Ei lita oppsumering av mykje venting og litt paradis liv!


Advertisement
Comoros' flag
Africa » Comoros » Grande Comore
July 21st 2008
Published: July 21st 2008
Edit Blog Post

Ei stund har gaatt sidan sist og av den grunn vert dei ei kjapp oppsummering av hendingar verdt aa faa med seg. Dei er det vel heller faa av.

Paa Komorene er det no drivstoffkrise, noko vi har faat merke. Prisane paa transport ryk i vaeret, dersom transporten eksisterar. Dagen etter Karthala tenkte vi oss til austkysten, naerare bestemt ein landsby kalla Chomoni. Den skulle ha fine strender og eit hotell. I ti tida var vi i gang med aa leite etter transport, og byrja med aa spoerje paa pris paa taxi. Prisane dei prenseterte ville sprenge budsjettet, saa vi leita etter andre alternativ. Etter aa ha traska ei stund traff vi ein som jobba paa hotellet i Chomoni, og han kunne faa oss dit for ein svaert rimeleg penge. VI beit paa og lot han organisere. "Klart vi kan dra med det same!" svara han daa vi ville kome oss av gaarde saa tidleg som mogleg. Han tok oss med til ei lita spritbule i ved ein rundkjoering og ba oss vente i omlag 4o min. 40 min vart til 1 time, 1 time til aa returnere klokka to daa det viste seg at sjaafoeren han tala om slett ikkje hadde drivstoff, men stod i drivstoffkoe. Vi stressa ikkje med aa kome til klokka to, og daa vi kom attende viste det seg av han var dratt. han skulle visst nok ha venta paa oss i 20 min og saa dratt. SOmme i gruppa hadde lite tru paa denne forklaringa. Men vaar ven hadde nye loeysingar, og vi gjekk mde han. Det viste seg kjapt at denne loeysinga berre var sproeyt, saa vi tok saken i eigne hender. I det vi haldt [paa aa gje opp, fekk vi praia ein taxi og forhandla fram ein ikkje haarreisande pris. Tilfeldigvis kom vaar ven hotellarbeidaren og fortalde oss at dette var hans ven, og at han skulle vaere med. Lei av alt maset og klare for aa kome oss avgaarde, reisete vi alle fire.

Chomoni var ein vakker stad, og vi kom fram rett ertter at det var blittt moerkt. VI hadde daa altsaa leita etter transport i fraa ti til halvfem. I korte trekk var maten daarleg, hotellet latterleg og vinden enorm. Eg nytta ikkje lange tida paa aa bestemme meg for at eg skulle stukk der i fraa daa eg heller ikkje fekk sjaa soloppgangen grunna massive skyer. Daa vi visste at transport ville bli eit problem bestemte eg meg for aa ta beina fatt, fire timar over fjellet, men haap om aa faa haike. Martin og Tonje var leie av aa reise saa dei ville ha ein dag i ro paa same plass. Eg traska som ein gal i 5-6 klilometer, med anmbisjonar om aa naa Moroni foer morketsframbrot. Heldigvis kjoeyrde ein taxibrousse forbi, og eg fekk sitje paa, slik at eg var i moroni i femtida.

At eg kom dit tidleg gav meg moglegheiter til aa undersoekje baatavgangar til Moheli. Joda, det skulle gaa ein baat i morgon klokka ni. Lite trudde eg paa det, men eg bestemde meg for aa satse paa det og heller moete Martin og Tonje igjen i Moroni (vi hadde avtalt moetestad dersom eg ikkje kom meg avgarde). Medan vi venta paa bil til Chomoni kom eg i snakk med nokre gasarar som budde ved rundkjoeringa i nokre bolgeblekkskur, og desse tilbaoy meg plass aa sove dersom vi ikkje fann bil. Dette tilbodet nyta eg meg no av. Eg fekk gassisk mat, god prat og det som vel kan kallast ei seng for natta. Eg sov godt, og stakk til havna.

Der var det ikkje tale om at baaten skulle gaa. Vaeret var for daarleg. Eigentleg var det greitt at deg slapp aa ta den vurderinga sjoelv, no kunne eg ikkje dra. Og ikkje nok med vaeret. Etter aa han preika med ein gassisk skipper i fraa Betafo, viste det seg at dei ferraste baatane hadde drivstoff, og dette gjorde at eg skrinla baatplanane for godt. I eit siste desperat forsoekt leita eg etter fly. Alt var fullt, mn dersom eg betalte ekstra kunne dei skyve ut ein som ikkje hadde betalt. Etter aa ha finrekna paa det fann eg at eg ikkje hadde raad. Dette av den enkle grunn at ein i banken kun kan ta ut 300 euro pr veke, og pengane eg hadde igjen ville ha dekka fly mat og losji, men ingenting meir.

Etter dette moette eg Martin og Tonje som avtala, og vi bestemte oss for aa dra nordover. Vi hadde tala med ein soerafrikanar som leia gjenoppbygginga av eit luksushotell der tidlegare iv eka, og han sa vi berre maatte kome ut. Og her sit eg no. Vi ha sove og spist paa hans rekning i to doegn og verkeleg foaat sjaa paradissida av Komorene. Igjen er det bittert at eg ikkje har kamera, dei kritkvite strendene, i ven harmoni med den svarte vulkansek steinen her er enormt vakre. Vi har snorkla, sett paa cricket (han har parabol og bur i villa), sett paa film, spist sjokolade, bada og solt oss. Det er finfint det. Og til no har eg vel knapt brukt ein tiar. Det er finfint det. Og no sit eg paa kontoret go bloggar via satelitt internettforbindelse. Det er finfint det.

Charles, som er namnet paa verten vaar, har og kontaktar i flyselskapet her, og han har sagt han skal sjaa kva han kan gjere for aa fa meg til Moheli. Eg tek ingenting paa forskot, og ventar til eg har billetten i handa foer eg byrja aa glede meg til aa reise til det som er den eignetlege grunnen til at eg drog til Komorene. Eg ventar i spenning! Skulle det ikkje gaa, og det er det eg reknar med, blir det meir strand, snorkling, beachvolley, lesing og avslapping, samt foerebuing av forlovartale foer vi vender tilbake til Tanzania. Der blir det ein dag med shopping av div souvenirar og saa kjem eg attende. Det er kanon aa vaere her, men etter 6 veker paa turr med ein 25 liters skk som no dett fraakvarandre gler eg meg til aa returnere til moderlandet!

Advertisement



Tot: 0.136s; Tpl: 0.009s; cc: 14; qc: 50; dbt: 0.0702s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb