Noko i beit for overnatting kom me til Hong Kong, seint paa kvelden Christmas Eve. Lure som me var hadde me ikkje booka hostell, saa me ente opp paa eit tikvadratmeter stort kott. Om storleiken var helst liten, saa hadde rommet alle andre fasilitetar, i folge eigaren (eller fetteren til onkelens bror). Rommets luksusfaktorar: To senger, nattbord med skuff(inkludert lugubre blad), TV, telefon (gratis aa ringe innanlands, saa dette fekk me benytta okk godt av:) ), aircondition OG vifte og eige bad. Badet gav okk direkte danskebaatkjensle og det var saa stort at me lett kunne gaa paa do, dusje og pusse tenner samtidig. Hong Kong var egentleg bare ein stor shoppingby, saa for okk som gjeng paa konstant budsjett, blei det bare vindushopping og ein tur i cable car der me fekk sjaa utsikt over
... read more