Refleksjonar frå Kongo


Advertisement
Congo, Democratic Republic of the's flag
Africa » Congo Democratic Republic » East » Bukavu
July 17th 2011
Published: July 18th 2011
Edit Blog Post

...og vips så var to veker gått. Det gjekk kjapt, og no sit eg plutseleg på Bryne. Fysisk er eg tilstades, mentalt heng eg litt etter. Kongo gjorde inntrykk. Somme av desse inntrykka blir presentert her i hulter til bulter.

26. juni var Madagaskar sin nasjonaldag. Kva er då meir naturleg enn å feire dagen med gassarar i Kongo? Å feire den saman med FN soldatar i frå Uruguay. Det var litt av ei forsamling, men trivleg nok søndagsunderhaldning. Vi spela Pro Evolution Soccer, Noreg mot Uruguay. Sjelden har det vore så irriterande å vere i frå Noreg, for landslaget vårt i fotball er ubrukeleg, og i alle fall på PlayStation. Gleda var difor stor, og dansen underleg, då eg skåra kampens første mål. Rolegare vart eg då Diego Forlan putta to. Bittert.

FN si stjerne hjå meg har verkeleg dala etter denne månaden. Gjengen i frå Uruguay snakka ikkje engelsk, ikkje fransk ei heller swahili, men berre spansk. Dei var uventa lite veltrena og hadde ein glups appetitt for feit mat og øl. Underleg gjeng. Pakistan har og eit lass med folk i Bukavu. Eg preika litt med dei, og det einaste eg lærde var å seie ha det bra på pashtu, det einaste språket soldaten eg tala med kunne. Men han var god til å vise geværet sitt, det skal han ha.

Etter at intervjua var gjort, vart eg spurd om å halde ein workshop relevant for folk som jobba med bornesoldatar. Workshop ja. Det har eg ikkje hatt før. På fransk seier du? Det språket lærde eg delar for eit og eit halvt år sidan. Om eit tema eg kan velje sjølv? Ingen problem, eg har masser av erfaring. Traumebehanling kanskje? Joda, det er fort gjort det, er det noko eg kan så er det det. Kjempebra. Ja, sa eg, og bad til Vår Herre om at dette måtte ordne seg.

11 stk kom på den avtala dagen, omlag ein halvtime for seint. Vi satte oss i ring, dei lurte på om vi ikkje kunne ha pultar. Eg foreslå vi kunne snakke litt om likskapar og skilnadar ang traumesymptomer i Amerika og Kongo. Dei mente at det var mykje det same, og at det var svært vanskeleg å behandle. Eg kunne ikkje anna enn å seie meg samd. Så spurte eg dei korleis jobben deiras verka inn på dei. Det er knallhardt sa dei. Det trur eg på. Hugs å snakk med kvarandre om kva jobben dykar gjer med dykk. Deltakarane var tilsynelatande nøgde, eg på mi side var glad for at det var over. Eg takka Holgersen, Jarge og Vår Herre for bistand i førebuingane og for at det gjekk så pass fint som det gjekk.

Grusomme ting har ein på avstand i Noreg. Vi les om det på nettet. I Bukavu er det to timar unna, og det gjeld folk sine liv. På ein dag kan ein få servert følgjande historiar: 2 born drukna i flom då det regna i går, ei jente på 6 år kom til sjukehuset førre dagen etter å ha blitt valdteken av far sin politimannen, 14 born var henta ut i frå væpna grupper for to dagar sidan (dei måtte kle av seg då kleda dei hadde på seg var hæren sine) og tre born vart alvorleg skada då lynet slo ned i sist veke. Det er ikkje ofte eg ikkje orkar å lese om grusomme sjebnar, men boka eg las om Holocoust måtte eg ha pause frå. Lidinga var for nær og intens. Løysingane er ikkje like rundt hjørnet.

Likevel går livet sin gang. Eg spelte fotball med ein gjeng, lo og hadde deg kjekt og vart invitert med på 3. omgang, på puben. Der samlast dei som har spelt, snakkar om fotball og drikk øl eller brus. Og så nemnar ein flyulukka dagen før då 63 omkom. Vidare diskuterar ein om Unite kjem til å ha sjanse i neste års Champions League. Og slik held ein fram. Grusomme ting er kvardagen her.

Og kva gjer eg? Eg reiser og ser på gorillaer. Det må vere det lataste dyret eg har sett. Dei låg i skogen, spiste litt, gjespa, smatta og såg på oss. Dei liknar svært mykje på menneske, og kanskje særleg mykje på Hassan. Dei tre andre som var med satt oppslukt å fulgte med. Så rapa gorillaen. Artig, tenkte eg, men det såg ikkje ut til at dei andre registrerte det. Goriallen rulla litt før den slapp ein brakar. Ja, han feis. Høgt. Då tenkte eg at no må det vere lov å le. Høgt. LIkevel gløtta eg på guiden og dei andre for å sjekke deira reaksjon. Ikkje ei mine føretrakk dei. Då lo eg meir, men berre inni meg. Gorillaen kan oppsummerast som stereotypen av ungkaren på 37 som litt i sofaen i leilegheita si, et chips, drikk øl, ser fotball og klør seg på den hårete magen sin. Lat og utan manerar.

Det mest interessante med gorillaturen var å gå i skogen for å finne dei. Dei bur i ein jungel i ordet rette forstand. Å gå på gjengrodde, og tildels ikkjeeksisterande sitar gav eit nytt perspektiv på konflikta i området. Konflikta har mange aktørar, og dei ulike fraksjonane er ikkje så store i antal, og dei oppheld seg i skogane. Vegetasjonen er så tett at om du har ein mann 5 meter føre deg så ser du han ikkje lenger. Å finne ulike militsgrupper, og så krige mot dei i slike omgivnadar er langt i frå lett, og ei heller ei særleg forlokkande oppgåve.

Konflikta i Kongo handlar mykje om naturresurssar. Ein forklaringsmodell på kvifor regionen er så ustabil er at når det er krig er det lite staten kan gjere for å kreve skatter og avgifter for det som forlet landet. Det gjer at kyniske handlesmenn kan utarme området utan at lokalbefolkninga for noko igjen for det. Og businessen er meir lønsam på denne måte. Difor er ingen interesserte i at det skal bli fred i området.

Oppsummert er eg no i eit slags vakum. Møtet med rolege og fredlege Noreg var brutalt. Verda er ikkje rettferdig. Spørsmåla er store og spørsmåla er mange. Dei får eg heller ta med spesiellt interesserte. Spør meg så kan vi drøfte det når vi møtest.

For meir sporadiske småkommentarar og refleksjonar visar eg til twitterprofilen min: https://twitter.com/#!/SteinarJo

Advertisement



Tot: 0.131s; Tpl: 0.017s; cc: 9; qc: 51; dbt: 0.0802s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 2; ; mem: 1.1mb