Published: October 11th 2009North America » United States » Florida » Keys » Key LargoOctober 11th 2009
Då e halve opphaldet mitt her i Miami snart over og 6 veke gjenstår! Tida har gått kjempefort og eg storkosa meg. Sola skine igjen og det er sett ny varmerekord her i Miami. Aldrig før, i alle fall på veldeg lenge, har det vore så varmt her på denne tida.
Eg har fått med meg at julemarsipanen alt er komme i butikken der heime og eg har sjølvsagt fått med meg at Obama fekk Nobels fredspris i år. Eg støtta for så vidt tildels den kritikk det har fått òg.
Sjå linken for kvifor: http://democraticwatchdog.blogspot.com/2009/10/letter-to-nobel-committee-on-absurdity.html
Forgje søndag var alle vi norske på skulen invitert til student-lunch i den norske sjømannskyrkja. Så eg og 8 andre her i frå, tok ein taxi. Taxi-sjåføren hadde ikkje peiling på kor det var, men etter langt om lenge fant vi omsider fram - sjølv om det berre var flaks. For vi hadde køyrt langt forbi kyrkja, då nokon plutseleg såg eit norsk og amerikansk flagg bak oss. Problemet var vel kanskje at vi såg etter ei kyrkje, eller noko som i det minste likna, men kyrkja var berre tre trailer-brakke som var montert saman. Visst nok har dei lagt planane klare og skal


Miami Downtown
Tatt fraa bassenget paa fredag
snart til å byggje ei ny ei.
Over til lunchen, den var deileg! Vi fekk brunost, skikkeleg grovt brød og rundstykke, leverpostei, knekkebrød, vaflar og mjølkesjokolade :) Det var faktisk deileg med litt forandring frå amerikanske pannekakke, bacon, french toast og egg. Etter det hadde vi ein quiz, som gruppa mi sjølvsagt vann.
Lunchen var kjekk, men òg frykteleg pinleg. For ganske tidleg under lunchen, starta mange av dei å snakke om kor fulle dei hadde vore dagen før.. og der sat presten!
På mandag melde eg meg på eit dykkekurs for denne helga. Der fekk eg ei bok på godt og vel 250side, som måtte lesast og fullførast nokon oppgåve i på knappa 4daga. Så heile veka, som var, har eg brukt på å lese og jobbe med denne boka, men på fredagen(eller kanskje mest på laurdagen) starta morroa!
Klokka 9 om morgonen var vi i bassenget og starta å øve på basic-dykkeskills. Sjølv om det berre var i bassenget, var det ganske kult å ta først pustedraga under vatn! Vi var ei gruppe på fire, så det gjekk ganske radig unna. Etter lunch, var det briefing på teorien, før vi avslutta med ein eksamen. Hadde kvidd meg


Key Largo
Paa veg heim fraa Key Largo
litt til den, men det gjekk ganske bra og hadde berre ein feil :)
I går reiste vi til Key Largo, for å gjere våre to første dykk. Key Largo er på veg mot Key West og er 1,5 time i frå Miami. Dette området har Nord-Amerika sitt største koralrev. Det var første, og for så vidt alle dykka, var ekstremt kule! Det er nesten ubeskriveleg korleis det er å symje ilag med fiskane på botnen, i nærmast vektlaus tilstand.
Første dykk var på eit koralrev kalla «French Reef». Dykke var på 8,5 meter og varte i 39minutt, sjølv om det virka mykje kortare! Temperaturen i sjøen her er på 27-30*C, så vi dykka utan våtdrakt som gjer det er ekstra befriande. 2. dykk var på eit veldig gammalt skipsvrak kalla «Benwood». Det låg på 12meters djup og varte i 41minutt. Undervegs trente vi på alle øvingane vi hadde lært i bassenget. Sjølv om sikten var litt dårleg, såg vi utruleg mange forskjellege, fine fiska, i stima og for seg sjølv. I tillegg var skipsvraket ganske kult. Når vi kom opp igjen, sa ei som hadde snorkla at ho hadde sett 4 haia. Det var ganske bittert, fordi vi hadde


Dykkegjenen :)
Her er vi paa vei uti til vaart siste dykk. Buddyen min heilt til venstre. (Alle dykkera skal ha ein buddy naar dei dykke!)
ikkje sett nokon :/
I dag var siste dag på kurset og dykke gjorde vi her rett utanfor Miami Beach. Første dykket var på eit skipsvrak kalla «Belcen Burge». Dette var vårt djupaste dykk og var på 20meter. Det er det djupaste eg har lov til å dykke med dette kurset. Sidan trykket blir større jo lenger ned ein kjem, blir også lufta pressa meir saman jo lenger ned ein kjem. Difor brukar ein opp lufta mykje fortare når ein dykkar djupare. Dermed var dette vårt kortaste dykk, men varte likevel i 34minutt. Vi trente sjølvsagt igjen på nokon av øvingane og i tillegg granska vi vraket. Nok ein gong - det var utruleg kult! I dag var sikten også mykje betre, så vi såg mykje meir. 10 minutt etter vi var ferdig med dykket, kom det delfinar rundt båten. Det var flott å sjå, men utruleg kjipt at vi ikkje var i sjøen lenger.
Siste dykket var på ein plass kalla «Neptune Memorial», ein gravplass på sjøbotnen! Før vi hoppa uti såg vi ei skilpadde som sumde rundt, men vi såg diverre ingen mens vi dykka. Då vi kom ned såg vi derimot ein «ray», som vi sumde attmed.


Ray
Ein slik saag vi idag :)
Det er ein fisk som har vinge og er litt meir spesiell enn dei andre fiskane som er der. Gravplassen var også ganske spesiell. Dei har plassert ei svær løve der og i tillegg liggje det fleire skiste rund om der, som folk er gravlagt i.
Frå laurdags morgon til idag, har vi alle i gruppa hatt ein eksrtemt framgang på å symje "vektlaus" rundt på botnen. Vi merka alle at i dykking blir ein berre betre ved å dykke. Alt i alt har eg hatt ei fantastisk helg og eg er sugen på å dykke igjen :)
For å dykke heime må ein/burde ein dykke med tørrdrakt, på grunn av den herlege temperaturen. For å dykke med det, trengast det ekstra trening. Naturlegvis dykke ingen med det her, men eg var heldig og hadde ein svensk instruktør. Så han skal sjekke opp i om vi kan få tak i utstyr her, slik at eg kan ta det i eit vidaregåande kurs som dei tilbyr. Det hadde vore ekstremt artig, for er som sagt ganske sugen på å dykke igjen her i Miami.
Randi
non-member comment
Hei Odd Helge.Snakka med besta i dag, ho spurde etter deg, om me høyrde frå deg.Kanskje du skulle sendt ho eit kort, det trur eg ho hadde likt.Ellers går det bra, vi har eit kjempefint haustver her no. Klem frå mamma.
From Blog: Dykkelappen :)