O'heilage svette!


Advertisement
Vietnam's flag
Asia » Vietnam » Red River Delta » Hanoi
June 9th 2010
Published: June 9th 2010
Edit Blog Post

Hanoi



Eg er i live folkens!

Allereide i Paris fikk eg meg ein Vietnamesisk venn. "Ve do hvo demina de e?" spurte ho. Dette tolka eg umiddelbart som "veit du kor teminal tre er?". Og fraa det oyeblikket var vi som erteris heilt fraa Paris til Saigon. Denne dama hadde mykje rart aa fortelje om Vietnam, men ho var ikkje det minste bekymra for at eg skulle klare meg bra. "Do e jo vedi sdod". Yes I am. Ho dama rakk meg ca opp til ribbebeina, og det viser seg at dei fleste andre damene her er ogsaa veldig smaa. Iallfall av dei eg har sett til no. Mannfolka er litt stoerre, men silomusklane mine er ikkje til aa kimse av, (so bekymr deg du ikkje, mamma 😉 )

Etter ein flott flytur, med baade god mat og god soevn ankom eg Saigon. Her moette eg ein kar fraa Kristiansund som og skulle til Vietnam for aa loffe litt. Maatte vente paa neste fly i 4 timar, so her gikk det i skravling, svetting og eting. HERREGUD for ein varme. Lite visste eg daa eg sat der i Saigon, at her i Hanoi er det hakket verre. Eg er veldig glad i sol, og aa ligge aa steike, men den varmen her har eg aldri opplevd makan til. Men eg skal ikkje klage, eg har ikkje faatt ein einaste regndraape ennda 😊

Daa eg kom til Hanoi bestemte eg meg for aa sjekke inn paa det billigaste alternativet i Lonely Planet boka. Dette er eit hostel der eg skal soeve paa rom med 11 andre jenter. Vi har selvfoelgelig kvar vaar seng, dei er store og gode. Vi har aircondition og laaseskap til tinga vaare. Stemninga her er heilt i taket. Her er fleire titalls backpackera fraa overalt i verda.

Etter aa ha slengt ifraa meg tinga paa hostellet tok eg meg ein vandre tur rundt her i det gamle kvartalet. Spesielt! Hoener traskar rundt i gatene, medan andre sit aa flaar hoener paa fortauet. Eg gikk og forbi fleire familiar som aat middag paa bakkeplan. Det saag ut som dei koste seg veldig. Her er og hundrevis av scootermenn, og alle vil at du skal kjoepe ein liten tur. Eg er litt skeptisk, for trafikken her er heilt insane. Eg trur det er ca null reglar. Men etter noken daga er eg kanskje blitt litt meir herda paa dinne kulturen, so daa kan det hende eg sitte bakpaa ein sykkel so haaret flagra 😊

Nei, paa tide aa komme seg ut aa kike paa livet. Klokka er tross alt snart sju her 😊



Advertisement



10th June 2010

Kos deg glugg ihel søta :) Eg e super - duper misunnlig, høyres fantastisk ut!! :) Kast deg opp på motorsykkelen og nyt vinden i håret. Skulle det bli noke problemer har du jo silo- muskla. :):)
10th June 2010

Hei Ingrid! Så artig å få lov til å følge deg på turen din her. Godt å høre at du er vel framme, og har det moro :D
10th June 2010

Åååååh. Så deilig!
Eg e reint misunnelig. Sjøl om det er varmt og godt på Bryggja og i dag. Foresten e det veldig viktig at du ikkje stoppa opp når du kryssa gata. Bare gå på og så unngår dei deg. Viss du stoppa kan du bli påkjørt. Det artigaste e når man ser en moped med en familie og fem-seks grisa (på samme sykkelen ja). Kos deg masse! Klem
10th June 2010

Eg lure så innmari på ka du styre med! Har du fått fleire vennar? Korleis er hostellet? Er maten god? Får vi sjå nokre bilder snart? (Jada, eg veit du berre har vore vekke to dagar- hehe) Pass godt på deg sjøl, er du grei! :)

Tot: 0.079s; Tpl: 0.009s; cc: 8; qc: 51; dbt: 0.0451s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 2; ; mem: 1.1mb