i ei veke. Noko Venezuela fekk lide under, sidan vi ikkje fikk tid til saa mykje der. Men kva skal ein gjere naar ein fell totalt for ein plass? Ingen vits i aa reise berre for aa reise. Folket i Colombia er berre heilt utrulig opne og hjelpsomme, alt er billig, maten er nydelig, fruktjusane er enda bedre og vaeret var kronisk bra. WE LOVE COLOMBIA!!! 😊
Vi hadde tenkt aa dykke litt i Taganga, daa det er veldig billig der. Men det viste seg at sikta var veldig daarlig for tida, og alle som hadde dykka sa det ikkje var verdt det. Saa vi droppa det. Vi gikk oss nokre turar til strendene i naerleiken av Taganga og ellers berre sloeva vi. Eller, eg las faktisk litt pedagogikk og Arild laga pannekaker. Han er blitt ekspert paa baade pannekakeroere og pannekakesteiking. Saa det hadde vi til lunch nesten kvar dag. Hehe.
Colombia har militaerpostar for omlag kvar mil langs vegane. Der er det eit flagg og nokre heftig bevaepna vakter. Vi syns eigentleg dei saag ganske skumle ut, saerleg sidan ein har jo hoeyrt mykje om militaeret, farc, korrupsjon, narkotika og blabla. Men iloepet av bussinga
CartagenaCartagenaCartagena

Morgen avisa levert paa doer
vaar i Colombia vart vi ikkje stoppa ein einaste gong. Kun under den eine taxituren fraa Santa Marta til Taganga vart vi stoppa. Arild vart kroppsvisitert, men meg ville dei visst ikkje ta paa. Vi hadde kun reint mjoel i posen (bokstaveleg talt, sidan vi hadde handla inn til pannekaker), saa vi fekk reise vidare. Ikkje rart dei stoppar folk paa veg inn til Taganga, for der flaumer det over av ymse narkotiske stoff. Baade dei lokale og backpackerane der styrer med litt av kvart. Well well.... Alt i alt, saa har vi ikkje anna enn positive ting aa komme om Colombia og det vi saag og opplevde der. Skulle veldig gjerne hatt meir tid i det landet.


Turen til Caracas

Til slutt maatte vi rive oss lause fraa Colombia og sette snuten mot Venezuela. Planen var jo eigentleg aa ha litt tid der óg. Men paa grunn av seglturen og at vi fallt for Colombia, vart det ikkje saann. Naar folk vi moette i tillegg ikkje hadde saa mykje positivt aa seie om landet (blant anna at det er veldig dyrt aa vere backpacker der), saa var det ikkje vanskeleg aa nedprioritere det.
Turen til Caracas
CartagenaCartagenaCartagena

Framfor hotellet
vart interessant. Den var delt i tre. Foerst buss i 4 timar, saa taxi i 3 timar, saa buss i 10 timar. Med litt venting mellom dei forskjellige etappane, saa vart det ein lang reisedag. Foerste buss satte oss av rett foer grensa, og der maa ein ta "shared taxi" for aa komme seg til Maracaibo i Venezuela. Vi moette ein svensk fyr, som vi reiste ilag med vidare. Men bilen skulle fyllast opp, saa to eldre Venezuelarar fikk plass i framsetet. Taxisjaafoeren var ein luring av dimensjonar. Foerst sa han til oss at taxien kosta 25 000 pesos. Eg spurte om det var for alle tre, og jadaaaa, det var det. Det viste seg (sjoelvsagt) at det var 25 000 for kvar person. Jaja. Dessutan koeyrte han som ein gris. Heilt vill koeyrestil. Vi blir vel aldri heilt vande til kordan dei oppfoerer seg paa vegane i denne delen av verda. Og det er kanskje like greit? Vi skal forhaapentlegvis bak rattet igjen i Norge om nokre veker, og daa er det vel best om vi ikkje har tatt altfor mykje etter desse nye bekjentskapa vaare. 😉
Vi har dessutan ein rimeleg sterk mistanke om at vaar kjaere sjaafoer
CartagenaCartagenaCartagena

Jorunn sin blaa albue
dreiv med litt snuskete buisness. Paa ein (av oerten) militaerstopp gikk han ut av bilen, mens vi satt inne. Det var ei voldsom kviskring og diskré bytting av pengar. Men vi saag det! Pluss at han forsvant ned i skogen, henta eit kvart som han la under skjorta i kragen og atter ein gong veksla dei litt pengar. Paa neste militaerstopp ville ikkje militaerfolka sjaa passa vaare (for foerste gong!), men dei ville derimot ha det sjaafoeren hadde i nakkekragen. Arild satt rett bak han, saa han fekk med seg heile den hemmelighetsfulle prosessen. Akkurat som paa film faktisk! Eg likar jo godt aa dramatisere litt, saa uansett kva dette var for noko har eg bestemt meg: vi har vore vitne til korrupt narkohandel i Venezuela. Nemlig.
Vi vart som sagt stoppa oerten gongar etter grensa. Kanskje ti-femten gongar iloepet av denne taxituren. Eine gongen var det ganske komisk (skummelt der og daa, men komisk etterpaa). Militaerfyren (som vanlig godt bevaepna og med eit veldig skummelt ansikt) spurte om vi prata spansk. Vi svarte at vi prata litt, men daa slo han over paa engelsk. Trur han skulle laert seg litt meir foer han praktiserte den. Vi tre satt nemlig i baksetet paa taxien, han prata til oss gjennom vinduet paa Arild si side, og plutselig gaular han kjempehoegt til oss: "DOOOOOWN!!!! DOOOOOOWN!!!!" Vi saag forskrekka paa kvarandre. Saerlig Arild saag litt fortumla ut, sidan militaerfyren broelte det rett opp i trynet hans. Sidan vi ikkje visste kva vi skulle gjere vart vi sittande som nokre stive tullingar og saag sikkert vetaskremde ut, og han broeler sjoelvsagt "DOOOOOOOOOOOWN!!!!" igjen. Saa eg vaagde meg frampaa med eit spinkelt lite: "Down? Here in the taxi?" Svaret var: "YES! DOOOOOWN!!!" mens han opna doera og vifta med handa som signal paa at vi skulle ut av bilen. Daa skjoente vi at han hadde rota ihop orda "down" og "out". Vi maatte nemlig ut av bilen for aa ta bagasjen vaar gjennom ei sikkerhetsmaskin. Vi pusta letta ut naar vi innsaag at det ikkje var verre.
Vi kom til slutt fram til Maraceibo og daa var det RETT inn i ny buss. Eg maa berre faa gjenta meg sjoelv: det er virkelig enkelt aa reise her borte. Eg har stoerre problem med aa finne rett buss paa Smartstasjonen paa Eid. Her blir du putta trygt inn paa ein buss samma kor du er hen, kor du skal hen og kva tid paa doegnet det er. Denne gongen trur eg det var like foer han hjelpsomme mannen ville loefte meg opp og baere meg som ein baby, saa eg skulle sleppe aa gaa dei 20 meterane bort til bussen. Veldig sytalaust!
Den ti timers lange bussturen vidare til Caracas gikk veldig greit. Vi vart vekt kvar halvtime av militaerkontrollar, men det blir nesten ei vanesak. Dei fleste av dei er veldig rolige og snilde heldigvis. Vi var framme i ein av verdens farligaste byar (ifoelget ryktet vi hoeyrer) kl.4-5 paa natta. Ikkje eit gunstig tidspunkt. Og ikkje den beste morgonen vi har hatt.


Caracas

Vi vart, som vanleg, headhunta av ein taximann. Han skulle ha 20$ for aa koeyre oss til Altamira, som skal vere eit godt og trygt omraade av byen. Og det syns vi var heilt ok, sidan det var lenge til det gikk buss og vi var kjempetroette. Det hotellet vi hadde sett oss ut, kosta plutselig 104$ i motsetning til 37$ som stod i Lonely Planet. Greit nok at dei drar nytte av reklamen det gjer aa komme i den mest populaere guideboka, men aerlig talt. Aa skru
CartagenaCartagenaCartagena

Solnedgang
prisane SAA masse opp er jo heilt villt. Sjaafoeren koeyrte oss til eit anna hotell i ein anna ok del av byen. Der skulle dei ha 66$. Vi var troette etter eit doegn med reising og desperate etter litt soevn, saa vi beit i det sure eplet og betalte. Saa skulle Arild gje taxisjaafoeren 25$,. Vi tenkte at 5$ ekstra for at han koeyrte oss bittelitt lenger var ein bra sum. Aa neida du! Han skulle ha 40$. 20$ for Arild og 20$ for meg. Herlighet altsaa! Eg trur vi aldri laerer, for vi blir like overraska kvar gong dei drar disse sleipe triksa paa oss. Naar det i tillegg er midt paa natta og han ikkje vil gje ifraa seg bagasjen vaar, saa var det berre aa punge ut. Utrulig sure pengar.
Hotellrommet vaart var veldig fint, med ein fantastisk god dusj. Varmtvatn OG trykk. Nesten verdt 66$ berre for det. MEN, det var eit saakalla lovemotell. Altsaa eit hotell der vaaryre folk kan ta inn paa timesbasis for aa hygge seg litt. Personlig syns eg ordet "lovemotell" er ganske feil. Det er vel lite som minner meg om kjaerleik naar ein gammal gris og ei prostituert ungjente skal ta inn paa eit hotell og betale for kun 45 minutt. Aesj. Kall ein spade for spade og bruk ordet "sexmotell", kjaere Caracas.
At senga var omringa av speglar og at det kun var porno aa finne paa TVen oedela ikkje soevnen vaar. Vi sov godt vi! 😊 Dagen etter skulle dei derimot ha dobbel pris (sidan vi hadde tydeligvis betalt timesrate fraa vi kom til check-out kl.14 dagen etter), saa daa sjekka vi ut og satte kursen mot meir lugubre stroek av byen.
Vi enda opp paa Hotel Nuestro i Sabana Grande. Ogsaa dobbelt saa dyrt som i guideboka, men fortsatt av den billigare sorten. Dette var og eit "sexmotell", men kun i foerste etasje i foelge guideboka. Vi saag nok av par som kom luskande utifraa den dempa belysninga i gangen i den etasjen. Men ogsaa vaar etasje hadde ein noko luguber stil, syns vi. Vi har nemlig aldri foer opplevd at det er standard med ein paabegynt rull med dopapir paa nattbordet. Rommet var vaska, senga var redd opp og dopapiret stod klart paa nattbordet. Vi kika innom fleire andre rom, og samtlige hadde ein halvfull, lyserosa dopapirrull ved senga. Litt spesielt.
Sabana Grande var uansett eit kult omraade syns vi. Vi likte oss der! Men paa kveldstid boer ein ta taxi, og passe seg for baade raning og korrupte politi som krever ein slant fraa deg. Men vi opplevde ikkje noko faelt. Vi vandra rundt, var paa kino (og saag ein daarlig film vi hadde gloemt at vi har LEIGD heime for lenge sidan!) og berre kosa oss. Men ALT var dyrt i Caracas. Tilogmed halvkald og ikkje spesielt god fastfoodkinamat paa kjoepesenteret var dyrt. Vi droppa middag den andre kvelden til fordel for ein popcorn paa kino, rett og slett. I tillegg maatte vi ut med nesten 1000 kr i departuretax paa flyplassen. Det vart nokon veldig dyre dagar med andre ord, utan at vi foeler at vi fikk noko som helst igjen for det. Blir mykje flatbroed og springvatn framover, trur vi. 😉

Men no er eg lei av aa bable i veg og dokke er sikkert leide av aa lese!

Muchos smask fraa kjeltringen i Chile


Additional photos below
Photos: 48, Displayed: 30


Advertisement

CartagenaCartagena
Cartagena

Ikkje fullt so strenge restriksjona for frakting av gass som i Norge
TagangaTaganga
Taganga

Utsikt over tangana
TagangaTaganga
Taganga

Stor oegle
TagangaTaganga
Taganga

Lita oegle


27th March 2009

??
Har du ramla igjen? -denne gongen på skråplanet??? La det ikkje gå lang tid før neste reisebrev, for denne smuglerhistorien vil eg gjerne høyre...
27th March 2009

heei:)
eg e heilt enig med Sonja, og ve høre historia fort som fy! dessuten, til lenger reisebrev, dess bedre altså:) eg gleda meg til kvart brev som kjem!! Idag e det forresten fredag her på Nordfjordeid. eg sitte i kilura og ser detektimen;) savna deg Jorunn pusen.
27th March 2009

Nei no vart eg heilt forskrekka. Ka i all verden er det du har rota deg opp i no ??? Ja ja . Ser no at du er ute i det fri så eg går ut ifrå at forfattargena di er bra aktiv for tida, med ei bra tjukk påsmørjing. Du mååå skrive nytt brev fryktelig fort. Ellers er alt vel her heime. Ikkje noke spesielt å skrive om som kan måle seg med opplevingane dåkka. Ser ut til at pengane dåkka har fått raske føter å gå på. Håpar budsjettet held. OK. No held eg pusten til du skriv igjen. Suss og klem.
28th March 2009

Det skal no litt til at alt går på skinne når en e på reisefot so lenge. Litt action må en ha;) Skal prøve å få te ei kronerulling for dokke på puben i kveld so dokke sleppe å gå personlig konkurs på heile greia.
29th March 2009

no har Margreta holdt pusten i 2 daga. nytt brev bør nok komme rimelig kjappt....
29th March 2009

No kan du puste igjen, mamma!!!
4th June 2009

Bra reisebrev
Veldig bra reisebrev. Ta gjerne en titt på mitt reisebrev fra min reise i Colombia i April/mai: http://www.latinreiser.no/index.php?option=com_kunena&Itemid=83&func=view&catid=6&id=15 Ser gjerne at dere legger inn deres reisebrev på forumet til Latinreiser.no. Saludos, Ingvar

Tot: 0.207s; Tpl: 0.015s; cc: 10; qc: 58; dbt: 0.1344s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.2mb