International Criminal Tribunal for Rwanda


Advertisement
Tanzania's flag
Africa » Tanzania
July 9th 2008
Published: July 9th 2008
Edit Blog Post

Etter aa ha sett lake Manyara i soloppgong, kjoeyrt fastklemd i Landcruiser i tre timar kom Martin og eg til Arusha. Der bestillte vi billett til Dar og saa traff vi Astrid og Moeyfrid. Eg stakk paa rettsak, medan dei andre la seg i sola.

Lite visste eg kva som venta meg daa eg naerma meg Arusha International Conference Center. Daa eg hadde faat tak i sakspapirer tidlegare var det interessant aa hoyre paa vitner forklare seg om hendingar paa foeremiddagen 7. juni. For dykk som treng ei oppfrisking var dette datoen daa 10 belgiske FN-soldatar vart drepne, eit trekk for aa faa FN ut or landet. Interessant var dette ei stund, men saa byrja ein av forsvarsadvokatane aa kvaerne om og om igjen detaljar paa minutt nivaa. Daa gav eg meg.

Eg hadde registrert at ein av domarane i desse rettsakane var i fraa Madagaskar. Eg hadde tenkt aa sende mail og be om eit moete, men kom aldri saa langt. I det eg skulle forlate rettsaken slo det meg at eg berre kunne stikke innom. Fyttigrisen. For eit paafunn! Foer eg hadde tenkt gjennom det hadde eg spurt etter Arlette Ramaroson. Og foer eg visste ordet av det6 stod eg i telefon med sekreteaeren hennar. Ho ville vite kven eg var, kva min relasjon til Ramarosn var og kva i all verda eg ville. Eg svara saa rundt som eg kunne, utan aa svar paa spoersmaala, daa eg streng tatt ikkje visste kva eg ville. Det einaste eg stolte paa var gassisken, og at denne skulle gjere susen.

Daa det viste seg at ho ikkje var inne ville sekretaeren ha meg til aa vente. Tanken paa det fekk meg til aa kaldsveitte. Kvifor i all verda skulle eg eignentleg tale med denne domaren? Sei det. Eg kom med ei kvit lygn om at eg nok ikkje kunn evente saa lenge og at eg maatte gaa om 30 min. Fleire gonger vart eg minna paa at dette var ein domar, og at denne hadde begrensa med tid, det var derfor naudsynt at det eg ville var viktig. Eg klarde ikkje aa formulere meg slik at eg kunne gaa, og etter eit kort dobesoek fekk eg beskjed om aa ta heisen opp for aa tale med henne. Hjarte i halsen. Kaldsvetting (nok ei HPA aktivering!).

Eg vart eskortert inn av ein vakt, for saa aa bli leia inn paa kontoret av sekretaeren. Ho helsa paa engelsk, eg kasta meg paa gassisken slik at sekretaere ikkje skulle faa med seg flausa som eg var sikker paa skulle utspele seg.

Ramaroson reagerte som ho skulle paa gassisken. Daa det kom fram at eg var son til pastora Ivar Johannessen, eit namn hop hadde hoyrt, og at eg var lutheranar var alt vel. Deretter preika vi om laust og fast, og det tok ikkje lange tida foer ho la ut.

Og for ei kvinne! Ho byrja beint fram aa vitne! Ho fortalde at ho hadde vore elev av Nenilava, og at ho sjoelv var hyrding (i den gassiske kyrkja). Trua til denne dama var enorm, og maaten ho hadde kome til den posisjonen ho hadde paa har eg vel knapt hoyrt liknande. Den er saa pass spesiell at eg tek den (gladeleg) munnleg for dei som maatte vaere interesserte. Sentralt for henne stod oppgaava med aa vinne andre for Kristus. Dette hadde doert til at ho hadde leia ei muslimsk kvinne til Jesus, og no maatte ho ta seg av henne da kvinna vart utstoytt fraa familien. Ramaroson dreiv og naudhjelp i soer aust madagaskar, men det som gjorde mest uttrykk var foelgjande uttaling: "Det er ikkje saa legg aa evangelisere her i desse FN korridorane...". Det var som om ho hadde banna i kyrja. Og det sa ho sjoelv og, FN skal vaere religionsfritt. Trass i dette hadde ho vitna fritt og no var mange paa bygget kome til tru.

Aa oppsummere alt det ho sa og alt ho utstraalte via tastaturet og ein daarleg stol paa ein slapp internettcafe let seg ikkje gjere. Men for ei oppleving, og vil du det fortel eg deg gjerne meir dersom du spoer!

Ho foereslo aa moetast seinare, men daa hadde eg allereie bestillt bussen til Dar og eg kunne ikkje svike Martin. Kontakten med Ramaroson kunne vedlikehaldast via skype! Det er sjukt det. Kor mange gongar hoyrer ein at ein FN domar skryte av kvaliteten paa lyden paa skype og at det vil vaere ein utmerka maate aa halde kontakten paa?

Eg fekk jo vite lite om Rwanda i denne omgangen, men kva gjer vel det. Eg har no skaffa meg ei evig kjelde til kunne om Rwanda, og mykje mykje anna. No er det berre aa formulere ein mail!

Advertisement



13th July 2008

Alltid like spennende lesning :)
Hei på du Stones!! Det er veldig hyggelig å følge med bloggen din, jeg håper at det blir noe av den reisen som vi ikka har planlagt enda, du har den rette instillinga :) (men jeg blir litt nervøs av å lese om det du gjør). Lykke til i Dar og på turen videre!

Tot: 0.088s; Tpl: 0.011s; cc: 9; qc: 45; dbt: 0.0489s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb