Advertisement
Published: January 29th 2009
Edit Blog Post
Til Ingrid
Kjenner du deg igjen i den gata her? Tudeliduuuuh!!!
😊
Tenkte vi maatte komme med eit lite reiseinnlegg til fraa Cuba, i tillegg til bilde fraa dei siste to vekene.
Vi er forresten veldig skuffa over responsen paa siste innlegg (utenom Sonja og Lisbet, takk!). Er det saann at null bilder = null kommentarar? 😉
Uansett, no er vi tilbake i Cancun, Mexico. Vi skal ta buss kl.23.59 til Chetumal, som ligge rett foer grensa til Belize. Saa skal vi bytte buss, saa vi kjem oss til ein by over grensa. Saaaa skal vi forhaapentligvis ta ferje ut til nokre oeyer. Det er i alle fall planen just nu.
Sist vi skreiv var vi i Trinidad og nesten paa veg til Santa Clara. Turen dit gikk finfint. Vi havna midt inni ein gjeng paa seks hoeglydte svenskar (2 + 2 +2), som skulle fortelle kvarandre alt om seg sjoelv, alle plassar dei har vore, alle plassar dei skulle til osv. Tydeligvis om aa gjere aa overgaa kvarandre, for det var mykje ala "A-aaaa, Guatemala City skal ju vara JETTEfarlig, typ saa her at man inte kommer levande ifraan det, men dit skal vi! Ja visst!" og "I El Salvador gaar ju alla rundt med
pistol og skjuter varandra paa gatorna, det er inte trygt i det hela aa vara turist der, men visst faaan skal vi dit!!". Og saann holdt dei paa. Men det artigaste var naar dei begynte aa snakke om Norden og han eine la ut i det vide og det breide om kor grusomt Norge, og saerlig Oslo er. Det er fleire innvandrar og negrar enn kvite i Oslo, nesten alle driv med narkotika. Eller, i alle fall prostitusjon. Haha. So plutselig tenkte han eine seg om at kaaaanskje vi var fraa Norge? Joda, stemmer det! Rodde seg fint inn igjen daa vi sa vi ikkje var fraa Oslo. Men om eg ikkje tar heilt feil er det ganske mange svenskar i Oslo og? 😉 Jaja, aldri so noeye!
I Santa Clara fikk vi foele paa kroppen kordan det er aa vere kjendis. Vi mangla kun blitzregnet. I det vi gikk ut av busstasjonen HEIV folk seg over oss. Taxisjaafoerar og casa particulare- folk som ivra etter aa huke tak i oss. (Casa partikulare= saann overnatting der ein bur heime hos folk, som er det vanligaste paa Cuba). Vi fikk nesten hetta og berre forta oss vekk derifraa. Men ei
Bursdagskort
Skattejakt paa gang ;) dame ga oss ikkje opp, og det er vi veldig glade for. Ho heiter Elsa Marie og maa vere den flottaste dama vi nokon gong har moett. Vi vart med ho heim, fikk oss eit kjempekoselig rom i det koselige huset hennar og alt var berre velstand. Ho er altsaa saa hyggelig at vi nesten kunne blitt verande i Santa Clara kun for hinna del. Ei natt helder i den byen, men vi vart faktisk to netter fordi det var so koselig hos ho. Ho kan ikkje eit ord engelsk, men er kjempeflink til aa veive og styre og gjere seg forstaatt. Og superhjelpsom! Sukk, herlig dame.
Santa Clara er ikkje noko saerlig til by. Dei har ei slags minnestatue av Che Guevara og det er vel saann cirka det einaste dei har. Osso har dei jo Elsa Marie daa! Haha 😊
Etter to netter reiste vi vidare til ein plass som heiter Caibarien. Elsa Marie ordna oss baade taxi dit og plass aa bu hos Barbara (som viste seg aa vere ein mann!). Vi skulle egentlig ut til nokre oeyer der, men det viste seg aa bli knalldyrt pga null offentlig transport osv, so vi droppa det. Caibarien
foeltes som verdens ende. Ingen bussar, ingen taxiar, ingen turistar, ingen restaurantar. Det var egentlig ganske vanskelig aa finne ut av kva ein skulle gjere, naar vi ikkje kan spansk/ ingen kan engelsk, og det ikkje fans bussar og taxiar. Men snille Barbara ordna en kompis med en gammal Lada (med sprukken frontrute), som koeyrte oss til Santa Clara. Der moette vi faktisk Elsa Marie IGJEN! Ho skulle huke tak i nye, uskyldige turistar som kom med buss. Og sia vi likevel var der, so hjalp ho oss aa finne bussbilettar til Varadero og skreiv ned nokre billige hotell vi kunne oppsoeke der. Saa fikk vi to nye kyss kvar og enda fleire hadeklemmar. 😉
Vi hadde rett og slett faatt nok av det "ekte" Cuba, og fann ut vi skulle avslutte med etpar dagar i Varadero. Det er den store "turistplassen" paa Cuba. Med strand, hotell og turistar. Vi hadde nesten sett for oss noko saant som Mallorca eller Playa del Carmen, men det var laaangt fraa det. Vi miste ikkje Cubafoelelsen av aa vere der. Men det var jammen deilig aa kunne variere matinntaket litt, ikkje leite i timevis etter plass aa ete, nyte finevaeret paa stranda
osv. Vi likte Varadero og er veldig glade for at vi reiste dit! 😊
Idag tidlig kl.7.30 tok vi buss fraa Varadero til Havanna. Fraa busstasjonen til flyplassen tok vi taxi. Vi trudde virkelig vaar siste tid var koma. Eg sa til Arild at eg var glad i han, at eg har hatt to supre aar ilag med han,og han sa takk det samme og takka for en flott tur. Og det var ikkje paa tull also! GALEMATIAS!! Naar vi endelig stod trygt paa flyplassen sa Arild til sjaafoeren at han var en craaazy driver, daa berre flirte han godt! Vi trur kanskje han har en konkurranse med seg sjoelv, om aa slaa sine egne rekordar. For han saag stadig vekk paa klokka mens han koeyrte. Eg satt i baksetet utan sikkerhetsele, og med ei bildoer eg ikkje var trygg paa at fungerte heilt. Sjaafoeren koeyrte tydeligvis etter "tut og sats paa at det gaar bra"- prinsippet. Han la seg uti nye filer utan aa blinke, gassa paa og tuta om han saag at andre skulle skifte fil osv. I tillegg skreiv han litt sms og kommuniserte med taxikompis gjennom vinduet paa Arild si side. Og eg nemnte det
kanskje ikkje, men han koeyrte FORT. Nok om det. Vi lever enda, og det reknar vi med dokke alle sammen er veldig glade for. 😱
Vi kunne ha skrive so mykje mykje meir om Cuba. Vi har sett og opplevd so mykje rart, men eg veit berre ikkje kor eg skal begynne. Heile landet gjer meg ein foelelse av kordan Norge kan ha vore foer krigen. Saerlig i forhold til landbruket med hest og kjerre, og oksar som dreg plogen. "Stor"boendene ser ut til aa ha traktorar, men det er den typen traktor som er paa museum i Norge. Gamle, rustne saker.
To av taxiane vi har sete paa med har faatt motorstopp, der sjaafoeren maa under panseret og skru litt for aa faa i gang skuta.
Maten: ALT er servert med boenne og ris. Det einaste valget er kva type kjoett du vil ha.
Pengar: Der er to valutatypar. Ein for turistar og ein for lokale. Turistvalutaen tilsvarer 24x meir enn den lokale. Og vi maa betale alt med turistvalutaen. I alle fall i stroek der det fins turistar. I Caibarien kjoepte vi pizza med lokal valuta, det vart 5kr for to stk. Ellers har Cuba vore forholdsvis
dyrt, syns vi.
Ja, som dokke skjoennar: Rart og spennande land, som vi kunne ha babla om i ei evighet!!
No er vi klare for aa sjekke ut resten av Central-Amerika. Endelig skal backpacker-delen av turen begynne for fullt!! 2 mnd til vi skal fly igjen, digg!!
Men no skal eg ta aa runde av og proeve aa innfri loeftet mitt om bildekavalkade.
PS! Idag er det 1 mnd sia vi reiste fraa Eid!
Mvh Jorunn med trynet fullt av fregner
Advertisement
Tot: 0.136s; Tpl: 0.015s; cc: 12; qc: 57; dbt: 0.0711s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1;
; mem: 1.2mb
Maren
non-member comment
heia!
Fantastisk fine bilder da!! må seie eg digga den grønne bilen ,hehe :) Ser ut som dokke har opplevd mykje ja! God tur vidare! Kjekt å lese reisebreva dine!!