Kvar skal eg byrje?


Advertisement
Tanzania's flag
Africa » Tanzania » South » Mtwara
June 13th 2008
Published: June 13th 2008
Edit Blog Post

Ja, kvar skal eg byrje? Eg proevar meg fram. Noko av det som er artig med aa reise er aa gaa rundt paa maafaa. Denne gongen havna eg paa ein fiskemarknad, og i fraa den saag eg det som saag ut som ei oa. Eg liker oeyer og tok turen over. Eg sulla for meg sjoelv, tok bilete og kosa meg. Plutseleg saag eg nokre fiskarar som var ute aa fiska. Eg vart saa nyfiken at eg, utan aa tenke gjennom kva eg hadde i bagen, hoppa i badebuksa, fann fram snorkelen og kasta meg uti. Baggen gjoeymde eg i ein busk. Trudde eg.

Eg fann ingenting hjaa fiskarane, berre litt brennmanet. Fem min etter at eg kasta meg uti skulle eg kle paa meg igjen. Bagen var borte. Der laag alt som ein aldri skal gaa fraa. Idiot tenkjer du. Det gjorde eg og. Eg sette meg ned, ba litt, tenkte litt og klikka litt. Saa byrja eg aa speorje folk rundt meg. Dei maa nok ha tenkt sitt om meg der eg spreng rundt i kun shortsen, med snorkelen i handa. Ingen visste nokon ting, og det einaste eg visste var at det var ein landsby eit stykke unna. Eg byrja aa springa. Barbeing i bare shortsen. For eit syn. Eg er jo ikkje nemneverdig brun heller. Eg sprang lenge, fekk vond i beina, kom aldri fram.

Eg vart overtala av nokon paa vegen til aa snu, noko eg gjorde. Daa eg skulle ta baaten over tilbake til fastlandet forbarma ein av fiskarane seg over meg: eg fekk ei teskjorte! Det er noko av det voldsommaste eg har opplevd. Det fiskaren gjorde var kanskje det beste nokon som helst kunne gjort i den situasjonen. Grunnen var i det eg forstod at alt var borte tenkte mest paa skammen det vile vaere aa maate gaa i bare shorts inn i byen for aa ta ut pengar (takk for lurelomma i shortsen Maria!!).

For aa korte ned resten av historia. Eg fann ingenting dag ein. Eg jobba som ein elg for aa opprette dei rette relasjonane dagen etter. Dette gjorde eg ved aa preike med folk, og aa reise inn til to landsbyar, men foers og fremst ved aa vente. Og vente. For aa finne dei rette folka maa ein vente. Og vente. Og venta gjorde eg. Eg sa eg ville betale godt for passet, resten var ikkje saa fraleg.

I gaar, midt under Tyskland Koratia ringer telfonen til Kenneth, dansken eg bur hjaa. Det var Mohammed, ein av dei eg hadde tala med. 'Kom til byen i morgon, ta med 100 00 shilling saa skal du faa passet.' Foerst svetta eg litt, reflekterete eg over det heile og bestemde meg for aa ikkje ta noko forgitt.

I dag gjorde eg som avtalt. Etter ein times gaaing, og tre timars venting, fekk eg passet, og vaksniasjonskortet. I kveld skal Mohammed ringe dersom han finn kameraet, og kanskje til og med mobilen. Eg drar her i fraa paa soendag, daa gidd eg ikkje meir.

Litt synd dette skjedde, for eg har opplevd mange andre fine ting, men dette vart litt altoverskuggande.

Advertisement



Tot: 0.078s; Tpl: 0.012s; cc: 9; qc: 51; dbt: 0.0359s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb