Brasil - Karneval, men for mykje folk:)


Advertisement
Brazil's flag
South America » Brazil » Rio de Janeiro » Rio de Janeiro » Centro
March 26th 2009
Published: March 26th 2009
Edit Blog Post

Klare for karnevalKlare for karnevalKlare for karneval

Kostyma okkos bleikna i forhold til andre, men det stod ikkje paa innsatsen.
Me landa i Sor Amerikas storste by Sao Paulo med omlag 20 millionar innbyggjarar. Me fekk eit stressande forsteinntrykk daa me tok metroen midt i morgonrushet. Her er trikset og vente paa ein litt mindre full vogn, eller eventuelt presse paa alt det du maktar til du er sikra ein liten plass i vogna. Her blei det nokre rolege dagar, og me fekk starta jakta paa dei perfekte Havaianasane. Me traff nok ein valldol, Bjorn Tore Homme, og han introduserte okk for brasiliansk frukost og ol paa sitt beste.

For karnevalet, var det paa sin plass med litt sol og strandliv igjen, og me reiste til Ubatuba, ein liten strandby omlag midt mellom Sao Paulo og Rio de Janeiro. Her gjekk Bjorg Maren berserk og totalt amok i Havaianshyllene, og endte opp med 22 par sandalar av den edle slagen. No er det bare aa krysse fingre og taer for att ladninga har funne vegen til Lauvdal😊

Fraa fredelege omgjevnader bar det av stad til 24timars karneval med sambadans, kostymar, musikk og ellevill festing. Endeleg kom dagen Cici hadde venta paa sidan me reiste fraa Noreg. Ho speeda paa ut til flyplassen i nyinnkjopt kjole og Ipanema-gullsandalar for aa
Bjorgis sin Havaianas-fangstBjorgis sin Havaianas-fangstBjorgis sin Havaianas-fangst

No maa Tete utvide gonga og gaa til innkaup av fleire skohyller:)
hente Ole Tom😊 Medan me var i Rio fekk me med okk mange attraksjonar, deriblant bystrendene Ipanema og Copacobana og den kjende Jesusstatuen paa toppen av ein fjelltopp der me myste ned paa Sukkertoppen. Me er gode paa aa faa til to fluger i ein smekk og smell�n eine kvelden saag me noko av paradedoningane og galskapen rundt paradegata. Kort oppsummert var det for mykje folk her for tre bondeknolar fraa Setesdal.

Neste stopp paa agendaen, var noko me alle tre hadde sett fram til i lang tid. Det var no paa tide aa utforske den brasilianske sida av Iguazu Falls, eit gedigent og spektakulaert nettverk av fossfall, her talar me foss paa foss paa foss. Hasta la vista til Reiaarsfossen som bleiknar i forhold😊


Additional photos below
Photos: 6, Displayed: 6


Advertisement

3 Border3 Border
3 Border

Grensa mellom Argentina, Brasil og Paraguay. Denne atraksjonen vart unnagjort paa 5 min - god, gammeldags lynsightseeing:)


27th March 2009

Brasil-Karneval, men for mykje folk
SKO vel ankommet! jeg tror vi må bygge på inngangen så vi får plass til flere skohyller, eller investere i en stor spade...

Tot: 0.171s; Tpl: 0.01s; cc: 15; qc: 58; dbt: 0.0758s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb