Avreise i morgon, Tanzania neste!


Advertisement
Norway's flag
Europe » Norway » Western Norway » Bryne
June 5th 2008
Published: June 5th 2008
Edit Blog Post

No er det kun få timar til eg set meg på flyet, rettar nasen sørover, og drar til Tanaznia! Det blir genialt. I utgangspunktet betrakta eg Tanzania som eit relativt platt reisemål, men etter å ha lese meg litt opp er dette intrykket blitt modifisert. Rett nok er det mykje turisme, og mykje er lagt opp til kvitemann skal trivast og leggje igjen store summar. Trass i dette er dyrelivet enormt. Alt ein har sett på tv om afrika er i regelen i frå Tanzania, hovudsakleg i frå Ngorogoro krateret eller Serengeti. Ja, og så har dei Kilimanjaro og ja.

Men eg skal ingen av delene. Eg skal sige rundt, preike med folk, ete rar mat, ta båten ned til Mtwara, og så pusle meg opp langs kysten ved å gå, haike og busse. Det blir finfint. Eller så skjer ikkje noko av dette og eg gjer noko heilt anna. Det og blir flott. Det er kanskje nett det som er så flott med å være på tur. Ingenting er fastlagt, ingenting er planlagt, berre skissert. Og skulle ein kome over noko som verkar interessant er det berre henge seg på.

Advertisement



Tot: 0.09s; Tpl: 0.01s; cc: 11; qc: 48; dbt: 0.0456s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb