Hong Kong - vindushopping


Advertisement
Hong Kong's flag
Asia » Hong Kong » Kowloon
December 29th 2008
Published: December 29th 2008
Edit Blog Post

Cable carCable carCable car

Her kan me nyte utsikten i ro og mak, for dette gjekk ikkje plent fort!!
Noko i beit for overnatting kom me til Hong Kong, seint paa kvelden Christmas Eve. Lure som me var hadde me ikkje booka hostell, saa me ente opp paa eit tikvadratmeter stort kott. Om storleiken var helst liten, saa hadde rommet alle andre fasilitetar, i folge eigaren (eller fetteren til onkelens bror). Rommets luksusfaktorar: To senger, nattbord med skuff(inkludert lugubre blad), TV, telefon (gratis aa ringe innanlands, saa dette fekk me benytta okk godt av😊 ), aircondition OG vifte og eige bad. Badet gav okk direkte danskebaatkjensle og det var saa stort at me lett kunne gaa paa do, dusje og pusse tenner samtidig.

Hong Kong var egentleg bare ein stor shoppingby, saa for okk som gjeng paa konstant budsjett, blei det bare vindushopping og ein tur i cable car der me fekk sjaa utsikt over byen og den store Buddhaen som Hong Kong er saa kjent for.

Veldig metta paa Asia og asiatiske storbyer blir det godt aa forflytte seg til ein ny verdsdel. Det er ikkje faa gonger Bjorg Maren nesten har tatt ein vinkelklikk med splitthopp og sprett paa alle som vrimler inn og ut av butikker, fram og tilbake paa vegen og stopper utan maal og meining rett framom ho. Fryd og glede! Cici blir ikkje fullt saa stressa av mykje folk, for ho kjenner seg atte fraa rushtraffikken paa Ulveriket😊

Advertisement



Tot: 0.038s; Tpl: 0.008s; cc: 13; qc: 22; dbt: 0.0218s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1mb