Er liksom noko heile tida


Advertisement
New Zealand's flag
Oceania » New Zealand » South Island » Glenorchy
October 23rd 2010
Published: October 24th 2010
Edit Blog Post

Cattle stopCattle stopCattle stop

On our way to Greenstone
Eg rekker liksom ikkje lenger aa sette meg ned, ta ein ol eller kopp kaffi, men endelig denne flotte laurdagskvelden har eg tatt meg tid til ein heilaften framom pcen😊
Hadde tenkt eg skulle faa satt meg ned aa planlagt turen litt, men gidder ikkje saa fer heller bare reise der vinden tek meg, trur eg!
Denne veka har gjenge saa fort at det er meste ikkje til aa tru, vips saa er det laurdag og sundag imorgo. Eg og Lisa (tysk) har jobba som helter denne veka, daa meiner eg verkelig helter!! Eg har laga mat til noken og einkver, mens Lisa har vaska rom og sammen har me vaska, pressa og bretta toy!!

Det har vorte lange dager, men jobber man tidlig og fort fer ein likevel noko sol ut av dagen..., saa paa Torsdag fann me fram dei altfor store syklane a traakka avgarde mot Greenstone ( 12 km ein veg).
Denne vegen bestaar kunn av oppover og nedoverbakker, da er det godt du har ein sykkel som ikkje har bremser, er alt for liten og 90% av lufta i dekka er borte, men eg skal ikkje klage😊
Etter ei god stund og x antall pust i bakken kom me oss til Greenstone, var knall fint, fekk eit lite pusterom for me maatte beine heimatt for aa rekke middag!!
Det var ein fantastisk tur, sjolv om eg sit her med ein strekk og litt vondt i rompa var det verdt det.....
Det var godt aa komme seg i seng denne kvelden, det venta ein heller travel og tidleg dag morgonen etter...

Denne dagen var det full rulle med romvask og BBQ, det fantastiske var at dei slo av straumen, saa ikkje fekk me vaske sengetoy. Det er og flott naar ein gjeng bestaaende av 25 asiatiske viktigperer skal paa lunsj her, og vi staar igjen med ein stabel med oppvask siden oppvaskmaskinen ikkje funka, heldigvis hadde dei grillmat, puuhh😊
Utpaa formiddagen fekk me straumen att og me fekk unna litt vask. Ettermiddagen kom og eg skulle ta med Lisa ut i kajakk, eg er blitt ganske saa flink den tida eg har vore i NZ😊
I kvar sin kajakk padla me avgarde, tanken var aa kome oss over "laken" til Glenorchy, aa det gjorde me og, tok litt tid men....., fekk oss ein Hocky Pocky is (favorittis, namnam faar vatn i munnen no😊 for saa aa padle tilbake. Naar me kom tilbake fekk me mote dei to nye jentene fraa Malaysia, Ally og J (minnast ikkje namnet), koselige jenter.

Eg vakna til knall veir idag klokka 0700, stod opp fekk i meg litt frukost og satt deretter aa venta paa Lisa, dette var fridagen vaar og den skulle brukast til fjelltur i Routeburn dalen, jippi!!
Laante bilen til John og kjorte avgarde, fyste kjoreturen min her nede, var for det meste paa grusveg ellers hadde dei piler som hjalp meg med aa minnast kva side eg skulle vere paa😊
Me kom fram og begynte aa labbe avgarde, kom opp til Routeburn falls hyttene (3 timar), tok ein matbit der for saa aa labbe 1 time innover fjella.
Kom tilbake, slo av ein prat med ein kiwi guide som lurte paa om ikkje eg hadde vore paa sykkel til Greenstone denne veka, det hadde eg jo saa du kan sei folk legg merke til meg her nede, veit ikkje kva det kan vere, hoho😊
Hadde ein knall fin tur og kom tilbake til bilen ganske saa saarbeint og trott....., fann ut at me skulle opp aa glo i Paradise ein tur og det gjorde me og.. Var utrulig fint her, men folte vel kanskje at det var litt oppskrytt, men hadde me hatt betre tid hadde eg kanskje sagt noko anna...
KOm tilbake til Kinloch og fekk mat og slappa av!!


Additional photos below
Photos: 45, Displayed: 24


Advertisement

Eit gult treEit gult tre
Eit gult tre

Etter at eg kom til NZ har eg vorte veldig fasinera over alle dei ulike trea dei har her, rett og slett fantastisk!
Homme og nokre treHomme og nokre tre
Homme og nokre tre

Var ikkje klar over kva som var bak meg for Lisa sa ho maatte ta eit bilete av meg:)
KoklarKoklar
Koklar

Eg likte desse, saa tok med meg nokre, saa vurderer aa sende dei heim til jol, fin jolepynt!!
Kajakk womanKajakk woman
Kajakk woman

Her padler eg av garde
Hocky Pocky ISHocky Pocky IS
Hocky Pocky IS

Den beste isen ever, me unna oss kvar sin i Glenorchy
Strand bileteStrand bilete
Strand bilete

Lisa liker aa ta slike bilete, eg blir bare med:)
BBQBBQ
BBQ

Asiatiske viktigperer paa BBQ i KInloch
JohnJohn
John

Sjefen min, knall fyr


Tot: 0.113s; Tpl: 0.016s; cc: 10; qc: 50; dbt: 0.0487s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 2; ; mem: 1.1mb