Hei og haa! No er det nok ein gang veldig lenge sidan eg har skrive men har liksom ikkje skjedd saa veldig mykje i det siste. For aa sei det slik, livet i Antigua er ikkje akkurat fylt meg fart og spenning, men saa er det akkurat det eg lika med livet mitt her :)
No har eg omsider byrja paa den nye jobben min. Etter 1 veke i Miami tok eg meg 2 veker fri ettersom eg framleis hosta og har faatt beskjed om at ein ikkje kan gaa paa jobb om ein er sjuk. Barna faar lett lungebetennelse av berre ein liten forkjölelse, og lungebetennelse kan igjen fort före til död. MEN eg skal ikkje klage, 3 veker fri var slett ikkje dumt. Hadde store planar om aa bruke denne tida til turist-ting, ettersom eg har vore 4 mnd her og ikkje gjort spesielt mykje av den slags. Men fann fort ut at det faktisk ikkje er saa mykje must-do for turistar her, og dei faa ting som finst har eg faktisk allerede gjort. Saa eg endte berre opp med aa ta livet med ro og sjekke ut nattlivet kanskje ein eller to gongar for mykje..
Men
no har eg snart jobba i to veker og likar meg kjempegodt! Har skrive litt om det för, men jobben min er paa ein pleieheim i avdelinga for utviklingshemma barn. Der er fast annsatte sjukepleiarar som steller barna fysisk, dvs skiftar paa dei, matar dei osv. Der er ogsaa fast annsatt vaskepersonell. Saa vaar jobb gaar kun ut paa aa stimulere barna, dvs leike med dei, snakke med dei, synge, ha med musikk eller rett og slett berre sitte med dei paa fanget sitt. Dei aller fleste barna er forlatt av familien enten paa sjukehuset, eller saa har dei bere lagt igjen barnet ein eller annan plass. Har bl.a. ein jente som blei funnen paa söppeldynga i Gua City. Andre barn er sendt til oss gjennom legar eller rettssystemet. Saa alt i alt betyr dette at dei fleste barna ikkje har nokon familie, og dermed bur aaret rundt paa pleieheimen. Nokre barn er heldige og har familie som besöker dei ein sjelden gang, mens andre faar reise heim over jul. Det er meininga at alle barn som har moglegheit skal heim over 6 veker rundt jul, men sjölv dei som har familie blir ikkje alltid henta rundt denne tida. Dei
fleste nok pga ökonomi, 1 veke med barnet heime vil koste dei ca 1 maanadslönn, og daa seier det seg sjölv at det fort kan bli problematisk. Saa desverre maa eg innrömme at eg skjönar at familiane har fraagjeve seg alt ansvar for barna sine, trass i at det er ein trist realitet.
Det som er litt kjedelig paa jobben min er at dei har eit svärt daarleg system for dei frivillige. Ingen gjer deg i utgangspunktet beskjed kvifor du er der, ingen legger merke til om du kjem eller ikkje og sjukepleiarane verkar alt anna enn interesserte i oss. Fekk fort inntrykket av at sjukepleiarane kun ser paa sin jobb som viktig, og at vi berre er i veien for dei. Trur ikkje dei skjönar kor viktig det er for barna med stimuleringa dei faar kun gjennom oss. Snakka med ein lege som har jobba frivillig der i 8 aar, superkul dame, og ho fortalte at av og til er det ingen frivillige der, og daa sitter barna i rullestolane sine eller ligg i sengane sine heile dögnet. Er nokre av barna som klarar fint aa aktivisere seg sjölv saa lenge nokon tek dei ut av rullestolen og berre held eit auge med kva dei gjer, saa eg spurte ho dama om desse barna iallfall fekk leike, og ho sa at ogsaa desse sitter fastspente i rullestolen eller senga si heile dagen. Saa trass i at sjukepleiarane ikkje akkurat gjer inntrykk av at vi er viktige der, har eg no skjönt kor viktige vi faktisk er. Ikkje berre fordi eg er blitt fortalt det, men du ser paa barna korleis dei lyser opp kvar gang vi kjem mot dei, om vi saa berre smiler til dei eller seier hei. Dette er absolutt den mest givande jobben eg nokon gang har hatt, trass i at det sikkert er den vanskeligaste. Mange av barna viser ingen emosjonar og det blir fort vanskeleg aa vete kva ein skal gjere med dei, spesielt i byrjinga. Men no har eg blitt saa vant til aa snakke med dei og leike med dei utan aa faa nokon respons at no er det berre göy. Skal ikkje nekte for at dei fleste fort blir dratt til dei meir aktive barna, men ogsaa desse kan bli vanskelege i lengda ettersom dei seier ifraa (a.k.a. skriker) rimelig fort naar du forlet dei til fordel for eit anna barn.
Men alt i alt, eg elskar jobben min! Likte meg SAA godt paa skulen, men angrar absolutt ikkje paa at eg bytta :)
Ellers saa har det ikkje skjedd mykje anna i det siste enn at eg tok meg ein svipptur til Monterrico, lita plass paa guatemalske stillehavskysten. Budde paa eit kjempebillig hotell, noko som i utgangspunktet ikkje var noko problem heilt til eg kom heim med baade urinveisinfeksjon og öyrebetennelse etter aa ha brukt 3 dagar i eit rimelig skittent badebasseng. Saag fraa byrjinga av at det var ganske skittent (ikkje brunt liksom, berre ikkje saa gjennomsiktig vatn som det burde vere) men tenkte at det sikkert ikkje gjorde noko. Allerede mandagen (kom heim söndagen) fölte eg meg uvel og no er eg paa nok ein penicilinkur for denne härligheita! Men Monterrico var kjempedeilig. Er ein liten plass med nokre faa hotell og restaurantar/barar med hovudattraksjonen stranda. Stranda er svart, som mange andre plassar paa denne kysta, og det er ikkje akkurat min favoritt. Du er dekka med svart sand heile dagen, og pga heftige bölger kan du ikkje ein gang skylle deg i sjöen. Saa vi endte opp med aa bruke meir tid ved det härlige badebassenget stadenfor. Monterrico er kjent plass for havsskildpadder aa legge egg saa förste dagen gjekk vi paa ein arrangert tur langs stranda for aa sjaa desse. Gjekk i 2 timar i mörket med ein guide som kvart 5 minutt saa vidt lyste opp lommelykta si, saa vi saag sjölvsagt ingen. Stjernehimmelen var derimot nydeleg, saa det var jo likevel ein fin tur paa stranda. Hadde kanskje berre ikkje gaatt i 2 timar om det var kun for aa sjaa paa stjernene.. Naar eg kom heim la eg likevel merke til at eg omtrent ikkje hadde nokon bilder fraa denne plassen. Naar alt som er der er ein ikkje spesielt fin svart strand og eit faatal restaurantar og hotell so fann eg rett og slett ikkje noko aa ta bilete av. Saa det einaste biletet eg legger ut her er kun av meg :D Men sjölv om plassen ikkje var saa spennande var det framleis kjempedeilig aa berre slappe heilt av i 3 dagar og bli brun, har faatt SAA mange kompliment for brunfargen min etterpaa, slett ikkje dumt :)
Ellers saa kjem Pappa om kun 1 veke og 2 dagar, har allerede gleda meg i 1 maanad, saa no er eg heilt i ekstase! Hadde ogsaa besök av nok nokre folk fraa klassen min i Bergen, mötte dei desverre kun ein dag men var kjempekjekt aa sjaa dei (tusen, tusen takk for besök!!). 1 dag för Pappa kjem kjem dessutan Solveig (ogsaa fraa klassen min), gledar meg SAA mykje til aa sjaa ho :)
Tida flyr nok ein gang, vil helst bli her resten av livet mitt men maa vel snart komme tilbake til dystre Bergen og studere igjen, korleis skal det gaa?
Trass i diverse infeksjonar saa gaar det framleis veldig bra :)
STOR klem til alle!
2 Comments -
Add Public Comment or
Send Private Message
Din Momi har ju inte så många järn i elden som du så jag
har efter många dagars letande i din blogg hittat fantastiska rader igen.
Tack att du är där och hjälper . Du ser andra sidor av vår värld än jag
endast har aningar om. Beundrar dig otroligt. Du är fin Lina. KRAM
från en rörd stolt mormor.
-det virker så kjekt å spennandes. Og du var vertfall brun på første bildet ditt!!
Add Comment
All Comments