Ein strålande start


Advertisement
Congo, Democratic Republic of the's flag
Africa » Congo Democratic Republic » East » Bukavu
June 25th 2011
Published: June 25th 2011
Edit Blog Post

Mørkre har lagt seg, ute regnar det. Gårdsplassen vert glimtvis opplyst av lyn, og i det fjerne høyrer eg tordenskrall. Eg befinn meg i Bukavu, i den austre delen av Den demokratiske republikken Kongo. Her er eg for å gjere intervjuer i samband med hovuoppgåva eg skal skrive neste vår. Omalg nokså nøyaktig midt i Afrika har eg vore i snart to veker.

Reisa ned hit gjekk finfint, utan store utfordingar. Eg landa i Kigali, Rwanda tidleg på morgonen, og i møtet med stive prisar på taxi inn til sentrum, gjekk eg ut på motorvegen i søkjen etter ein buss. Etter mindre enn ti minutt stoppa ein sivil pickup og spurte om nokon ville vere med inn til byen. Klart det. Og vips så hadde eg fått ein stråklande start påopphaldet mitt på dette fascinerande kontinentet. I Kigali traff eg ein gamal gjenning som eg åt middag med, før eg sette meg på bussen sørover, retning Butare. I og med at eg hadde vore i Butare nokre år tidlegare visste eg om eit hotell eg kunne overnatte på for å dele opp turen til grensebyen Cyangugu.

Dagen etter bussa eg til Cyangugu, ein lite interessant grenseby, for så å ta turen over til Kongo (DRC). På grensa vart eg møtt av Gaston, som var sendt I frå pinsevennane sin ytremisjon for å hente meg. Eg hadde førebudd meg på komplikasjonar på grenseovergangen (trass i at alle papirar var i orden på førehand) i form av korrupsjonsforsøk, og eg hadde planen klar. Eg skulle vente dei ut. Lenge. Ja kanskje lese ut boka mi til og med.

Det vart lite venting, og før eg visste ordet av det var eg framme på det norske området i Bukavu. Det vart eg møtt av Ingeborg Eikeland, ei mademoiselle av den gode, gamle sorten. Ein misjonær med stor M. Ho er over 80 år, og har vore i landet sidan 1950 talet. Alderen hadde eg aldri gjetta. Ho er full av energi, enormt kunnskaps rik, boblar over av historiar og er klinkande klar I toppen. Ho er ein fryd å ete middag med og fiksar alt eg lurar på.

Før eg ankom hadde eg frosøkt å få til eit program. Etter mykje mailskriving hadde eg klart å få til tre møter, dagen etter eg kom fram. Utan det stod den neste månaden tom på kalenderen. Etter tre telefonar var alt i boks. Ting går som smurt, og eg på mandag har eg gjort over halvparten av intervja eg skal gjere.

Intervjua gjer eg med folk som til dagleg jobbar med born som tidlegare har vore assosierte med væpna grupper, og vi snakkar då om jobben dei gjer. Intervjua går på fransk. Tenk det. Det er ikkje vakkert, ikkje elegant, ei heller korrekt, men eg får informasjonen eg treng. Folk er villige og positive og snakkar både lenge og vel. Intervjua tek eg opp på band, og så skal dei gjerast om til tekst. Det jobbar eg med å få noko til å gjere for meg, og strategien har vore å oppsøke ein høgskule som undervisar I fransk. Etter å ha spurt rundt på måfå fann eg ein aktuell kandidat. Han skal eg snakke meir med på mandag, og forhåpentlegvis kan han ta jobben og spare meg for mykje arbeid.

Fridtida, som eg har mykje av, nyttar eg til å traske rundt I byen, lese og trimme. Eg hadde sett føre meg at det skulle vere lett å finne folk å spele fotball med, men det har tatt litt tid. Nytt forsøk I morgon. Finn eg det, finn eg og sikkert nokon eg kan henge med. Enn så lenge så består sosialiseringa av å snakke med dei eg treff i “profesjonell” samanheng, Ingeborg og to andre pensjonustar som er her ute og tilfeldige folk eg treff på gata.

Eg ser på moglegheitene for å spassere i junglen og sjå på gorillaer. Trur det kan vere tøft. Dei kan visst bli to og ein halv meter høge og vege opp i mot 300 kilo.... http://kahuzibiega.wordpress.com

Advertisement



28th June 2011

Trampeklapp
Dette er drivende spennende, unge mann!

Tot: 0.204s; Tpl: 0.009s; cc: 10; qc: 49; dbt: 0.1389s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb