Korleis faa venar


Advertisement
Tanzania's flag
Africa » Tanzania » East » Dar es Salaam
June 19th 2008
Published: June 19th 2008
Edit Blog Post

Dette blir langt difor lagar eg eit flott lite abstract. Skulle til Moshi. vart rana med kniv. Tidenens HPA aktivering. Ved aa konstruere stadig nye oppgaaver og gjeremaal (handle mat, kjoepe klaere, besoeke ambasade, sjekke forsikring osb), samt med ein del 'ut zooming' (sjaa ting i ein stoerre samanheng) gaar det no fint. Ingen skader. Og no har eg i allefall lite aa dra paa!

Aa bli kjendt med folk medan ein reisar er lett, og det kan skje paa mange maatar. Ein av dei er aa finne ein tilfeldig person og saa bli rana saman.

Daa eg skulle ta bussen til Moshi i gaar, vakna eg av ein alarm i naborommet, ein halvtime foer eg hadde tenkt. Eg hadde ikkje lys paa rommet, saa medan eg pakka maatte eg ha doera open slik at eg kunne faa lys i fraa gangen. Det viser seg at naboen som vekka meg og skal ut paa tur, og vi bestemmer oss for aa ta ein daladala til Ubongo, der dei regionale bussane gaar i fraa. Det tek ikkje lang tid foer Erin fortel meg at ho vart rana i gaar. I ein taxi fekk ho beskjed om at ho var 'under controll' samstundes som ho fekk eit rapp over annlete. Dei ville kun ha pengar, saa ho slapp fraa det.

Opplevinga med taxien er grunnen til at ho tek daladala, og eg heng meg paa. Etter aa ha kjoert ei stund byrjar Erin aa bli vettskremd. Ho peiker paa fleire faktorar som tydar paa at dette ikkje er trygt, lite folk i busse og ein lite engasjert konduktoer. Eg ser poenget, men ser ikkje heilt kva vi kan gjere, omraadet vi er i er meorkt og utanfor byen. Etter ei lita stund hoppar deio tre andre pasassjerane ut. Stioppet etter vert doera riven opp, og fire karar med stoerre knivar skrik og herjar. Og her i fraa hugsar eg ikkje mykje kva som hende, eg vart messt fokusert paa han framformeg, men gjennom samtale med Erin har eg faatt rekonstruert situasjonen saann cirka. Eg gav opp min bagasje relativt kjapt, meir eller mindre utan aa tenke over det, etter aa ha faat eit rapp med kniven over kneet. Erin er lidenskapleg fotograf som har reist i 3 manadaer og har i sekken 2 dyre kameraer og ogver 1000 digitale bilete. Ho kjempar. Dei byrjar aa skjaere laus sekken, som er festa rundt magen. Ho gjer opp og dei stikk. Vi satt igjen med ingenting.

(Til psyk studentar: sjeden har vel HPA-aksa mi pumpa, dirra, dundra og hoppa meir). Etter dei er stukke av gaar vi ut av bussen, Erin er fraa seg, eg betenkt, klarar ikkje aa forstaa det som har skjedd. Eg er blitt fortalt at eg hjalp henne opp i fraa bakken, men dette kan eg ikkje hugse, noko som fascinerar meg enormt! Kvifor? Etter ei lita stund klikkar eg. I deg vi gaar inn i ein ny bil som skal ta oss til politistasjonen smell eg handa i doera og broelar det som vel kan kallast et aggresivt urbroel. Bilen byrjar aa kjoere, og plutseleg dett doera eg slo ut. Bilen stoggar og vi hoppar ut. Det plaskregnar, nett som naar det har hendt noko dramatisk paa film.

Paa politistasjonen veit eg kva som ventar: venting. Og vi ventar. Etter aa ha konferert med pakke lista eg publiserte tidlegare fyllar vi ut ein politirapport, og naerare 4 timar seinare traskar vi inn mot byen. Baade Erin og eg er klare for selskap, saa vi oppererar som ei eining resten av dagen. Foerst politiet, saa ambasade og saa eit fint hotell. I loepet av dagen rasjonaliserar eg stituasjonen, og det er grunne til at denne framlegginga har den tonen den har. Begge faar snakka med sine respektive foreldre, og Erin faar eit fly til Doha dagen etter. Vi er ved godt mot og paa det finfine hotellet ser eg kamp om kvelden etter ein goooooood dusj.

I var det frukostbuffet, og de som kjenner meg veit at eg ikkje let ein slik sjanse gaa i fraa meg. Eg planla fort kva eg skulle ete, og aat utan aa ta omsyn til mettheitskjensla. Fruksoten var ferdig fordoeyd for fem timar sidan og eg er framleis mett. Og servitoerane veit nok kven eg er.

I morgon set eg meg paa ny inn i daladala, til same stad, men denne gongen i dagslys. Eg skal til Moshi.

Advertisement



20th June 2008

Tidenes
Det maa jeg si, det er det sjukaste eventyret jeg har lest paa veldig lenge. Haaper du er trygg og i god behold og kommer helskinnet hjem igjen! Jeg har skrevet kort til deg, men har glemt adressa di..... Kan du sende den paa mail? Hilsninger fra det noe mer forutsigbare Thailand
20th July 2008

Ojojoj
Ja, her sitte eg klistra te skjermen og lese om dine hårreisande opplevelser, og tenke at det mest risikable eg har gjort siste ukå e diverse oppussingsarbeid i ein leilighet! Eg håpe det går bra med deg, men du vett vel å passa å deg sjøl. PS: Me får ta det psykologiske etterarbeidet når du komme tebage Hilsen Jon Erling

Tot: 0.091s; Tpl: 0.01s; cc: 10; qc: 48; dbt: 0.053s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb