Costa Rica utan Cici


Advertisement
Published: April 9th 2009
Edit Blog Post

Mini-AmazonasMini-AmazonasMini-Amazonas

Ei vaskeekte krokodille paa veg ut i Costa Ricas elvesystem.
Det bles nordavind fraa fire kantar den dagen Cici reiste heim og eg skulle fortsetje ferda aleine. Eg sette inn turistgassen og slo til med ein tur til ein nasjonalpark same dagen. Her fekk eg sjaa baade krokodillar av fleire slag, skilpaddar og mykje anna i insektskategorien. Me vitja ein bananplantasje, og eg har handla ein klase til deg, Ingvild Spinnvill. (Den kan ventast i posten om nokre dagar!😊 ) Det va ein gedigen nedtur aa kome tilbake til hostellet aa sjaa at Cici va vekk med heile drogariaen sin. (det va liksom daa det gjekk opp for meg at ho faktisk har reist til Noreg paa paaskefeiring). Eg maa innromme at det trilla ei lita taare den kvelden 😊


Dagen etter suste eg avgarde i beste turistshuttle til La Fortuna. Same kvel reiste eg paa vulkantur med Mr Lava Lava ("Bom bom bastic"songen faar alli den same meininga etter dette..). Denne vulkaneksperten hadde lavagaranti, og det slo ikkje feil denne kvelden heller. Alle me i gruppa fekk sjaa Volcan Arenal spytte ut eldkular og vassdamp, om det saa ikkje var saa mykje.

Har ein det travelt, saa har ein det travelt, og neste morgo bar det av stad med bil, baat og saa bil atte til Monteverde.Hadde berre tid til ein kaffi for egtok buss til highwayen og vidare til nok ein by, Liberia. Der klarte eg tydelegvis aa oppspore det verste hostellrommet til no. Eg vakna opp med ein maur i haaret... Treng eg sei noko meir? Heldigvis, faar ein vell seie, reiste bussen min til grensa Costa Rica/Nicaragua kl 5 neste morgon, men ogsaa i dette landet raader omgrepet "Latino-tid". Naar det stend avreise kl 0500 am betyr det like godt kl 0600 som i mitt tilfelle. Eg kom meg iallfall fram til grensa og stod i ko for immigrasjon i 1 time. Ein liten gaatur og ny immigasjonsstempling seinare, var eg endeleg ute av Costa Rica og klar for eit nytt land, Nicaragua!


Additional photos below
Photos: 5, Displayed: 5


Advertisement

In the jungle, the mighty jungelIn the jungle, the mighty jungel
In the jungle, the mighty jungel

Karianne H: Her kjem det etterlengta jungelbiletet! Denne situasjonen har me trass alt ovd paa heilt sidan 16. mai 2008:)
Skilpaddeegg utan innhaldSkilpaddeegg utan innhald
Skilpaddeegg utan innhald

Ein ny liten skilpaddeunge har sett dagens ljos.
Volcan ArenalVolcan Arenal
Volcan Arenal

Dette er Costa Ricas mest aktive vulkan. Me var paa kveldstur til eit utkikkspunkt, og fekk sjaa at vulkanen spytta ut nokre eldkular.


11th April 2009

Hallo
No er Cici vel heime på Hovet att, og det var kjempekoseleg. Men du kan tru eg tenker på deg! Det ser ut som du opplever mykje spennande om du er åleine. Det er ingen tvil at dere har hatt ein fantastisk tur i lag. Men då eg såg dvden av Cici då ho hoppa i strikk må eg sei eg var glad eg ikkje var i hennes bukser. Skal bli gama å treffe deg att når du har kome deg vel heim. Vil ynskje deg fortsatt god tur. Men lov meg at du må passe godt på deg sjølv denne mnd! OK?
14th April 2009

Heisann=)
Har du stilt klokka titta? du veit jo kos latinotida åkkås er, hehe...

Tot: 0.171s; Tpl: 0.011s; cc: 9; qc: 56; dbt: 0.0758s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb