Puebla og Cholula: 2.-4. mars


Advertisement
Mexico's flag
North America » Mexico » Veracruz » Xalapa
March 18th 2007
Published: March 18th 2007
Edit Blog Post

PueblaPueblaPuebla

Frå sentrum av Puebla, ein svært vakker by.
Den fyrste helga i mars reiste eg, Sarah, Shamira, Laura og Michelle til Puebla på jentetur. Me overnatta på eit billig og livlig hostel, der me traff mange kjekke folk og nokre ikkje-så-kjekke folk. Høgdepunktet på turen var ein dagstur til Cholula, som er kjent for arkeologiske utgravingar av gamle ruinar av Teotihuacan-indianarane (det er mogleg namnet er stava feil, men ber over med meg), særleg ei relativt stor pyramide. Sjølve byen Puebla er svært kjend i Mexico, særleg for sin "Mole Poblano" som er ein slags sjokolade-chili saus (som eg diverre, og merkeleg nok, IKKJE likar) samt byen sine kyrkjer. Trur det er fleire hundre kyrkjer der - nokon fortalde meg at der er 365 kyrkjer, ei for kvar dag i året - men eg er ikkje hundre prosent sikker på om dette stemmer. MASSEVIS av kyrkjer i alle fall.

Har lagt ut så mange bileter eg hadde ork for, slik er det med digitalkamera - ein tek mange mange bileter men orkar aldri å legge ut alle. Open invitasjon for alle som vil kome å sjå alle bileta mine når eg kjem heim, dog.
Nuvel.

Turen til Cholula inkluderte ei svært spanande skattejakt (!) fordi Alan Islas,
Puebla 2Puebla 2Puebla 2

Frå sentrum av Puebla, ein svært vakker by.
vår mexicanske ven for helga, hadde ein sånn der GPS-kart-finnar (hekje peiling på ka det egentlig heite), og me fann faktisk ein ekte skatt som andre mennesker hadde lagt ut på forhånd. Han lasta ned koordinatane på GPS-dingsen, og vips så kunne me fylgje pila og finne skatten som låg nedgravd under eit tre!
Andre ting me gjorde på turen var å ha ein svært koseleg piknik under skuggen på eit stort tre ved ruinane som me klatra i ein times tid.
På søndagen, dagen me reiste heim, overtalte Laura meg med til eit stort museum i Puebla sentrum, der eg fann nokre holemåleri frå Noreg. Lita verd, gitt.
Ein trist ting: På fredagen fann eg ein liten butikk som hadde ein tiger (!) i eit bittelite glasbur. Det heile var så tragisk og trist at eg måtte gråte ein skvett. 10 pesos for å sjå ein levande tiger som IKKJE er særleg nøgd med å vere i verdas minste glasbur.. Dumme, dumme, dumme mennesker..

Ein svært bra tur "all in all", men må nok attende til Puebla for å verkeleg oppleve den byen. Og for å befri tigeren.


Additional photos below
Photos: 25, Displayed: 23


Advertisement

Puebla 3Puebla 3
Puebla 3

Frå sentrum av Puebla, av katedralen.
Siri ved katedralenSiri ved katedralen
Siri ved katedralen

Frå utsida av katedralen - Shamira fanga meg i eit særdeles vakkert lys.
Sham ved El ZocaloSham ved El Zocalo
Sham ved El Zocalo

Shamira og fontena. (avogtil e det so vanskelig å skrive norsk at dåkke anakje..)
Sightseeing without a guideSightseeing without a guide
Sightseeing without a guide

Anar ikkje kva me tok bilete av her, men det såg tøft ut.
Folk me traffFolk me traff
Folk me traff

Julenissen, frå California og mexicanske Alan Islas.
Folk me traff 2Folk me traff 2
Folk me traff 2

Diverse folk frå der me budde.
Folk me traff 3Folk me traff 3
Folk me traff 3

Laura, Sarah, Alan Islas og en anna fjomp.
FiskemiddagFiskemiddag
Fiskemiddag

Nam nam.
Fiskemiddag 2Fiskemiddag 2
Fiskemiddag 2

Nam nam. Smakte ganske bra ja.
Katedral om nattaKatedral om natta
Katedral om natta

Tok ein del bileter av sentrum i Puebla..
Katedral om natta 2Katedral om natta 2
Katedral om natta 2

Tok ein del bileter av sentrum i Puebla..
Lokal bussLokal buss
Lokal buss

For 5 pesos..
Lokal buss 2Lokal buss 2
Lokal buss 2

Sarah, Sham og Michelle.
Lokal buss 3Lokal buss 3
Lokal buss 3

Laura på bussen.
CholulaCholula
Cholula

Bussen tok oss til Cholula, som har utruleg kule utgravingar av gamle ruinar og ei ganske heftig pyramide. Haugen med pyramide og kyrkje på toppen.
Cholula 2Cholula 2
Cholula 2

Sarah og ruinar, nærare bestemt frå Teotihuacan-indianarane.
Cholula 3Cholula 3
Cholula 3

Meir frå ruinane..Tok MASSE bileter, men det går langt tid å laste opp bileta her - så eg legg ikkje ut på langt nær alle..
Cholula 4Cholula 4
Cholula 4

Jepp. Dårleg bilete, men det ER røyk frå ein vulkan! Hoho!
Cholula 5Cholula 5
Cholula 5

Laura ofra Sarah på eit autentisk alter..
Cholula 6Cholula 6
Cholula 6

Ruina, med kyrkja på toppen av (den underjordiske) pyramida i bakgrunnen.
Cholula 7Cholula 7
Cholula 7

Pyramide!
Cholula 8Cholula 8
Cholula 8

...og ikkje for å skryte, men eg sprang opp heile den der trappa. Vil ikkje kommentere på tilstanden min etterpå, dog. *kremt*
Cholula 9Cholula 9
Cholula 9

Eg mottok "a blessing" eller "una limpia" (som betyr "rensing") frå ein vassekte indianar for 30 pesos. Stussa litt då han byrja å messe "Hare hare krishna, hare rama"..


21st March 2007

hola mexico!!
jesss!! mi ska snart t mexico !! gler oss !!ser spennande å lovande ut !! klæmmmm mamma
23rd March 2007

Mole
Ej lika heller ikkje mole, funka ikkje me sjokoladekryddersaus på kjøt for min del... Men pappa elska de...

Tot: 0.064s; Tpl: 0.013s; cc: 5; qc: 43; dbt: 0.0364s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb