Advertisement
Published: March 9th 2009
Edit Blog Post
San Jose
ekkelt ekkelt rom! Panama City speaking!!
😊
No har vi altsaa rota oss heilt ned til siste stopp i Mellom-Amerika. Nesten litt trist, men vi gledar oss veldig til aa ta fatt paa Soer-Amerika!
Fraa Nicaragua gikk altsaa ferda vidare til Costa Rica. Vi tok kyllingbuss fraa San Juan del Sur til Rivas, og vidare med ny kyllingbuss fraa Rivas til grensa mellom Nicaragua og Costa Rica. Og FOR ei grense!! Vi vart totalt forvirra paa heile greia. Grensa var laga til som ein slags labyrint, der det var veldig vanskelig aa forstaa kor ein skulle gaa. Men alt gikk bra, vi kom oss hit og dit og hit og dit, fikk stempel, veksla pengar og berre velstand. Traska oss vidare over grensa og trudde at alt var gjort. Men den gang ei! Tidenes lengste koe moette oss. Saa daa var det berre aa stille seg opp og tvinne tomlane. Koen gikk saaaaaaakte framover. Det maa ha vore det mest inneffektive systemet vi nokon sinne har vore vitne til. Vaktene gikk rundt og samla inn alle passa i ein pose. Saa forsvant dei med dei, medan vi vart staaande igjen ute og vente i enda ei lita evighet til. Til slutt
kom dei ut, og daa brukte dei ei ny evighet paa aa lese opp navn og dele ut passa. Vi kom oss i alle fall inn i Costa Rica! 😊 Fann oss ein buss som gikk til San Jose, hovudstaden i Costa Rica. Paa grunn av pauser og trafikkoe tok denne turen to timar lengre enn den skulle. Det vil seie at vi ikkje naadde buss vidare fraa San Jose. Ei lite oenska natt i hovudstaden maatte altsaa til. Vi var forberedt paa det og hadde sett oss ut eit hostell med rykte for aa vere ein bra og sosial plass, med basseng, filmar osv. Men taxisjaafoeren vaar hadde tydeligvis andre planar for oss. Til tross for aa ha lest advarslar om akkurat dette gjekk vi rett i fella. Eller, vi foelte nesten ikkje at vi hadde noko valg. Han ville ikkje koeyre oss til hostellet foer han hadde vist oss ein annan plass vi kunne bu. Dette var eit skikkelig hotell, som er myyyykje billigare enn hostellet vi ville paa. I tillegg ligg det rett ved busstasjonen. Yeah right. Greit, det laag rett attmed busstasjonen og det er jo vel og bra. MEEEN hotellet var ikkje saerlig fint, med
lugubre folk i resepsjonen, ei innsparka doer paa rommet osv. Rommet var dog stort med kjempegod seng. Paa hostellet skulle vi ha betalt 12$ per person. Paa dette hotellet var det kun 13$ til sammen. Vi gjentok spoersmaalet fleire gongar til taxisjaafoeren som prata engelsk (det gjorde ikkje hotellduden). "Thirteen?" "Yes, thirteen!" "Thirteen for both? "Yes, only thirteen for both. Much cheaper than hostel!" Vi viste med hender og fingar. 10 fingrar + 3 fingrar. "Thirteen right?" "Yes, thirteen dollars". OK. Vi skulle uansett berre sove der, og opp grytidlig. I tillegg var det 200m fraa bussen, saa vi slapp taxi morgonen etter. Og det er jo alltid bra aa spare 11$, sant?
Jada, jommen sa vi smoer! Taxisjaafoeren forsvant, vi stod igjen paa eit ekkelt hotell i ein skummel del av byen etter at det var blitt moerkt, og daa var det ikkje 13, men 30 dollar han skulle ha. ARGH!!!! Vi bladde opp, sidan vi foelte vi ikkje hadde noko valg der og daa. Men guri, kor irriterande aa betale 30$ for det rotteholet der!
Jaja, saann er livet.
Det skal ogsaa seiast at vi hadde ei av vaare verste netter der. Oppe paa veggen var det eit
vindu, saann at det kom lys inn og det foeles som folk kunne sitte der og sjaa. I tillegg var det ei rist oppe paa taket, der det OG foeltes som folk kunne sitte og sjaa paa oss. Vi saag begge skyggar der oppe heile natta. Om det var innbilning er ikkje godt aa vite. Vi var i alle fall veldig glade daa klokka var 5 og vi kunne staa opp. (PS. Rommet hadde jacuzzi daa!! Hahaha....)
Turen gikk vidare til Puerto Viejo de Talamanca, som ligg ved den karibiske kysten i Costa Rica. Tabbe. Daarlig vaer paa heile kysten paa den sida, saa vi skulle visst holdt oss ved Stillehavet. Men men!! Vi kosa oss no der likevel!!
Budde paa eit utrulig kult hostel, som heiter "Rockin J´s". 100% gjennomfoert plass. Alt var berre fascinerande aa sjaa pa der, med fliser i mosaikkmoenster, tegningar og skriblerier overalt. Dei har X antall hengekoeyer og telt som ein kan sove i + vanlige rom. I tillegg er der restaurant og bar. Veldig artig plass aa bu!
Vi sov der to netter. Andre kvelden hadde J (sjefen sjoelv) bursdag, saa daa var det storkalas. Det var blitt plukka sopp i store
mengder, noko ein fikk tilbudt kor ein enn snudde seg. Hasjlukta hang i lufta paa heile omraadet. Og ein fikk stadig vekk ein sneip oppi trynet, med eit sloevt blikk som sa: "Wanna have some?". Vi takka fint nei X antall gongar. Glad folk ikkje er like spandable med vanlig roeyk, daa hadde det nemlig vore veldig travelt aa vere ikkje-roeykar.
Vi hadde tenkt aa ta buss kl.6.30 morgonen etter, saa eg var fornuftig og la meg i vetig tid. Men sidan NOKON (eg vil ikkje henge ut nokon ved aa nevne navn, men det begynner paa A) fikk seg ein dram for mykje, gikk den planen i vasken. Daa NOKON aldri kom og la seg fann eg ut at det var best aa gaa og sjaa etter han (shit, der roepte eg at det er ein HAN). Og denne nokon laag daa og sov soett i ei hengekoeye. Det var temmelig vanskelig aa faa liv i han, men det gikk. Klokka 5.30 var det derimot klin umulig.
Vi var difor ikkje klare for aa ta buss vidare foer den som skulle gaa 09.30. Ja, riktig, den SKULLE gaa. Men den gikk ikkje. Noko vegarbeid eller noko saant. Saa ingen
Puerto Viejo Talamanca
Ein nesten tom 1,75l Flor de Caña. av bussane kom til aa gaa. Kaaanskje ein seinare paa ettermiddagen, men ingen visste. Det er veldig kjekt naar ein er ferdigpakka, har sjekka ut, gaar og dreg paa ein kar med heftig punsj-aande og det er vaaaarmt. Vi bestemte oss for aa ta taxi (40$) til grensa, og hooka opp med eit hyggelig par fraa Canada. Desse holdt vi ihop med over grensa, og tok ein ny taxi ilag med dei til neste destinasjon (ogsaa 40$). Dette var eit par rundt paa 50 aar, som skulle til Panama for aa sjekke seglbaaten sin (som den uansvarlige sonen paa 23 aar hadde forlatt paa ei oey, hehe!). Den andre taxituren insisterte dei paa aa spandere. Vi proevde aa protestere og gje dei 20$, men det var ikkje snakk om. Dei syns vi var saa kjekt reiseselskap pluss at eg hadde "beroliga" dei naar dei maatte betale noko styr paa grensa osv. Jaja, tenkte vi! Eg hadde allereide faatt buisnesskortet til han mannen og notert meg at han har sitt eige advokatfirma. Med det i bakhaudet i tillegg til den flotte seglbaaten han eig, saa skal eg ikkje paastaa at samvittigheta for aa faa paaspandert taxitur holdt oss vaakne akkurat.
For aa gjere ei lang og kjedelig historie litt kortare (men like kjedelig): Turen vidare var ikkje akkurat topp. Venting i fleire timar. Blabla. Microbuss uten fleire sitteplassar. Det var saa hoegt undertaket at eg akkurat kunne staa oppreist. Dokke kan sjoelv tenke dokke kor behagelig det var for Arild. Framme i David. Buss vidare til Panama City. Framme kl.2 om natta. Troette. Sov paa sofa paa hostell.
Og her er vi altsaa no. Meir om Panama City i neste reiseinnlegg. No er det Columbia next! 😊
Kort oppsummering av foerste halvdel av reisa vaar:
Vi har
...... vore i 10 land
....... funne to droemmeplassar
....... funne ut at New York er ein akkurat like kul by som vi trudde
...... laert oss litt spansk
....... sett mykje fattigdom, slum, forurensing, stygge og utrygge byar
...... moett veldig mange artige og rare folk
....... smakt mykje god og spennande mat
....... brukt altfor masse pengar
....... mist kun eit av fem bankkort
....... tilbragt X antall timar paa buss
....... storkosa oss!!!
Vi har ikkje
...... heimlengsel
...... saa mykje pengar paa konto for tida
...... vore paa MacDonalds, Burger King
eller KFC ein einaste gong
...... prata i telefon enda (med unntak av sperring av visakort)
...... blitt robba (til tross for at Arild trur det kvar gong han innbiller seg at noko er vekk)
...... opplevd ein einaste virkelig ubehagelig ting
Advertisement
Tot: 0.079s; Tpl: 0.018s; cc: 8; qc: 24; dbt: 0.0292s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1;
; mem: 1.1mb
Christine!!
non-member comment
Heiaa!
Dokke har bere den morsommaste bloggen ever. Eg ligge å humra å ler for meg sjøl mens eg lese. Å no e dokke over halvveis, og når dokke kjem heim er de snart sommar! JUHHU :) Det blir kjekt, både at dokke kjem heim å at de er sommar. Sprøtt alt dokke har og ikkje har. Eg lika i grunnen begge listene, for har ikkje tinga er jo ikkje noke ille liksom :) Men LITT heimlengsel har du vel? Vaffal viss eg seie at ikveld begynne den norske versjonen av Paradise Hotell og Ungkaren begyndte på torsdag? Knegg. Kos dokke i Columbia- begge to! Stooor klem! :)