Heisann, på tide med eit nytt innlegg tenke eg :) Tida flyr og snart berre tre veke igjen her i Miami. Halloween er stort her i USA og i går tok det heilt av. Gjekk med mitt fantastiske kostyme ilag med mange andre frå skulen, ned gågata - Lincoln Road, her på Miami Beach. Det tok evigheiter! Tjukt i folk og mange utruleg morosame kostymer. Nesten alle hadde kostyme, vaksne, ungar og til og med hundane. Ein venn av meg frå Praha, hadde kanskje det beste og stal naturlegvis mesteparten av showet! Han var ikledd i eit tanga-liknande kostyme frå filmen Borat. I kostymebutikken kunne ein få kostyme frå nesten ingenting til over 200$. Så for å ikkje sløse vekk alt for mykje pengar på eit kostyme for ein dag, valte eg eit enkelt og billeg
... read more