Mt Karthala


Advertisement
Comoros' flag
Africa » Comoros » Grande Comore
July 18th 2008
Published: July 18th 2008
Edit Blog Post

Som avtala vart vi litt uventa henta kvart over fem onsdag morgon. I bilen sat ein eller anna kviting aa sov, og han kvakk til daa vi sett oss inn i bilen. Han var i fraa Polen, og snakka kun polsk og fransk. Vi tok avgarde og det tok ikkje lange tida foer han jabba i veg paa fransk. Eg forstod kanskje 40 prosent av det han sa og gjetta meg til dei neste 30, og som alle med sans fior tal forstaar forstod eg ikkje halvparten. Lyden i stemmmen var dog hyggeleg.

Etter ein kort biltur var vi framme, og byra aa gaa 0550. Til aa byrje med saag vi lite og det var litt kaldt. Dette varte ikkj lenge og etter at sola stod opp fakk vi sjaa frodig regnskog og kjenne den klamme varme lufta. Polakken, som fekk dekknamnet jordbaeret (via jordbaerplukkaren, litt ufint, men no vart det no slik), trena til aa gaa mt. Kenya (eller var det Kilimanjaro?), og hadde tidenes puste, eller skulle eg heller seie preseteknikk. Av andre friske inntrykk kan og lukta til ein av dei lokal og nemnast; det var friske greier det!

Rgenskogen og dens bratte og heller glatte underlag vart erstatta med litt toerraeskog, vi gjekk forbi villtvaksande apelsintraer og bananpalemer til Tonjes store begeistring, samstundes som vi og kunne^plukke og ete vill guava (goavy for dei som har spist det). Etter dette vart terrenget saa pass lik ei norsk lyghei at Martin meinte at edtte likegodt kunne vore i Noreg. Eg var til ein viss grad samd, saerleg med tanke paa temperaturen som nop hadde sunke betrakteleg. Likevel var det heile prega av lavastein og stoerkna lavastraumar, noko eg har tilgode aa sjaa i heimlandet. Eterkvart vart landskapet meri goldt, med daud vegetasjon og temperaturen vart laagare, og trur du ikkje det regna og. Plutseleg var eg attende i Bergen! Etter dette endra landskapet seg dramatisk og vi forstod vi naerma oss krateret paa 2361 meter over havet.

Det som venta oss i krateret kunne ingen ha foerebudd meg paa. For det foerste var det kaldt, eg maatte paa med alle klaerna eg hadde og litt til. Til og med huaa Lauren hadde laant meg nytta eg (under capsen og hetta). Krateret var saa majestetisk av eg fekk frysningar paa ryggen og spontant byjra aa prise Vaar Herre for ein glimrande innsats. Diverre har eg ikkje kamera, men Tonje og Martin gjekk amokk med kamera, saa de som er saa heldiuge kan faa sjaa bilete naar eg kjem heim. Det naeraste eg kan kome ei beskriving av det eg saag er kanskje maanelandskap, men naar det er sagt har vel ingen av oss vore paa maane saa det gjer vel ikkje saa mykje meining. Men du aa du saa vassvittig!

Etter aa ha laga baal i krateret og koka ein primitiv pastarett bestemde vi oss for aa droppe overnattinga, det ville blitt for kaldt. Samstundes maatte vi overnatte omlag to timar i fraa toppen grunna kulden, og daaa vart overnattinglitt meiningslaust. Vi byrja altsaa paa vegen heim. Daa hadde vi alt gatt i bort i mot 6 timar. VI maatte gje paa for aa rekkje ned foer det vart moertk. Du og du, det var tungt. Til aa byrje med gjekk det fint, vi traska rundt i krateret, klartra ut av det og noeyt utsikten. Etter det vart det kun ein fokus: neste steg. Maa ikkje troe skjeivt! Maa ikkje troe skjeivt! Eg vqr troett, sliten vond og qggresiv dei to siste timqne og at verken Tonje Martin eller eg slo oss var eit under. Vi rakk ned rett foer det vart stapp moerkt, heilt moeyrbanka. Det viste seg at grunna drivstoffkrisa her nede var det ingen taksiar som kunne kjoeyre oss dei resterande kilometrane. Vi hadde ytterlegare 40 min gange i vente, og et etter omlag 11 timar effektiv gange! Eg valde éaa fokusere paa at underlaget var flatt og forutsigbarg og byrja aa traske. Daa vi naerma oss byen fekk vi endeleg ein bil, og daa vi banka paa hjaa Lauren kom han ut i shortsen sin med eit breidt glis og ynskja oss velkommen. Eg trur vi var ute aa aat etterpaa, og saa tok vi vel ein dusj, men eg kan ikkj ehugse det tydeleg; eg var heilt kake!

Advertisement



Tot: 0.108s; Tpl: 0.022s; cc: 5; qc: 52; dbt: 0.0572s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb