Heisann, på tide med eit nytt innlegg tenke eg :)
Tida flyr og snart berre tre veke igjen her i Miami.
Halloween er stort her i USA og i går tok det heilt av. Gjekk med mitt fantastiske kostyme ilag med mange andre frå skulen, ned gågata - Lincoln Road, her på Miami Beach. Det tok evigheiter! Tjukt i folk og mange utruleg morosame kostymer. Nesten alle hadde kostyme, vaksne, ungar og til og med hundane. Ein venn av meg frå Praha, hadde kanskje det beste og stal naturlegvis mesteparten av showet! Han var ikledd i eit tanga-liknande kostyme frå filmen Borat.
I kostymebutikken kunne ein få kostyme frå nesten ingenting til over 200$. Så for å ikkje sløse vekk alt for mykje pengar på eit kostyme for ein dag, valte eg eit enkelt og billeg kostyme. Eg var utkledd som ein ekte amerikansk Redneck, som eg trur eigentleg vi frå Europa synast var mest morsomt!
Tidlegare i veka fekk eg også prøvd meg på pumpkin carving. Det var ein konkurranse, så eg og ein annan fant ut at vi måtte lage noko vanskeleg. Det var ganske kjekt, men tok si tid. Trur vi brukte 2 timar på det. Vi
RedneckMeg og ein annan i kostyma vaara.
synast resultatet vart supert, men det haldt diverre berre til ein 3.plass.
Forgje helg var eg og 4 andre på amerikansk fotballkamp. Det hadde eg verkeleg sett fram til og ikkje utan grunn. Når vi kom til stadion, som låg eit stykke utanfor Miami, var det som å komme til eit stort barbeque-party. På hovudparkeringsplassen, var det stor plass bakom alle bilar til å sette opp partytelt og kva ein måtte ønske. Folk grilla og drakk, spelte musikk, hadde TV og stereo i bilane og spelte fotball ilag. Det heile for dei er ein stor fest, som starta klokka 12 om morgonen, som heile familien reise på. Utanfor stadion var det også fleire scener med live musikk, show og konkurransar. Etter å vandra rundt ein del, fann vi plassane vore og venta på at kampen skulle begynne.
Kampen var mellom Miami Dolphins mot New Orleans Saints, så det var eit skikkeleg lokaloppgjer. Så litt forbausande sat vi side ved side med mange Saints-fans, og slik var det rundt heile stadionen. Dette skjer knapt i Sogndal eingong der det kanskje er 2000 tilskodarar, mens her var det over 100 000! Men dette er visst heilt vanleg, og det er nesten
BoratMin kjaere venn i boratdrakt!
aldrig bråk blant supportarane!
Ein kamp har 60minutt speletid og består av 4 omgangar, men ein kamp tek faktisk neste 4 timar! Så etter vår smak, var det litt for lenge. Dei først 2timane gjekk superfort og var kjempekjekke, men dei 2 siste vart litt i meste laget. Problemet er at det stadig vekk er stopp i spelet. Ikkje berre på grunn av spelet sin gang, men også fordi amerikansk TV skal ha pausar på TV, har eg blitt fortalt! Difor stoppa dei kampen, for at den fortsatt skal vere live, etter reklamepausen på TV. Men det var absolutt verdt turen og ein artig opplevelse.
Dolphin tapte derimot som gjorde det litt kjedeleg. Spesielt etter at dei hadde leda 24-3, men i amerikansk fotball kan alt skje! Så like før slutt hadde Saints klart å snu kampen og vant 31-36. Dagen etter fekk eg høyre at Saints ikkje hadde tapt nokon kampar denne sesongen heller, så Dolphins hadde sjokkert og gjort det ganske bra i starten.
Elles på skulen denne veka har eg gått opp eit nivå. Så veka som var og dei neste 3, vil eg vere på nivå 6, pre-advanced. Etter ei veke på dette nivået, har
eg merka at det heilt klart ein del vanskelegare, men ikkje verre enn at eg kanskje burde gått opp til nivået tidlegare. Så det er berre bra for meg og kjekt å få nye klassekamerata.
Neste helg blir det kanskje omsider ein tur til Orlando og Disney World og kanskje til Florida sin største nasjonalpark - Everglades. Veka etter det står ein basketballkamp på programmet og kanskje ein tur til Kennedy Space Center. Så etter det er det ikkje mange dagane til eg sette meg på flyet til Guatemala.
Elles står alt bra til her. Eg er glad for å for ein gongs skyld å sleppe det sure og kalde husværet heime i Noreg, men eg trur det skal bli godt å komme seg heim igjen til slutt òg:)
Cheerleder showCheerleder show foer kampen byrja. Var litt skuffande, for eg hadde sett for meg at dei skulle staa oppaa kvarandre og slikt.
Field goalMiami Dolphins med eit field goal etter ein touch down
Holocaust MemorialBesoekte i forgje veke ein plass med klassen, som var til minne for alle joedane under 2.VK
3 Comments -
Add Public Comment or
Send Private Message
Eg er litt usikker på kass venna du eigentleg har fått deg der nede! Og du ser heilt ut som ein eg har sett i ein eller anna film ein gong! Skal ikkje du reise til new york? Og ta mange bilder i disney world!!:))
Add Comment
1 message(s) await review.
All Comments