Advertisement
Published: March 26th 2009
Edit Blog Post
Ein dag med fossefall var ikkje nok for okk, saa me tok likesaagodt ein rundtur paa 8 timar paa den argentinske sida av Iguazu Falls ogsaa. Dette vart kanskje litt i meste laget, men det var verkeleg ei oppleving for livet!😊 Hogdepunktet var det storste fossefallet, Devils Throut, der me vart rusa paa bruset fraa fossen😊 Me fekk trykka paa kamerautloysarknappen roughly 400 gonger denne dagen.
Saa bar det vidare i luksusnattbuss med bussvertinne til Buenos Aires. Her fekk me med okk bydelen La Boca der legenda sei at tangodansen vart oppfunnen, antikkmarkeda i San Telmo, og det rosa huset i centro der Madonna ei gong song sine flottaste og reinaste tonar forkledd som Evita.
Nok eit hogdepunkt var paa veg, og vinmarkane i Mendoza venta paa okk!😊 Flaks eller god planlegging gjorde at me ankom Mendoza midt under deira store vinfestival, og me slo okk like godt laus med den dyraste vinekspedisjonen (for det er ikkje alltid like godt aa vite forskjell paa US dollar og argentinske pesos). Men me fekk ein heildag i vinmarkane til Norton, der me plukka vindruvo, smaka paa fleire typar druvo, fekk omvisning i produksjonen og Svarowskifamilien (juvelfamilien) sin private vinkjellar der me
Iguazu Falls - Argentina
Devils throuth, ei flott avslutning paa ein 8-timers fossdag. ogaa fekk servera forrett til middagen. Ute i hagen venta BBQ og meir vin av ymse slag. For klokka tre hadde me tre setesdola smellt i okk 4 flaskar vin, og det var for me fann ut at den eigentlege favoritten var rosevinen. Daa gjekk det fort med endaa to flaskar rosa boblevatn. Dette tok paa for kropp og sjel saa me maatte ha ein dugeleg siesta paa hostellet.
Strandlivet var etterlengta etter Mendozas duse tempereturar, saa me reiste til Mar de Ajo, for aa slappe av nokre dagar. Veiret var ikkje heilt paa okkos side, og lite visste vel me om at denne plassen var eit Mekka for pensjonistar med store magar, parasollar og strandstolar. Heldigvis hadde dei vin fraa Mendoza her ogsaa😊
Me reiste tilbake til Buenos Aires for aa ordne nokre praktiske ting med politiet, og det hadde fx noko med eit stjaale pass aa gjere. Alt gjekk heldigvis i boks til slutt, og Cici maate sende guten av garde til Noreg atte. No var det bare to ryper attende i Argentina, og lite visste vel me om at me hadde nokre dramatiske dogn i vente.. Fortsetjing folgjer...
Bussen forlot Buenos Aires i godt
La Boca
Ole Tom i kjent stil i La Bocas fargeglade gater:) driv og god tru paa veg mot La Paz, Bolivia. Ein time for grensa til Bolivia var det desverre bom stopp. Etter litt aktiv research fann me ut at stoppen skuldast ein roadblock som var ein protest mot regjeringas manglande arbeidstibod. Roadblocken bestod av nokre grantre som var slengt over vegen. Paa toppen sat det ti isetande ungar. Bussmannen med munnen full av cocablad meinte dette kunne ta noko tid, saa me heiv okk likegodt rundt med ei vinflaske til. Daa den var fortaera kom me okk heldigvis over vegsperringa som desverre synte seg aa vere den forste av fleire. Neste sperring var noko verre. Me provde mange triks, deriblant aa bestikke dei med pening, noko som verka mot sin hensikt. Istaden for aa sei takk og ja, tok dei pengane okka, truga okk med steinkasting og ville til aa stele bagasjen. Det vart naudsynt aa rygge i morkret i ein viss fart for aa kome unna protestantane. Enden paa visa vart at me maatte tilbringe natta i ein VARM buss. Tidleg neste morgon forlot me bussen og la ut paa vandring over sperringane, og tok okk til grensa paa eiga hand. Me fekk stempla okk inn i Bolivia, og
Buenos Aires - Det rosa huset
Cici i kjent stil, heilt willynickersen etter nok ein turistattraksjon:) flaks som me plag ha trefte me paa den gamle bussen vaar, og fekk folge den heilt til Santa Cruz. Her vart det bussbytte til La Paz, og alt i alt vart dette ein busstur paa ikkje mindre enn 80 timar...
Advertisement
Tot: 0.149s; Tpl: 0.011s; cc: 16; qc: 58; dbt: 0.0516s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1;
; mem: 1.1mb
Live
non-member comment
Ho ho!
Skal sei dykk he fått oppleve litt av kvart.. Syns eg ser dykk prøve å bestikke protestantane ;) :D Må sei eg æ reint misunneleg, dykk må ha hatt ein heilt fantastisk tur! Gleder meg te dykk kjæm heim te kalde Noreg.. Klemmer frå Live og Trym