ohatlem
Odd Helge Joined: June 29th 2009
Logged in: November 21st 2009
Logged in: November 21st 2009
Travel Blog Posts
Heisann, på tide med eit nytt innlegg tenke eg :) Tida flyr og snart berre tre veke igjen her i Miami. Halloween er stort her i USA og i går tok det heilt av. Gjekk med mitt fantastiske kostyme ilag med mange andre frå skulen, ned gågata - Lincoln Road, her på Miami Beach. Det tok evigheiter! Tjukt i folk og mange utruleg morosame kostymer. Nesten alle hadde kostyme, vaksne, ungar og til og med hundane. Ein venn av meg frå Praha, hadde kanskje det beste og stal naturlegvis mesteparten av showet! Han var ikledd i eit tanga-liknande kostyme frå filmen Borat. I kostymebutikken kunne ein få kostyme frå nesten ingenting til over 200$. Så for å ikkje sløse vekk alt for mykje pengar på eit kostyme for ein dag, valte eg eit enkelt og billeg ... read more
Då e halve opphaldet mitt her i Miami snart over og 6 veke gjenstår! Tida har gått kjempefort og eg storkosa meg. Sola skine igjen og det er sett ny varmerekord her i Miami. Aldrig før, i alle fall på veldeg lenge, har det vore så varmt her på denne tida. Eg har fått med meg at julemarsipanen alt er komme i butikken der heime og eg har sjølvsagt fått med meg at Obama fekk Nobels fredspris i år. Eg støtta for så vidt tildels den kritikk det har fått òg. Sjå linken for kvifor: http://democraticwatchdog.blogspot.com/2009/10/letter-to-nobel-committee-on-absurdity.html Forgje søndag var alle vi norske på skulen invitert til student-lunch i den norske sjømannskyrkja. Så eg og 8 andre her i frå, tok ein taxi. Taxi-sjåføren hadde ikkje peiling på kor det var, men etter langt om lenge fant ... read more
Hei og hå :) Lenge sidan eg har skreve noko her no, men det er fordi det ikkje skjer så stort mykje her. I tillegg går det ikkje an å logge på sol-blogg lenger. Det er grunnen til at eg har starta ein blogg her no! Miami er ein forholdsvis ny by, så er ikkje så mykje historie om den. Det igjen gjer at det nesten ikkje er nokon museum eller andre sjåverdigheiter her. Så ein vanleg dag består for det meste av skule på morgonen og stranda om før- og ettermiddagen :) Så ganske mykje likt ein sydenferie, men eg er glad eg har skule òg, viss ikkje hadde det blitt litt for kjedeleg i lengda! Høyrde forresten at Miami er den 3. fattigaste byen i heile USA! Miami Beach spegla ikkje akkurat det! Her ... read more








