Viva la Revolution!!


Advertisement
Cuba's flag
Central America Caribbean » Cuba » Centro » Trinidad
January 22nd 2009
Published: January 22nd 2009
Edit Blog Post

Hola amigos!!!

Daa har vi forvilla oss inn i dette veldige merkelige Cubalandet. Vi veit egentlig ikkje heilt kva vi syns om Cuba enda. Synspunkta er veldig paa ytterpunkta, fraa heilt fantastisk til heilt forferdelig. Ingenting er midt paa tredet.

Eg maa foerst seie at vi akkurat no befinne oss paa den einaste internettkafeen (trur eg) i Trinidad. Og den er treig. Internettet paa Navelsaker i glanstida mi i 1998 var ei fryd i forhold. So eg maa berre skuffe dokke alle, superfans: Ingen bilder idag! Men naar vi kjeme tilbake til sivilisasjonen (also vekk fraa Cuba), skal vi ha eit bildeshow som ikkje liknar grisen! Dokke kjeme til aa maatte sette av dagen for aa komme gjennom alt 😉 So det er berre aa soeke om en flexidag om ei vekes tid.

Tilbake til Cuba.

Havanna. Hmmm.... What to say? Folka i Cuba (saerlig Havanna) er veldig ubehagelige. Dei forventar pengar for alt. Absolutt alt. I tillegg er dei veldig paatrengande og det foeles ikkje trygt aa gaa rundt etter at det er blitt moerkt i 18-tida. Hotellet vaart i Havanna var vi alt anna enn fornoegde med. Vi hadde ein sann pakkegreie (visum + to netter paa hotell + to timers guida tur) med Kilroy. Foersteinntrykket var bra. Resepsjon, lobby, heis og aleinerom foeltes som luksus etter to veker med hostell. Men fy soeren. Badet vaart stinka kloakk. So gale at Arild spraya seg med parfyme under nasa foer han skulle pusse tenna. Det var ei utrulig kvalm og ekkel lukt. Folka i resepsjonen var dei mist hjelpsomme folka eg nokon gong har vore ute for. Etter foerste natta vaakna eg opp med sinnsjukt mange stikk. Arild telte over 40 stk berre paa ryggen min. Vi skjoente ikkje kva det kom av. Men natta etter saag Arild plutselig mange ekle billelignande dyr i senga mi. Mysterium oppklart. Eg kloer fortsatt. Arild skulle ha seg en drink i baren. Han kom fort tilbake, for der var det intet mindre enn fire horer som tagg etter aa bli kjoept. Kjekt de. Som dokke skjoennar, vi skal ikkje tilbake til Lido Hotell.

Han guiden vi hadde var eigentleg veldig flink. Vi laerte masse, han kunne virkelig historia og vi fikk sjaa det meste som er aa sjaa av gamlebyen. MEN (ja, det er eit men her og!), han var ikkje noko saerlig han heller. VI lurte paa aa kjoepe saann pakkegreier med firmaet han jobba for. Saann at vi betalte for buss og hotell i 4 byar. Han var veldig interessert i aa selge det. Han var forresten interessert i aa selge alt mulig under sightseeinga og, trur han har 10 plassa han faar prosentar ved salg 😉 Saa vi skulle komme paa rommet han paa hotellet kl.14.30, daa skulle han ha klar informasjon om valgmuligheter, prisar, klokkeslett osv osv. Vi kom som avtalt. Han hadde INGENTING klart og saag i tillegg paa porno daa vi kom. Profft. Det vart ikkje noko handel, for aa seie de saann.

Men for aa komme med noko positivt om Havanna: Gamlebyen er nydelig!! Utrulig flott by, men kjempefin arkitektur og mange koselige smaa gater og torg. Vi saag masse fint, drakk mojito der Hemningway har drukke mojito (ilag med X andre turistar, hehe!) osv osv. Kjempetrivelig aa berre gaa og trakke i den delen av byen.

Men for aa vere heilt aerlig; Havanna er ikkje ein by eg har saerlig lyst tilbake til. Det var ein veldig god foelelse daa vi etter mykje styr (eg orkar ikkje ein gong aa forklare) satt paa bussen i retning Trinidad!! Foerst DAA fekk vi sjaa kor vakkert Cuba faktisk er. Nydelig natur heile vegen. Og Trinidad er eit kapittel for seg sjoel. Det er den vakraste byen eg nokon gong har sett. Virkelig heilt spesiell, med kolonialsk stil paa alle hus, ala brosteinsvegar, og mange snirklete gater. Vi har fortsatt ikkje klart aa lokalisere oss heilt paa kva som er opp og ned, fram og tilbake. Det blir mykje vasing also.
Her er ein plass som heiter "Plaza Romantica" og den plassen passar til navnet sitt. Det er to smaa slags kafear + ei lang og brei trapp. Der er det livemusikk kvar kveld. Alle (baade turistar og lokale) samlar seg der kvar dag. Folk dansar salsa, tar seg ei oel og berre hoeyrer paa musikk. Utrulig koselig!! 😊

Her i Trinidad bur vi heime hos ein familie. Dei har ei stort hus som er 4 meter under taket. Rommet vaart er kjempestort og vi har eit eget, fint bad. Litt merkelig opplegg, for vi bur hos eit par som er i 30-aara. Medan dei to ungane deira bur ilag med bestemora i nabohuset. Vi kan ete middag og frukost mot betaling) hos dei. Berre seier ifraa kva tid vi vil ete og kva vi vil ha. Heilt topp! Foerste kvelden aat vi middagen hos dei, og sa vi ville ha kylling. Valget er kylling, svin, hummer eller oksekjoett trur eg). Tilbehoer og tilbereding seier ein ikkje noko om. Men kyllingen var frosen, saa vi fikk hoene istaden. Som dei slakta til aere for oss. Vi fikk also ei halve hoene kvar, ris, ein djup tallerken kvar med boenner, ein middagstallerken med boenner, masse broed + smoer og ein tallerken med frukt. Mektig. I utgangspunktet eit veldig godt maaltid. I alle fall Arild sitt. Men hoena mi var desverre kun halvstiekt, so det taut blod ut av den. Uff. Det var veldig ekkelt altsaa. Dei saag det sjoelve daa eg begynte aa ete. Eg smilte fint og sa det gjorde iiiiiiiingen verdens ting (sjoelv om maten voks i munnen min og eg trudde eg skulle spy). Men dei vart jo heilt fortvila, stakk ein gaffel i hoena mi og tok den med paa kjokkenet. VI hoeyrte microen gikk for full guffe ei god stund. Det tok heldigvis veldig lang tid (cirka 20 min) foer den var ferdig, so daa kunne eg skylde paa at eg var blitt mett paa andre ting (noko eg ogsaa var). Eg veit eg er litt pinglete, men eg har ein stor fobi mot fjaerkre som ikkje er gjennomsteikt. So eg hadde aldri klart aa roere den hoena igjen. Flaks for kattane daa, dei syns nemlig den smakte fortreffelig! 😊
Frukosten dei lagar til oss er kjempegod, vi kjem til aa savne den. Kan ete so masse vi vil, seie ifraa om vi vil ha meir, masse godt broed og frukt, egg ++ Nydelig!!

Ellers kan eg nemne at vi aldri kjem til aa faa sansen for svarte boenner, sjoelv om vi gjer vaart beste for aa like det.

Ditte vart kanskje eit veldig negativt innlegg, men saann vart det berre. Det er ikkje so ille som det kan hoeyres ut som. Men som sagt: her er ingen mellomting. Idag skal vi vidare til ein by som heiter Santa Clara, og imorgon forhaapentligvis til ei oey som heiter Cayo Santa Maria. Vi gledar oss!! 😊

No maa eg springe, tida mi er ute. Unnskyld alle skrivefeila og det usammenhengande innlegget.

PS. Bursdagen til Arild var super!! Dokke faar som sagt bilder seinare.

Klem Jorunn

Advertisement



25th January 2009

Søndag kveld igjen
Heisann Her er det blitt en ny snørik søndagkveld, gutta har vore ute og leika og blitt fotografert av ho fotograf-naboen som har knipsa dei før. Har hatt ei rolig heimehelg, det er under 4 veker til termin, so dei heilt store aktivitetane begrenser seg sjølv. I morgon startar siste veke på jobb før permisjon og 9 månader fri. Det høyrest ut om om de har det bra, med unntak av litt traumatiske høne-episodar...? De får fortsette med å prøve å unngå salmonellasmitte og med å kose dåkke. Gledar meg til neste reisebrev og masse bilder frå Cuba. Klem!!!
25th January 2009

hei og hopp!
heisann:) ville berre informere om at eg e innpå og lese så ofte eg berre kan!! kjempe kjempekjekt å følge med på ka dokke styre med:) stooor klem til dokke begge:)
29th January 2009

Hei til dokke begge!! Kjekt at du foelge med Lisbet, men Haldis er myykje flinkare enn deg til aa vise at ho foelge med! Du kan ikkje la mamsen din slaa deg vel ;) Neida, du e flinke du ooog!! Sonja: Oj!! 4 veke?! Tida gaar fort! Er alt klart for at lisjetrulta kan melde sin ankomst no? Eg vil veldig gjerne ha magebilde no paa tampen! Og gleda meg selfoelgelig veldig til aa sjaa bilde av ho!! :) Vi har det supert, sjoelv om slike hoeneepisodar kan vere ganske ille. Eg trur ikkje du hadde likt blodig hoene saa godt du heller. Hehe. :) Hels fotomodellane dine!!
3rd February 2009

Heisann!
Kjekt å følge med på dåke her eg sitte i kalde Førde! :) Må ha litt avbrekk inn i mellom stell og kos av to småtroll... Hehe... Deilig å kunne drøyme seg vekk i bildene som ligg på bloggen her! :)

Tot: 0.054s; Tpl: 0.014s; cc: 11; qc: 25; dbt: 0.0313s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1mb