...og aatte bussturar seinare: Mtwara!


Advertisement
Tanzania's flag
Africa » Tanzania » South » Mtwara
June 11th 2008
Published: June 11th 2008
Edit Blog Post

(Need information on Mtwara in english? Send me a message)


Etter aa ha aklimatisert meg i Dar dei siste dagane bestemde eg meg for aa reise soerover paa mandag. Det vanlege er aa ta ein regionmla buss som gaar direkte til den ynskje destinasjonen. Alle eg tala med sa at eg maatte bestille bussbillett dagen foer for aa faa plass, men av ein eller annan grunn fekk eg aldri gjort det. Eg bestemte meg for berre aa kome meg soerover for aa sjaa kor langt eg kom.

Eg kom halvvegs, men du s[ kykje tid det tok. Eg sette meg paa foerste daladala i aattetida og daa byrja eventyret. Desse lokale bussane er ikkje underlagt dei same restriksjonane som dei regionale med tanke paa antal passasjerar. Felle for dei tre foerste bussane var at dei var stapp fulle, at eg hadde sekken paa fanget og at dei stopp omlag kvart 10 minutt for aa ta inn fleire folk. Eg ankom Ikwiriri i tretida, og dekk den nedslaanade beskjeden om at bussane til Kilwa Masoko ikkje gjekk foer i morgon. Eg traska litt rundt for aa dobbeltsjekke dette, og kom i prat med ein triveleg mann, viss namn er gloeymd. Via han fekk eg tilbod om aa sitje paa med ein WWF bil som skulle til Kilwa. Turen gjekk gjennom det veldig spennande Rufijideltaet, store delar av den 80 km lange strekninga gjekk gjennom skog, og denne delen var daarleg, skikkelef daarleg. Uansett: eg fekk sett ein par apekattar og ei oegle samt finfint landskap. Venlegheita ville ingen ende ta daa eg i Kilwa, etter ein god dose ugali, fekk tilbod om aa overnatte hja vener av mannen utan namn. Daa rommet tildelt oss ikkje 'hade nok luft til begge', sov vi utandoers.

Dagen etter reiste mr x heim til Ikwiriri igjen, han skulle visst berre folegje meg til Kilwa! Turen vidare seor gjekk mykje idet same, trengt, varm og langt. Daa eg endeleg kom fram til Mtwara traff eg danske Kenneth og no sofasurfar (www.couchsurfing.com) eg hja han. Triveleg fyr. Haaar paa aa snorkle litt i dag, og kanskje fiske med lokale heltar i kveld.

Skulle nokon ynskje aa sende sms, eller svare paa sms er trikset alltid aa forfatte ny melding, ikkje nytte seg av 'svar' moglegheita, og skrive inn heile nummeret paa nytt. Dette nummeret er +255 787 784 251.

Advertisement



Tot: 0.083s; Tpl: 0.009s; cc: 9; qc: 51; dbt: 0.0333s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb