Advertisement
Published: April 11th 2009
Edit Blog Post
Juhuuuu!! 😊
Vi har egentlig fint lite aa melde fraa opphaldet i Chile. Dokke har jo allereide faatt historiane om smugling og robbing, og stort meir skjedde (heldigvis) ikkje denne veka.
Vi likte Chile veldig godt! Det var over all forventing. Eller, poenget er kanskje at vi ikkje hadde noko saerlege forventingar, og daa er jo sjansane for at det skal bli bra ganske gode.
Saerlig Santiago er ein by vi ikkje har hoeyrt saerleg mykje snakk om. Det vi har hoeyrt/ lest har vore i bana "ein by som ikkje har noko saerlig aa tilby"-aktig. Men vi likte Santiago veldig godt!!
Veldig rein, fin og enkel by. Vi er vel litt metta paa kaotiske og skitne hovudstadar, saa aa komme til ein storby som har gaagater, bra skilting og der alt var reint og fint, var heilt supert!
Vi gjorde litt ymse turistting (saag det som var av sightseeing, gikk nokre turar i nokre fine parkar osv), og ellers berre vandra vi rundt, var paa kino saann cirka kvar kveld og berre kosa oss. Litt aa melde med andre ord.
Jo forresten!!! Vi saag kjendisar i Santiago! Skikkelige kjendisar! Ikkje C-kjendisar fraa Hotell Caesar og Big Brother, men
ekte kjendisar. Vi saag nemlig sjoelvaste Gordon Brown og Michelle Bachelet (presidenten i Chile). Vi kom traskande og ante fred og inga fare, saa snubla vi over Presidentpalasset. Det var gjerda inne i tillegg til hundrevis av vakter rundt og inne i heile omraadet. Pluss at det stod masse folk rundt om og tydeligvis venta paa eit kvart. Vi spurte ein kar om kva som foregjekk og han kunne fortelle oss at den chilenske presidenten skulle ha moete med den o´store Prime Ministeren. Det maatte vi jo faa med oss, saa vi stilte oss opp ilag med resten av folka. Nokre minutt etter begynte ¨garden¨ aa spele musikk og alle stramma seg opp. Og der kjeme Gordon Brown, strame og fine, vandrande nedover den roede loeparen. Michelle Bachelet oensker han velkommen foer dei blir staaande i ro til garden er ferdige aa spele. Det var nok fleire andre hoegtstaaande politikarar til stades og, men vi kan desverre ikkje namngje fleire kjendisfjes vi fikk sjaa. Men aerlig talt, det er ikkje kvar dag ein praktisk talt snublar over Gordon Brown!! 😊
Ser man det, daa hadde vi opplevd noko likevel! Men det var alt trur eg.
Det er forresten synd
at vi ikkje fikk tatt bilde av det fyste rommet vi hadde i Santiago. Vi brukar som regel aa huske aa gjere det foer vi reiser vidare, men denne gongen var det jo litt kaotisk paa grunn av innbruddet, saa det vart ikkje gjort. Rommet var i utgangspunktet ganske nedslitt og halvshabby med gammalrosa veggar og brunt bad med brun-orange inredning. Blondegardiner ein kunne sjaa gjennom, tapet som var godt opprevna i skoeytane osv. Det var nokre Jesus og Mariabilder her og der, i tillegg til ein stor plakat av Natalia Imbruglia (!!). Denne plakaten hadde dei forresten fleire plassar i huset, i tillegg til alle dei meir kristelege effektane. Ein fiffig detalj, syns eg. Uansett kor halvshabby det var, saa var det berre saaaaa koselig der! Ein fekk ein foelelse av aa vere paa besoek hos bestemor og det foeltes paa ingen maate som aa bu paa eit typisk hostell. Skikkelig koselig! (Heilt til vi vart robba, vel og merke. Hehe!)
Vi tok òg nokre dagar i Viña del Mar og Valparaiso. Vi budde i Viña del Mar og for paa dagstur til Valparaiso, som ligg berre 15 minutt unna med buss.
Her budde vi hos nokre
kjekke folk paa eit koselig rom. Det foeltes meir som vi var paa besoek hos dei enn som at vi budde paa hostell. Dei hadde dusj med trykk og varmtvatn, og det er jo for tida alt som skal til for at vi skal faa eit perfekt opphald. Berre velstand med andre ord. I tillegg fekk vi gjort litt husarbeid medan vi var der. Vi fekk nemleg levert vasken vaar til ho dama vi budde hos, saa ho vaska den. Godt med alt som er gjort gitt 😉
I Viña del Mar er det mange og lange strender. Men det er visst iiiiiskaldt aa bade, saa det frista lite med strandliv medan vi var her. Valparaiso er ein by som er bygd opp langs fjellsida. Ser ganske sproe ut. Ogsaa er der mykje grafitti rundt om. Ellers er det lite aa skrive heim om fraa desse plassane. Been there, done that, hakje behov for aa reise dit igjen. Gettit?
Maa og nemne at folket i Chile er utrulig hyggelige. Veldig hjelpsomme, blide og kjekke. Det var ekstra kjekt etter alle dei sure tryna i Venezuela! Saa sjoelv om vi syns folka i tollen paa flyplassen var ein smuuule gapne,
saa var inntrykket alt-i-alt veldig bra! 😊
Istaden for aa messe i det vide og det breide om totalt uinteressante ting, saa tenkte eg at eg heller kunne skrive et reiseinnlegg til. Saa faar dokke fraa Buenos Aires i samma slengen. Greit aa faa gjort unna kontorarbeidet no i paaskeferien syns eg. Haha....
Konklusjon: Vi lika Chile, vi lika chilenera og vi lika Santiago!!
Advertisement
Tot: 0.147s; Tpl: 0.016s; cc: 15; qc: 50; dbt: 0.0831s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1;
; mem: 1.2mb