Hei og haa!
Tenkte det var paa tide aa legge ut nytt blogg-innlegg trass i at det slett ikkje har skjedd noko spesielt i det siste. Men veit at iallfall familien min byrjar aa lure naar det ikkje kjem nye blogg-innlegg, saa eg faar vel heller berre pröve aa finne paa noko aa skrive :)
Siste blogg-innlegg blei riktignok lagt ut i Antigua, men var skrive halvveis ut i opphaldet mitt i Miami. Enn saa lenge var ting bra, men SAA rasa idyllen. Eg og Odd Helge reiste til ein outlet-mall, og allerede i byrjinga merka eg at eg ikkje var heilt 100%, men tenkte at det sikkert berre var noko lite, Odd Helge hadde ogsaa hatt hovudverk og litt hoste. Men til slutt var eg saa daarleg at eg maatte setje meg ned, i ein OUTLET-MALL! Treng ikkje kjenne meg spesielt godt for aa skjönne at daa er noko verkeleg gale.. Saa i bussen heim blei eg saa kvalm at eg brukte heile bussturen heim paa aa finne posisjonar aa sitte i som gjorde at eg klarte aa la vere aa spy. Trudde kanskje at eg berre var bilsjuk, men naar eg omsider kom heim (utan uhell i bussen heldigvis!) fekk eg paa null tid kjempemykje feber. Laag langflat i senga 2 dagar, utan aa bevege meg pga leddsmerter og utan aa ete noko ettersom eg var saa kvalm. Hiemreisa nerma seg skummelt fort, og eg byrja aa lure paa om eg maatte utsette den. Men heldigvis kom eg meg gjennom natta för, og meir eller mindre gjennom reisa. Var utruleg godt aa komme heim til San Juan, utruleg at 3 maanader kan faa meg till aa föle meg 100% heime her. Den höge feberen kom heldigvis aldri tilbake, men etter 1 veke heime hostar eg framleis som ein storröykar. Snakka med Mamma som fortalte meg at svineinfluensaen blomar i Finland, og at alle symptoma mine viste teikn til svineinfluensa. Fekk saa seinare höyre av ein venn at Miami er ein av plassane i USA med mest svineinfluensa. Om det siste er sant veit eg ikkje, men fekk meg iallfall til aa vere ganske sikker paa at eg ha hatt den omtalte grisesjuka. Ettersom eg var paa betringens veg naar eg kom hit gjekk eg berre til eit apotek og fekk penicilin (som han forövrig forklarte at var smertestillande), og gjekk aldri og testa meg for kva influensa det var. Snakka seinare med mor mi her om det, og sa at det kanskje var svineinfluensa. Og daa sa ho först "Nei, det trur eg ikkje, for dei fleste faar magetröbbel, og det har jo ikkje du?". Og saa fortalte eg ho at det einaste eg klarte aa faa ned i Miami fordi eg var saa kvalm, kom rett opp igjen. Saa sa ho nok ein gang beroligande "Nei, men det er nok ikkje svineinfluensaen, dei som har det faar horrible smerter i ledda." Nikka berre og smilte, og fortalte ho ikkje at eg i Miami knapt gjekk opp av senga for aa gaa paa do, fordi heile kroppen min var i ekstrem smerte....
Ellers saa skulle eg eigentleg byrje aa jobbe paa sjukehuset sist mandag, rett etter Miami, men for aa jobbe der maa ein vere 100% frisk pga mange av dei innlagte knapt har immunforsvar. Saa i byrjinga kunne eg klart ikkje jobbe, og no föler eg meg bra, men har framleis hoste, og har ein anelse at dei nok ikkje lar meg jobbe der daa. Men eg nyter MAX aa ha ferie, trass i at ikkje gjer noko spesielt. Etter 4 veker spansk og 2 maanader med jobbing paa skulen er det godt aa kunne gjere kva ein vil, gaa ut kva dag som passar, og sove lenge om ein vil det. Denne friheita har fört til at eg har gaatt ut ALT for mykje, og dermed blir eg vel heller ikkje frisk med det förste. Men er jo berre hoste. Förste dagen eg var tilbake var dessutan ein gjeng jenter fraa klassen min i Bergen i Antigua, og daa hadde eg jo ikkje noko valg, maatte jo berre gaa ut med dei. Og etter det har det berre hopa seg opp meg gode tilbud, og ettersom eg uansett har tatt meg fri saa er det vanskeleg aa sei nei. Spesielt her kor spanderings-kulturen er paa höggang. Ikkje bere folk fraa Guatemala men ogsaa vennar fraa Europa. Slett ikkje sjelden ein faar spörsmaalet om ein vil ha noko aa drikke, og saa gaar dei til baren for ein. Men ofte blir det slik i ein gruppe at det alltid er nokon som gaar bort, og alt i alt paa slutten av kvelden har alle betalt det samme, for til slutt gaar ein jo sjölv bort og spanderar paa heile vennegjengen ettersom ein nettopp har faatt servert drinkar heile kvelden utan aa betale noko.
Ein anna ting eg maa sei eg likar SAA mykje betre i omtrent alle andre kulturar enn Noreg (iallfall der eg er fraa), er kysse-paa-kinnet-naar-ein-helsar fenomenet. Til og med naar ein möter personar ein bere har introdusert seg til ein gang, helsar dei alltid med eit kyss paa kinnet, og samme naar det er tid for aa ta kvelden. Dette er eg jo vant til i Finland, men kan ärlig innrömme at ein skal leite lenge i Noreg for denne typen skikk.
Ellers nyter eg ikkje berre aa ha fri, men aa stadig möte nye mennesker. Dette er spesielt nattlivet bra for, alle backpackers er ute om natta og ein möter alltid nokon nye. Dessuten kjenner eg no folk som bur paa ulike hostel/studenthus og dei har alltid med seg nokon nye, saa det er alltid nye folk aa bli kjent med. Som sagt i eit anna blogg-innlegg er det trist naar stortsett alle ein möter er folk ein aldri kjem til aa sjaa igjen naar dei eller du reiser fraa Guatemala, men det er absolutt verdt det! Skulle önske eg berre reiste resten av livet mitt. Minn meg paa kvifor eg studerar medisin igjen..?
Ellers saa byrjar eg aa jobbe saa fort eg sluttar aa hoste, reknar med det blir i löpet av denne veka eller i byrjinga av neste. Saa er planen aa reise til Monterico paa Guatemalske stillehavskysten, berre for aa nyte stranda der og sjaa ein del av Guatemala eg ikkje har sett. Men har berre saa vidt snakka om det med nokre venner, saa faar sjaa naar og om det blir. Er slett ikkje lang eller dyrt saa reknar med det skjer neste helg eller helga etterpaa der igjen. Saa kjem Pappa om berre 3 veker og litt til, alt eg tenker paa om dagane! Vi tar ein svipptur til Copan, Honduras og saa reknar eg med aa berre vise Pappa Antigua, San Juan og prosjekta mine. Naar Pappa reiser er det bere ca 1 veke (med bursdagen min inni!) og saa kjem Odd Helge. Planen vaar eg aa ta turen opp i Nord-Guatemala, segle til Belize (med organisert tur, vi kan jo ikkje segle), og saa komme oss til Cancun, Mexico for aa ta fly til Cuba, Jamaica og saa til slutt heim.
Tida flyr naar ein har det göy, desverre..
Having the time of my life! :)
Puss o kram!