Cuba - Rom, sigarar og Jan Olsen


Advertisement
Cuba's flag
Central America Caribbean » Cuba » Oeste » La Habana
March 26th 2009
Published: March 26th 2009
Edit Blog Post

Tidlege fly har visst ein tendens til aa forfolge okk, og flighten fraa Kingston til Habana var alli noko unntak! Me kom okk paa flyet, og fekk slengt i okk morgokaffi og vin fraa businessclass, for desse jentene veit aa ordne seg spesialavtalar😊

Me ankom flyplassen i Habana, ein gaamaal og nedsliten flyplass utan roykeforbud, i straalande sol. Synet som venta okk i arrivalhallen var endaa meir straalande; nemleg 3 kjenslege blondiner: Kari Anne, Karianne og Jan Olsen😊 Det var heilt fantastisk aa endeleg faa treffe kjens atte! Jan hadde ordna drosjetransport for alle mann, og det bar av stad til Playa Baracoa, der han og "Syklar til Cuba" har basen sin. Me fekk sett ned bagasjen, og saa bar det ut paa ein spesialsightseeing i Jose sin jeep i omraadet rundt den lisle byen.

Forste stopp var den lokale kafeen/baren der me fekk provd den cubanske olslagen, Bucanero. Vidare reiste me for aa sjaa paa ein vaskeekte sugarcaneplantasje. Ein lokal arbeidar synte okk kossi ein haustar sukkerroyr med maschetekniv, og me fekk sjavsagt smake paa herligheten😊 Me suste vidare til Aaslands sykkelverkstad og Cici fekk provd sin store draum; nemleg aa koyre ein 49modell Plymouth med original motor, Toyota-girkase og Honda-ratt. Ei rektig god blanding! Tilbake gjekk det unna paa to hjul og i ein viss sykkelfart saa foa kjende det dagen etter😊 Hogdepunktet i Playa Baracoa var daa me fekk vitje to skular som Jan samarbeider med, og gje dei nokre smaa gaaver. Me ankom skulen samstundes med skuletransporten somm var alt fraa traktor til hest, og fekk sjaa skuleoppstillinga for undervisninga starta. Bjorg Maren fekk jobbtilbod av rektoren, og kjem attende saa snart ho kan noko meir spansk😊

Jan maatte heim til kalde Noreg, og me fire som var att tok turen til tobakksplantasjane i Viñales. Me sov i casa particulares (eit utleigerom i husa til nokre lokale) og laerte dei forste spanske glosane. Her bar det ut i tobakksfielden, og her var sigarfaktoren hog😊 Me fekk sjaa tobakksplantar, torkehusa, rulling av sigar og alle jentene fekk prove seg som sigarroykarar. Etter det la me ut paa ein minihikingtur, og fekk sjaa dei veldig spesielle fjellformasjonane i omraadet, nemleg mogotar.

Fraa landsbygd til storbyliv bar det av stad. Me var no klare til aa utforske mojitoens heimby, Habana, eller Havanna om du vil😊 Utrusta med Hovet som guide og innbygd GPS, fann me fram til den eine baren etter den andre. Me drakk mojito i favorittbaren til Hemingway, og daiquri i baren som fann opp denne drikken😊 Det blei mykje bygningar og fin, men litt nedsliten arkitektur, saa mykje at det gjekk litt rundt for to av okk. Den fine kyrkja San Cristobal klarte me nemleg aa gaa glipp av aa sjaa, sjolv om me vart fotografert framom den. Eit bilete lyg alli?!

Etter nokre hektiske og innhaldsrike dagar i storbyen, maatte me ta farvel med vaare skjonne blondiner. Saknet var stort, saa me havna rett paa botnen av romflaska og kom okk avgarde til Trinidad. Dette er ein liten, gamaldagsby med brusteinsbelagte gatar og mykje sjel og sjarm. Me fekk snike til okk ein dag med sol og varme paa stranda, og paa veg tilbake koyrte me buss med lokale hotellarbeidarar som hadde stjaale med seg ei flaske rom som dei meir enn gjerne spanderte rundt av😊

Dei siste dagane tilbragte me atter ei gong i Playa Baracoa, der 50 sigarar venta paa okk. Her fekk me ogsaa eit gledeleg gjensyn med vaare nye venninner fraa Jondal; Gunvor og Margit. Me traff ogsaa Gunvor sin familie i norsk og spansk versjon😊 Her vart mojitofaktoren hog, og stemninga desto bete.

15. januar hadde me atter ei gong eit tidleg fly paa gong. Me tenkte det beste var aa ikkje sove, slik at me iallfall ikkje skulle forsove okk😊 Det bar av garde til flyplassen i hui og hast i ein nedsliten, gron lada. Der maatte me lure ein cubansk politimann for aa redde ladasjoforen okkos fraa ein klekkeleg bot.

Advertisement



Tot: 0.151s; Tpl: 0.009s; cc: 10; qc: 55; dbt: 0.0493s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb