Haiketur!


Advertisement
France's flag
Europe » France » Aquitaine » Biscarosse
August 23rd 2009
Published: August 23rd 2009
Edit Blog Post

Dagane går vekeleg i eitt og det blir lite tid til blogging. Likevel; her kjem ein liten smakebit av kva som skjer.

Det blir ein del henging med andre folk som tar franskkurs; mange trivlege italienarar. På fredagen vart eg invitert med av Kristin (frå psyk fak, som er på utveksling samstundes med meg) og nokre italienarar til Biarritz. Det skal visst være sædeles fint der. Togturen var litt kostbar, og med tanke på at eg skal til Roma neste helg takka eg først nei. Dette var heilt til eg fann ut at eg kunne haike. Eg fekk med meg ei italiensk venninde som i utgangspunktet var skeptisk, men som ettter litt vart gira. Som sagt så gjort. Alt vi hadde som utgangspunkt var ei beskriving av korleis ein skulle kome seg til motorvegen som gjekk sørover.

Laurdagen møttes vi kl halv ni, for å ha god ti til å finne bil, kome oss til Biarritz (to timar i bil, dersom alt går som det skal) og attende. For å finne bil måtte vi kome oss ut i frå bykjerna og til ein påkjørsel til motorvegen. Det tenkte vi skulle gå lett ved hjelp av bybane og buss. Dne gong ei. Bussane går jo aldri heri frankrike. Plan A var å ta buss, men det viste seg då vi kom til busshaldeplassen at bussen først gjekk 90 minuntt seinare. Flott. Plan B var, som den alltid er når eg er ute på tur, å traske. Så vi traska. Det tæra nok litt på tolmodet til italienaren, for med min rettningssans så gjekk ein så klart ei stund i feil retning, men med litt vitsing og ein cola var humøret tilbake på topp. Målet var atlså Biarritz. Vi stillte oss opp ved ein påkjørsleg til motorvegen sørover. To tre stykk stoppa i løpet av dei første 10 minutta, men alle skulle til sentrum. Tilslutt stoppa Sylvain. Han skulle ikkje til Biarritz, men til Biscarosse, og vips der var planane endra. Biscarosse har strand, og det var nok. Han viste seg å være ein trivleg kar som var lett å praike med og som var lidenskapleg petanque spelar. Kjapt vart vi sett inn i reglar, storleiken på både bane og kuler, samt dei ulike rollene spelarane har på laget. Artig.

Framme i Biscarosse handla vi bayonneskinke (i og med at vi ikkje var meir enn ein time unna Bayonne var dette eit lite must), ost og paprika. Alt dette trøkka inn i ein baguette og vips var det lunch. Oppdratt med solkremsmak i munnen veit eg å smøre meg. Alle stadene som er lette å gløyme smurde eg med omhu. Men eg gløymde magen, tenk det. Så no er eg hummar. Flott. Bsicarosse var ein finsleg by, tydeleg prega av at den ligg ved atlanteren; det var sufre butikkar og surfe folk over alt!

Då vi skulle heim igjen, fekk vi haik med ei dame som skulle til Arcachon, som er nokonlunde på veg mot Bordeaux, eller i alle fall nordover. Ho hadde nett spelt inn film, og var godt nøgd med det. Bilen var liten og fancy, og eg satt i baksete med knea opp under haka og med ein hund under armen. Finsleg! I Arcachon var det å få haik ein leik. Det var det forresten heile turen; tilsaman venta vi vel i 30 min! Vi satt på med eit par studentar frå Toulouse som var i Bordeaux på ferie og for å ta båtførarlappen.

Torstein B hadde tipsa meg om å ha med norsk flagg når ein skal haike. Eg synes i utgangspunktet at det er ille å dra på flagg, og slapp heldigvis å bruke det. Men eg kjem til å ha det med neste gong; argumenta hans er gode!

Alt i alt var det ein strålande tur, med ekte feriekjensle. Ein veit ikkje kva som skjer, og ha god tid til å ta det som det kjem. Det likar eg. Og så kostar det ingenting. 90 kroner for ei dagstur inkludert alt! Dette kjem eg definitivt til å gjere dette fleire gongar!

Ellers er det kjekt å bu i ”storby” (Bordeaux er visst liten, men eg tykkjer den er nett passe). Som i dag, då eg gjekk på loppemarknad og handla ein verkeleg sleten nylonstrengar. Stas!


Eg hadde faktiske teke litt bilete, og planen var å dele dei med deg kjære lesar, men USB'en på PC er ikkje heilt i slag, så eg fekk ei ført bileta over.

Advertisement



25th August 2009

W Biscarrosse!
...Maintenant je comprends aussi la frustration de pas comprendre une autre langue! Google translator ne marche pas trop bien en cet cas! xD

Tot: 0.087s; Tpl: 0.01s; cc: 10; qc: 48; dbt: 0.0445s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb