El Salvador - "Mucho problemo"?


Advertisement
Published: April 15th 2009
Edit Blog Post

Livet er herleg!Livet er herleg!Livet er herleg!

Avslapping paa hogt plan i ei hengekoye:)
Mange eg treffte paa min veg aatvara meg mot aa reise til El Salvador, landet som i mange aar var herja av borgarkrig og anna korrupsjon. Men eg tregar ikkje eit sekund paa at eg tok turen hit likevel. Der er riktignok mange byar med ulumske og til dels farlege nabolag, men dei lyt ein berre prove aa halde seg unna..

No hadde det seg likevel slik at eg maatte innom eit slikt nabolag eit dogn, berre for aa ha ein plass aa sove til neste dag. Eg maatte ein tur i minibanken for aa overtrekke kredittkortet, og traska rundt i eit heller lugubert strok paa leiting. Eg spurte den einaste mannen i omraadet som saag nokonlunde hyggeleg ut om vegen. Han berre saag paa meg, og sa noko paa spansk som eg tolka til at eg maatte hoppe inn i bilen hans fortare enn svint, ogsaa ville han koyre meg. Mamma, ikkje faa daanedippen no, men eg hoppa inn i bilen og ante fred og ingen fare. Den gamle, hyggelege mannen tala i veg paa spansk og eg skjona nokre faa ord, som fx "San Miguel (den skumle byen) mucho problemo" osb. Han sa ogsaa "no problemo", og peika
VegarbeidVegarbeidVegarbeid

Ein jobbar, og femten stend og ser paa.
paa seg sjolv. Mannen koyrde rundt i byen og blei saa ivrig i einetalen med seg sjolv at eit trafikkuhell var naere paa opp til fleire gonger, medan han snirkla seg rundt i gatene. Etterkvart foltes det som om me koyrde i sirkel, men plutseleg saag eg minibanken som tek utanlandske kort, og hoppa i taket! Eg sikra meg nokre edle dollar, og den snille gamle mannen koyrde meg heimte til hotellet😊

Slik er dei fleste folka fraa El Salvador som eg treff paa min veg. Dei er stort sett hyggelege og hjelpsame. Eg trur dei ler litt av meg fordi eg reiser aaleine jente som ikkje talar spansk, men ko gjer vel det naar det meste ordner seg til slutt. Nokre ganske faa talar engelsk, og dei har ein tendens til aa fortelje halve livshistoria si til meg. Ein kar demonstrera til og med at han kunne tale engelsk med baade amerikansk OG britisk aksent, men eg kan ikkje sei eg hoyrde den store forskjellen😊 Dei lokale peikar ut retningar og hostell i vildensky og forklarar gjerne vegen med fx to gater aust for kyrkja, og det er ikkje saa lett naar eg ikkje har peiling paa retningar, men me finn som regel fram til slutt.

Det vert visst mange busshistoriar, men det er stort sett det eg har gjort til no, saa her kjem noko meir busstoff😊 Bussane her i El Salvador er gamle, pensjonerte amerikanske skulebussar. Dei braakar, stinkar (det er jo ikkje saa rart naar du kan ha med deg to gjess om du vil) og brukar utruleg lang tid paa aa kome seg fram! Dei er ogsaa omlakkera i allverdens fargekombinasjonar og med destinasjonane maala paa i spraybokstaggestil. Innvendig er det endaa meir fri fantasi ute aa gjeng. Det ser ut som sjaaforen har fri tilgong til aa dekorere bussen som han vil😊 Eg har sett bade bilete av ungane, kaana, jomfru Maria, Jesus paa korset, samt figurar av ulik slag: cowboyhattar i skinn, plastkors, bamsar, terningar, wonderbaum osb. Den mest kreative dekorasjonen til no er ein buss der heile taket var dekka av brennecdar i ulike fargar. Jammen godt me har ulik interiorsmak!

Etter mange timar i buss har eg god tid til aa studere folk, og eg har lagt merke til at det er mange ekle, og lange negler ute aa gjeng, skrekk og gru! Eg har mang ei gong vore paa nippet til aa ta paa meg plasthanskar og gaa ei runde med negleklypparen min!😊

No har eg endeleg kome meg fram til ein veldig koseleg by, Juayua, ikkje saa langt fraa Guatemala som er neste stopp paa reiseruta mi. Her raader det fred og ingen fare saa langt. Planen er aa reise til ein fosefall og aa ta ein kikk paa kaffiplantasjar. Elles er det jo veldig viktig aa slappe av aa ikkje stresse seg opp, ikkje sant Cici? 😉

Takk for mail og kommentarar paa bloggen! Det er veldig gama aa hoyre fraa dykk! 😊 Bilete skal eg faa lagt ut saa fort som mogleg!!

Advertisement



21st April 2009

Nå var det fler enn tante som var nær dånedippen, gitt! Du var veldig heldig Bjørgis, men IKKJE utsett deg for slikt igjen, ok? Sender ei takk til den snille gamle mannen.. :) Kan ikkje få sagt det nok; vær forsiktig - og kom deg trygt heim!
22nd April 2009

Takk gud for at denne karen ikke var så gal som han kunne ha vært!
25th April 2009

El Salvador -"mucho problemo"?
Hjertestans såvidt avverget.

Tot: 0.155s; Tpl: 0.011s; cc: 9; qc: 56; dbt: 0.0624s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb