Advertisement
Published: October 3rd 2009
Edit Blog Post
Hei og hå 😊
Lenge sidan eg har skreve noko her no, men det er fordi det ikkje skjer så stort mykje her. I tillegg går det ikkje an å logge på sol-blogg lenger. Det er grunnen til at eg har starta ein blogg her no!
Miami er ein forholdsvis ny by, så er ikkje så mykje historie om den. Det igjen gjer at det nesten ikkje er nokon museum eller andre sjåverdigheiter her. Så ein vanleg dag består for det meste av skule på morgonen og stranda om før- og ettermiddagen 😊 Så ganske mykje likt ein sydenferie, men eg er glad eg har skule òg, viss ikkje hadde det blitt litt for kjedeleg i lengda!
Høyrde forresten at Miami er den 3. fattigaste byen i heile USA! Miami Beach spegla ikkje akkurat det! Her køyre det mange lamborghiniar, ferrariar og andre dyre bilar forbi heile tida. I tillegg er bygningane store og vakre. Men Miami Beach er berre ein brøkdel av Miami. Køyrde buss i forgje veke over til fastlande. Då kunne ein sjå korleis husa bli mindre og mindre, og meir og meir skrøpelege etterkvart som avstanden frå Miami Beach blei større og større.
Folk
Tornado
Ã
rets første tornado pÃ¥ Miami Beach. Ingen fare, fordi den var liten og langt vekke. flest bur heller ikkje på Miami Beach. Her er det berre turistar som ferierar, det er folk frå andre plassar som eige leilegheitene, og dei dyre og flotte bilane tilhøyre businessmenn frå NY.
I forgje veke var eg på ein litt spesiell fest. Ein fyr frå sveits hadde leigd inn ein limousinbuss for 4 timar. Så vi var ein 20stk, som krusa rundt i Miami og storkosa oss😊 Det var òg siste veka og siste kvelden ilag med nokon eg har blitt godt kjent med frå Austerrike. Så det var ein kjekk sistekveld ilag med dei 😊
På mandag, som var, byrja det nye akademiske skuleåret på EF. Det vil sei at mange nye studentar, som skal vere her i 6 eller 9 mnd, kom. Så no er skulen så godt som full. Og det merkast, for no må vi vente i kø for å få mat. Litt kjipt når du er skikkeleg svolten, men er vel ikkje akkurat verdas undergang!
Alle lærarane blei også rullert rundt på dei forskjellege nivåa. Så på mandag fekk eg også ein ny lærar, Brent. Etter ei veke er vi godt fornøgd med det i klassen, fordi han er yngre og meir
Solnedgang
Kan desverre ikkje sjÃ¥ sola gÃ¥ ned i havet frÃ¥ stranda, men her er i alle fall lys frÃ¥ den. kreativ, enn den forgje læraren vi hadde. I dag, fredag, var vi for eksempel på Starbucks og hadde timen vår der.
Det kom også mange nye frå skandinavia og spesielt Noreg, forgje helg. Eg har ikkje snakka så mykje med dei, litt på grunn av at eg helst vil snakke engelsk, noko som dei slett ikkje gjer når dei er i lag. Det syns eg er ganske uhøfleg ovanfor dei andre ikkje-norsktalande som er rundt deg. I tillegg lika eg ikkje å vere ein del av den «norske(skandinaviske) kulturen», som dei har bringa med seg her. Dei er høglytte, syte og klaga utan spesielt god grunn! Dette legg faktisk folk merke til(ikkje vanskeleg å legge merke til) og dei sette ikkje spesielt pris på det! I starten av veka fekk eg faktisk fleire spørsmål om: «Kor er dei i frå?». Og eg kunne berre svare: «Sorry, dei e frå Skandinavia - Noreg!»
Elles er planen vidare å ta ei helg i Orlando og Disney World, trur eg vil ta eit sertifikat for dykking, som tek ei helg. Eg vil òg prøve å få med meg ein kamp med Miami Dolphins(amerikansk fotball) og ein kamp med Miami Heat(basketball). Det
Klassen min
Her er bilete av klassen min etter at vi hadde vore pÃ¥ Starbucks :) er også nokon dagstura her i Miami eg vil få med meg, men enn så lenge har det vore godt nok med å berre late seg på stranda =) Noko eg vil gjere kommande veke også, i og med at Lina kjem i morgon :D
Dette innlegget var meininga at eg skulle leggje ut forgje fredag, men sidan sol-blogg ikkje fungerer lenger, kjem det først no!
Så no har Lina vore her i ei veke😊 Det var kjempekjekt, men vi var litt uheldige! Først så var vi ikkje så heldige med været. Så vart eg litt sjuk, hovudverk og kanskje litt feber, men så blei Lina også sjuk. Ho låg flat i senga frå torsdag og heile fredag, men var heldigvis betre i dag. På bussen til flyplassen blei ho derimot ganske kvalm igjen, så får håpe flyturen tilbake til Guatemala går bra.
Men trass dårleg med sol og eit par sjukedaga, fekk vi no nokon daga med sol på kroppen. Så fekk vi no òg tida til å gjere det ho elska som mest - nemleg shoppe. Forutan Lincoln Road, som er ei gågate 15minutt frå skulen, var vi på torsdag til Sawgrass Mills Mall. Det er ei gigantisk outlet-mall med over 200 butikkar. Sjølv om Lina byrja å bli sjuk mens vi var der, så trur eg ikkje opphaldet i Miami var så ille!
No er det berre 7veke til her, så reise eg til Guatemala og 😊
Advertisement
Tot: 0.08s; Tpl: 0.01s; cc: 6; qc: 45; dbt: 0.0435s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1;
; mem: 1.1mb
anonymous
non-member comment
heey, eg vil ta dukkerkurs! Og vist dei norske har rest ilag ned, er det kanskje ikkje så løye at dei heng i hop!