Inntrykk frå Kigali


Advertisement
Rwanda's flag
Africa » Rwanda » Ville de Kigali
July 18th 2011
Published: July 18th 2011
Edit Blog Post

Eg spasserte over den trafikkerte vegen, myste litt mot sola og rusla vidare på fortauet. Ein mann kom op til meg haldt meg roleg rundt handleddet, og peikte på skoen. Eg kjende så ei hand på brystlomma mi, og instinktivt slo eg den hardt vekk. Eg sett auga i dei begge, dei så olmt på meg og trakk seg unna. Ikkje brått, ikkje som om dei flykta, men sakte medand dei såg på meg. Eg kokte. Eg raste. Eg freste. Eg prøvde å ta dei av dage med blikket mitt. Rundt gjekk folk forbi som vanleg. Dei to mennen forsvann utanfor synsrekkjevidda mi. Eg såg føre meg fleire scenarier, ein der eg kaldkvelde mannen, ein annan der eg spende han ned og ein tredje der eg vrei armen hans og haldt han i ro. Men eg stod altså der og berre freste. Inni meg. Så gjekk eg meg ein liten rundt for å finne ut kva eg skulle gjere. Derettter sette meg med ned på nette, sjekka vg, db, og united.no. Så hadde eg roa meg. Eg missa trass alt ingenting, og hadde eg gjort noko hadde konsekvensane ikkje vore ynskjelege. Verken for meg eller for dei.

I Kigali overnatta eg hjå Paul og Kate, vener eg kjede i frå tidlegare East Africa Cup deltaking. Dei har vore i byen i 3 år no. Då eg var i Rwanda første gongen for nokre år sida gjorde historia frå folkemordet inntrykk. Det skreiv eg om her på bloggen. No tenkte eg at det var lenge sida, og trudde på historiane om forsoning og tilgjeving. Kate var oppteken av folemordet, og gav meg eit innblikk i status presens og viste korleis effektane av folkemordet pregar kvardagen til folk.

Ho fortela at borna til dei som drap i 1994 no vert stigmatiserte. Ingen vil vere med dei. Dei vert baksnakka og utestengde. Far kan sitje i fengsel for det han gjorde i 1994 i tillegg til at familien må betale oppreisning eller erstatting til den fornærma part. Kall det og ei godtgjersle. Summane kan vere astronomiske og koste folk går og grunn. Og alt dette av di far gjorde noko grusomt for snart 20 år sidan.

Ofte er det mødre og born som har overlevd, medan far anten vart drepen eller drap. Mødrene held hatet ovanfor far sin drapsmann vedlike, og hindrar born å leike med slektningar av far sin mordar. Borna blir stadig på minna det som skjedde med far, kven som gjorde det og kven som er i slekt med han.

Eg har vore skeptisk til dei som har omtala Rwanda som ein traumatisert nasjon. No ser eg meir kva dei meiner. Det banka på døra til klasserommet. Plutseleg er ropar ei av jente i klasserommet: "Nei, ikkje lukk opp døra!", "Eg vil ikkje døy!". Dette resulterte i at 14 andre jenter i same klasse gjenopplevde dei grusomme hendingane og i at skuledagen var avbryten. Skule haldt stengt i fleire veker.

Ein gong i april kvart år vert det halde ei veke til minne og det som skjedde i løpet av 100 dagar i april 1994. Den veka er alt stengt. Alt. Ingen har lov til å selge. Ingen har lov til å kjøpe. Folk svarar ikkje på telefonar. Ingen besøkjer kvarandre. Dei som har familie å vere med, er med dei. Kate fortel om dette som ein forferdeleg veke, og at det då kan vere folk som går rundt i gatene og ropar "Eg skal ikkje drepe deg", "Eg er så lei for det". Når heile samfunnet stoppar opp på denne måte er det sikkert at ein ikkje gløymer folkemordet med det første. Samstundes tenkjer eg at dette neppe kan vere sunt i lengda. Er ikkje dette traumatiske påminnarar satt i system, som legg til rette for at folk skal gjenoppleve alt det vonde dei opplevde under folkemordet?


Advertisement



Tot: 0.102s; Tpl: 0.009s; cc: 15; qc: 51; dbt: 0.0574s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb