I Voi


Advertisement
Kenya's flag
Africa » Kenya » Coast Province » Taveta
July 5th 2009
Published: July 5th 2009
Edit Blog Post

Daa er teamet og eg kome til Voi. Og det er fine greier! Det er her eg kjenner meg heime. Ting gaar sakte, jorda er roed, maten enklare og stemninga fredeleg. Her treng ein ikkje ha ei hand paa taska, ei heller kaste blikk over skuldera med jamne mellomrom. Vi er innkverterte paa Scripture Mission, ein tidlegare misjonsstasjon. Og som paa dei fleste tidlegare misjonsstasjonane er denne pryda med bilete av kvardagsnoreg, straalande sol, nydelege fjordar, snoe dekka fjell og romantiske fiskevaer. Det slaa sjeldan feil det der.

I gaar bistod vi dei frivillige her i Voi i gjennomfoeringa av ei mixtrunering. Innsatsen til Fred og Evans er enorm, og det same er entusiasmen og omsorgen dei visar for borna dei jobbar med. I turneringa vart fremjing av kvinner si deltaking i idrett vektlagt, samt at alle skulle faa vaere med sett i sentrum. Turneringa skulle byrje 0900, oppmoetet var sett til 0800. 0830 byrja eg aa merkje opp banen for hand. Ein pose krit, krokrygg og smaa nevar med kritt dryssa langs linjene. Vi venta og paa maala som skulle lagast for annledninga. Turneringa starta kvart over ti, trass i at alle laga ikkje var kome. Saa fort kampane var sette i gang floeyt det meste fint, trass i at maala ikkje var komene. Desse kom til kvartfinalen, som byrja omlag kl 14. Det viste seg at dei som skulle lage maala var moebelsnekkarar og vane med aa forhalde seg til maaleeininga fot, noko som resulterte i at maala som skulle maale 2*3 meter vart relativt smaa. Bra, veldig bra. Enden paa visa var at alt materiale vart frakta opp til banen og maala snikra der.

God stemning, fint vaer og glade born gjorde at turneringa vart ein stor suksess. Utdeling av preimar, talar og informasjon om krik oppsummerte dagen, og alle gjen noegde heim. Kontrastane til fjoraarets tur til Mbulu kunne knapt ha vore stoerre. I Voi brenn folk for CHRSIC ideen og vil noko med den. Ting er i orden, systema fungerar og folka her jobbar maalretta. Vi faar kvitteringar paa alt, og planlegg det meste. I Voi stemmer opplysningane vi faar med det vi ser, og utfordringar eller problem blir ikkje gjoeymde eller bagatelliserte. I det heile er det veldig inspirerande aa sjaa korleis frivillig arbied faar ein h eilt ny dimmensjon!

I dag er det soenda og fridag. Ettermiddagen er sett av til fjelltur. Saa faar vi sjaa om vi orkar. Seinare i veka er det seminar. Det vert spannande.

Jaja, det faar vaere noko for denne gong. No maa eg kome meg til ein barberar.

Advertisement



Tot: 0.142s; Tpl: 0.009s; cc: 10; qc: 49; dbt: 0.0901s; 1; m:domysql w:travelblog (10.17.0.13); sld: 1; ; mem: 1.1mb