Guatemala - Hogdepunkt paa hogdepunkt, og ferda er snart slutt..


Advertisement
Published: April 25th 2009
Edit Blog Post

Guatemala var neste punkt paa agendaen, og endeleg kunne eg krysse av det siste landet paa reiselista vaar/mi😊 Eg og mi nye reisevenninne (iallfall for ei stund) Ciara fraa Irland kryssa grensa i sus og dus ved hjelp av nye "chickenbusses". Me kom okk til Antigua utan aa vere innom Guatemala City, fryd og glede for det! Me traska rundt i byen, og drakk kaffi i litervis. Neste dag var den store handledagen for okk. Me tok ein heftig handlerunde paa det lokale markedet, og eg kan berre sei det slik: Sekken min er ikkje lett lenger.. 😞 Cici hadde jo vore saa snill aa ta med heim x-antal kg ting og tang, men no er den like tung igjen. Same kvelden resite me paa vulkantur med spansktalande guide. Eg skjona ikkje eit ord av ko han sa, men me kom okk no baade opp til vulkanen og nedatte i god behald. Me traska iallfall opp, opp, opp og opp i 1,5 time. Etterkvart vart det ganske daarleg sikt grunna alt det vulkanske stovet, men det er jo der den spansktalande guiden kjem inn i biletet😊 Han fann vegen med sto kurs med glodande lava i tankane. Etterkvart som me naerma okk byrja det aa bli veldig varmt, og ein spesiell dunst fraa vulkanen dirra i nesa. Paa toppen fekk me sjaa flytande lava, og den snille guiden okkaa hjalp okk med aa grille marshmallows mot jordas indre. Smaken vart no ikkje heilt som paa baal ell i omnen, men litt salt og andre mineraler sat berre ein spiss paa opplevinga.

Vidare bar det til Lago Atitlan, ein innsjo midt oppi Guatemalas hogland. Her stend den lokale mayakulturen spesielt sterkt, og her er det ikkje vanskeleg aa faa eit glimt av draktene damene nyttar. Dette gjev eit utruleg flott og fargerikt bybilete. Eg tok meg ein dagstur ut til ein landsby med baat. Her fann eg spanskkurset i mitt liv, og skal returnere her snarast etter at eg er ferdig paa Universitetet!😊 Desverre har eg det noko travelt, og maatte suse vidare paa mi ferd aleine sidan Ciara fraa Irland ville nyte utsikten til innsjoen nokre dagar til😊


Neste interessante stad eg reiste til er Zunil, ein ganske liten by med ei veldig fin kyrkje.. Heldigvis er ikkje dette alt byen har aa by paa. Ein gamal tradisjon fraa Mayafolket har blanda seg med spanjolane sin katolisisme, og det har blitt ein spesiell mix: San Simon. San Simon er ein slags helgen. I denne byen har han form som ei dokke, men det varierar fraa stad til stad. Helgenen i denne lille byen byttar bustad kvart aar, slik at fleire av innbyggjarane skal faa gleda av aa huse han. San Simon i Zunil kan fort forvekslast med ein cowboy; med kvit cowboyhatt paa hovudet, skjerf rundt halsen og bootsa paa snei, for ikkje aa gloyme pilotbrillar a la amerikansk politimann. Han sit paa ein stol som kan vippast tilbake naar han blir skjenka sine offergaaver. Typiske offergaaver er rom av beste slag, penger, blomar og sjolvsagt sigarettar som han roykar heile dagen. Etter at mayafolket har gjeve han sitt offer kviskrar dei sine draumar, onske og haap for framtida i oyra hans. Ei kaane eg trefte der sa at eg kunne onske meg nesten ko som helst, fx mykje pengar eller ein kjaeraste. Mange kjem ogsaa for aa be om god helse eller eit barn. Etterpaa at onsket er sagt fram for San Simon, tenner dei ljos for han, og resten er opp til han.

Etter nokre keisame dagar i ymse lokalbussar av ulik slag kom eg til Coban, som ikkje hadde alt for mykje aa by paa, utanom ein heilt fantastisk tur til Semuc Champey og omegn. Me reiste av garde tidleg om morgonen. Guidebussen var stappfull av hoglytte medpassasjerar som tala HOGLYDT paa hebraisk, rett og slett ein herleg start paa dagen! Men det er rart ko ein kan vende seg til. Resten av turen va ein sann draum! Forste stopp var eit system av naturlege vassfall og kjolige vannbasseng langt uti gokk😊 Bussen humpa i veg over lengre tid for aa kome dit, men det var jammen verdt det! Det var utruleg flott aa sjaa paa, og endaa betre aa plaske i. Me, dumme turistar, trudde bare me skulle ta nokre svommetak og saa reise vidare, men sa feil kan ein visst ta.. Guiden sa berre "Vamos", og byrja aa traske nedover vasssystemet. Ei god stund gjekk det smertefritt om det saa var noko glatt, men det varte ikkje lenge for me kom til eit "lite" hopp paa om lag 2 meter. Dette var jo sjavsagt ingen sak for guiden vaar som gjer dette kvar dag, men eg ska love dykk at eg maatte utfordre hogdeskrekken og manne meg opp ein del hakk for eg bokstaveleg tala hoppa i det! Det vart vel ein ekstra bonus (evt ikkje) at eg heldt paa aa miste bikinitoppen i spretthoppet.. Vidare bar det ned og ned og ned i vasssystemet (eg har ikkje noko betre ord for aa forklare det). Me maatte ogsaa ake okk ned ei vassskile av berg, rappelere omlag 10 - 15 meter utan sikring, samt ta feire hopp og sprett og tjo og hei for me var framme i det storste naturlege bassenget. Her trudde me vassturneen var slutt, men den gong ei. Herifraa maatte me kravle okk opp paa ein 11 meter hog stein og vidare inn og ned i ei grotte. For aa kome okk ut atte maatte me sjavsagt take same turen tilbake, og det medforte at den lisle, men harlegt sterke guiden okkaa, naermast lofta okk opp eit stykke for me maate prove aa dra okk opp og ut i frisk luft atte. All honnor til desse folka som loftar, dreg og hjelper turistar kavr einaste dag! Uansett, dette var ei overraskande men utruleg gama hending! Rett og slett nok eit hogdepunkt paa turen.

No gjenstaar berre mayaruinane i Tikal og evt noko solbading paa vestkysten, og saa pakkar eg snippsekken og reiser heimatte baklengs og delvis inni fuglekassa til Lauvdal City (via Guatemala City og Mexico City). Jippi ja ja jippi jippi ja! Eg har hatt ein utruleg bra tur, men det er jo allstott godt aa kome heimte. Home, sweet home!😊


Advertisement



28th April 2009

Jippi ja ja jippi jippi jaa!! ;) Glede mæ sånn te du kjæme heim at æ nesten får tårer i øyane! Gode Bjørgis, nå nærmer det sæ! =)
30th April 2009

Kjære som eg misunner deg venne!
Er på old folks om dagen og flyttesjau til 12 om kvellan, men no er mi snart i hakk og du er herved invitera på innflyttingsfest:)dato er uvissta ennå. Gleder meg iallefall himla himla ti du kjem heimte=)KLEM
4th May 2009

Hallos!
No kan mi snart puste letta ut både på Hovet og på Lauvdal. Velkomen heim skal du også vere. Ikkje sikker du les dette før du sit trygt heime på Lauvdal uten svineinfluensa. Skal bli gama å treffe deg!

Tot: 0.038s; Tpl: 0.009s; cc: 7; qc: 24; dbt: 0.0207s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1mb