Komorene!


Advertisement
Comoros' flag
Africa » Comoros » Grande Comore
July 16th 2008
Published: July 18th 2008
Edit Blog Post

Heilt sidan 2004 har eg hatt lyst til aa reise til Komorene. No er eg her! Martin, Tonje og eg ankom paa mandag og inntrykka lot ikkje vente paa seg. Foert gjekk eg nesten i bakke av prisen paa visum; 500 kroner! Etter aa ha svelgt det viste det seg at folk snakka ingenting, og daa meiner eg ingenting engelsk. Min stotrete fransk gjorde ikkje det heile betre. Eg skal laere meg fransk skikkeleg ein dag.

Langskapet her er unikt, sterkt perga av at det er ei vulkansk oey. Der det ikkje er groent er det svart, vukanske stein. Samstundes som at dette er vakkert, staar det i sterk kontrast til alt som er av bebyggelse. Alt er nedsluppe, i enda stoerre grad enn eg har sett ellers i afrika. Ein kan sjaa at dette skulle ha vore fint ein gong i tida, men det er lenge sidan. Den einaste byggningen som er ny, rein og fin er den nye banken, og den staar so, ein massiv kontrast til alt anna.

Paa foerehand hadde eg rekna med at gassisken ville gje oss fordelar. Og det har den gitt. Vi stakk innom det gassiske konsulatet og vart varmt mottekene ein time etter stengetid. Pasteur Willy vart svaert behjelpeleg, og det vart ikkje lenge foer ha foereslo at vi sikkert kunne bu hja nokre gassarar. Fint var det, for der vi budde var over litt budsjett. Lqerqren Lqurent tok i mlot poss med opne armar og tala godt engelsk, noko som gjorde at alle vart med i samtalen. Vi tok Laurent med ut for aa ete, og medan vi aat vart vi verta opp av svogeren til Laurent. Han kjende ein kar som dreiv med guiding paa Mt. Karthala, verdas stoerste aktive vuklanfjell. (For meir info om den sjekk http://en.wikipedia.org/wiki/Karthala). Vi prata ein del med han for aa finne ut kva han visste om vulkanen. Han gav oss ein pris og fortalde oss, som alle andre hadde aatvara oss om, at det var svaert kaldt der oppe. Vi skumpa borti ein eller anna velkomst fest av eit eller anna slag, og utan aa vite det traff vi neste alle kvite som befinn seg i Moroni. Det passa svaert godt daa dei fleste av dei hadde gaatt turen vi ynskja aa gaa. Etter fleire samtala og diskusjonar bestemde vi oss for aa nytte guide og avtala denne dagen etter. Vi skulle bli henta 0500. Turen vert omtala i neste innlegg.

Advertisement



Tot: 0.108s; Tpl: 0.009s; cc: 8; qc: 53; dbt: 0.0623s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb